Gå til innhald

Statistikarane og meg.

mars 19, 2010

Dei fleste av oss oppfattar vel våre eigne liv som nokså normale. Det er jo vårt eige liv me kjenner sånn nokonlunde frå innsida. Derfor blir våre eigne tankar, vurderingar og gjeremål dei mest naturlege og rasjonelle, sett frå vår eigen ståstad i den store samanhangen. Men av og til begynnar eg å lura. Er eg heilt normal, slik eg likar å tru, eller er eg eit vandrande unntak frå det meste?

Eg veit at eg har litt vanskeleg for ordet nei. Det finst ikkje noko unormalt i det heller, me er nok ganske mange ja-menneske i verda. Dette å vera positiv til det meste fører til mykje bra, men kan og gjera at ein havnar i litt kinkige situasjonar. Mellom anna har eg rota meg borti eit forhold til Statistisk sentralbyrå, som omtrent skaffar meg grå hår.

For eit par år sidan, akkurat på denne tida, sånn eit par veker før påske, fekk eg ein telefon medan eg stod og fylde ei handlevogn på Kiwi. Dei ville spørja meg om å vera med på ei undersøkjing. Det passa litt dårleg der og då, men då eg fekk høyra at det handla om påske, sa eg ja til å bli oppringd litt seinare på kvelden. Påske har eg nemleg eit ganske sterkt forhold til, og eg ville gjerne vera med i statistikken om kva folk føler for påskehøgtida. I hovudet mitt tenkte eg gjennom mitt forhold til liv og død, gråtande kvinner, og den eine og den andre forsoningslæra. Eg kjende meg eigentleg litt snytt då eg skjøna at intervjuet dreia seg om når på året eg ville begynna å eta påskemarsipan, om eg foretrakk påskeegg frå Nidar eller andre leverandørar, og om eg hadde marsipan i ryggsekken når eg var på påskeskitur…

Trass i denne nedturen, der eg ikkje hadde stort å bidra med, fordi eg stort sett ikkje et marsipan i det heile tatt, lot eg meg overtala til å vera med på ei større statistisk undersøking. Dei fortalde kor mykje det hadde å seia for det aller meste som skjer i landet å ha gode statistikkar å spørja til råds, og at det var ein slags nasjonal dugnad å gjera sitt for å halda statistikken i orden. Visst vil eg vel gjera mitt for den nasjonale dugnadsånda, så eg sa ja…

Det eg ikkje såg for meg, var at det ei veke seinare kom noko i posten som kunne minna om ein liten telefonkatalog. Her var det side opp og side ned med avkrysning, og innimellom ei lita oppmuntring til at nå burde ein unna seg ein liten pause og kanskje ein kopp kaffi før ein gjekk vidare. Eit lite mindretal av spørsmåla var interessanne for alt i verda, men alt for mange var for meg heilt totalt uinteressanne. Her skulle ein rangera tannkremmerke frå dei ein helst ville ha til dei ein aldri hadde høyrt om. Så skulle eg vurdera eit uttal hudpleiemiddel, som eg i beste fall kunne hugsa eg hadde høyrt om i det heile tatt. Dersom hudpleie, sminke og parfymedelen av undersøkjinga hadde vore ein kjønnstest, så er eg redd eg hadde ligge tynt an… Det var heller ikkje lett å vurdera side opp og side ned om mitt forhold til banken min. Strengt tatt har eg ikkje anna forhold til banken min enn at eg tek ut pengar og betaler rekningar. Lege hadde eg ikkje vore hos, og eg hadde ikkje benytta meg av advokathjelp.

Etter timar med utfyllingsarbeid, fekk eg posta elendet, og tenkte at det var det, nå hadde eg gjort mitt… Heilt til eg eit år seinare vart oppringd att. Eg prøvde å seia at eg hadde veldig lite tid, og hadde bestemt meg for å hoppa av. Då fekk eg vita kor utruleg viktig det var at informantane haldt ut over fleire år, og denne gongen dreia det seg bare om eit telefonintervju. Sjeldan har eg kjend meg så pinleg avkledd, for intervjuet gjekk på bolig og økonomi, eg kjende meg som ein som blir avslørt som analfabet.

– Kva er årslønna di? – Eh, nå må eg viss få tenkja litt…

– Kva er skatteprosenten din?- Eh det står vel på lønnsslippen…

– Kor mykje av lønna di kan du bruka bare på deg sjølv? – Kva meiner du, eg har jo stor familie?

– Korleis er du fornøgd med rentenivået?… Ehhhh…

-Har de bunden rente?… Må sjå om eg ser mannen min…

-Kor mange rom har de i huset?… Vent litt, eg må tella…

– Kor mange kvadrat er boligen?… Ja, kor stor kan han vera, mon tru…

-Kva vil du anslå marknadsverdien til å vera?… Nå har me ikkje vurdert å selgja…

– Nei, men du veit vel sånn ca kva de ville fått for huset?… Ehhh….

Til slutt unnskulda eg meg og sa at dette høyrdest sikkert gale ut at eg visste så lite, men at eg var oppteken av så mykje som for meg var veldig viktig, og derfor tenkte eg ikkje så mykje på slike ting. Han sa at det var skremmande at kvinner framleis var så likegyldige til eksistensielle økonomiske ting, og at om det fortsette slik, at folk var økonomisk bevisstlause, ville det etterkvart bli eit samfunnsproblem. Eg sa beskjemma at han sikkert hadde så rett så rett, og skjøna at her ville det ikkje passa å sitera noko om liljene på marka. Mannen hadde jo eit poeng…

For ein månad sidan, var det nytt brev om at eg snart ville bli oppringd. Dei to første gongene dei ringde var eg på jobb, men for to dagar sidan måtte eg resignera og seia at eg hadde tid til ein liten samtale. Noko eg av erfaring veit tek ganske lang tid.

Først var det lange innleiande registreringar av dei som budde i huset:

-I fjor sa du at Sunniva Harboe budde i boligen. Stemmer det framleis? – Det stemmer.

– Når er ho fødd? Eg tenkjer meg lynraskt om, og oppgjer ein dato i 1993.

– Kva er hennar relasjon til deg? – Ho er vår felles dotter.

– Kor lenge har du budd saman med Sunniva Harboe? Sidan 1993…

– Er ho gift eller har sambuar? – Eh, ho er 16 år gammal. Ho bur framleis heime hos oss.

– Kva er sivilstanden hennar? – Ho er ugift, ho er 16 år gammal!

– Ja, nokre av desse spørsmåla høyrest kanskje merkelege ut, men det er viktig å få det rett…

Så førest me inn i den ubehagelege delen av det heile. Kva tener eg, og kor mykje kan eg bruka på meg sjølv… Har eg ein administeraande stilling eller ikkje?

Når me kjem til bank, ser eg fortvila på kjærasten min, som signaliserer med hendene frå der han sit fordjupa i arbeid, at dette har eg rota meg borti sjølv.

Me avtalar at ho skal ringa meg opp at på fredag, altså i dag… Hjelp… Skal eg bruka dagen på å oppdatera meg for å framstå som ein vaksen oppegåande økonomisk medviten samfunnsborgar, eller skal eg prøva meg med liljene på marka? Eigentleg er det jo bare for ein ukjend telfonutspørjar eg blir audmjuka… Om eg hadde hatt vit til å ikkje skriva bloggeinnlegg om det, då…

Heidi

6 kommentarar
  1. Hufza permalink

    Det er det verste jeg har hørt! Beskylde deg for å være økonomisk bevisstløs??? Jeg mener jeg har fullstendig kontroll på det jeg trenger her i huset (ikke avhengig av det annet kjønn der), men jeg kunne ikke svart på noen av disse spørsmålene uten å sjekke allikevel. Hvis du synes det er ubehagelig må du bare si fra om at du ikke vil ha flere telefoner. Det er ubehagelig å si det også, men da slipper du hvertfall mer ubehag senere!

  2. heidi permalink

    Eg ser jo litt humoren i det og… Og eg prøvde verkeleg for eit år sidan å koma meg ut av denne undersøkjinga på ein høfleg måte. Eg får bare ta det som underhaldning og i beste fall bevisstgjering. Eg veit jo at økonomi og marknadsverdier eigentleg ikkje er det som interesserer meg mest her i livet… Men takk for støtte. 😉

  3. emma permalink

    Hei! Eg lærte meg å seia nei etter at eg såg meg sjølv i Hotell Plaza i øverste etasje teste ut ulike majonestyper medan vi i gruppa vart filma. Fekk riktignok pengar for det, men då skjønte eg at eg måtte begynne å seia nei.
    For det andre: Vanleg høflegheit gjeld ikkje. Nei og atter nei – dette vil eg ikkje vera med på. Dessutan vil eg ikkje inn i noko statistikk – så normal er eg ikkje.

  4. Heidi permalink

    Nå ler eg Emma. Dei har ringt meg tre -3 gonger i kveld. Tre forskjellige personar, så eg må vera ein verdfull informant…

  5. Scylla permalink

    Jag kan inte låta bli att skratta. Jag känner igen mig en hel del. Det ringde någon karl här förleden och började fråga om vem av oss som hade hand om försäkringarna. «Båda!» sa jag förnärmat, bara för att inse att jag inte hade en aning om vilka försäkringsbolag vi har för hem och bil. Och till råga på eländet är jag med i någon slags konsumentpanel via mail. Tänkte att jag kunde omvandla mina poäng till bidrag till Läkare utan gränser. Men frågorna är helt hopplösa: «Rangordna vilket märke du skulle välja om du skulle köpa nytt kök» och så 10 olika märken, varav jag bara hört talas om tre, och verkligen inte hade en aning om hur någonderas kök såg ut. Som om gemene man gick omkring och kollade upp alla kök som finns att köpa på marknaden. Eller «Vad tänker du när du hör talas om märket X?» Som ska besvaras med fritext eller med ikryssning av en massa högtravande adjektiv som jag VERKLIGEN inte förknippar med varan, och fyller man inte i något så kan man inte fortsätta. Idiotfrågor! Jag har inte ens lyckats avlsuta det hela. Bah!

  6. Heidi permalink

    Eg og Scylla… Er med i eit slags konsumentpanel og tenkte eg kunne gje poenga til Røde Kors. Men eg orkar bare ikkje dei spørsmåla. I dag har dei ikkje ringt meg, forresten…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: