Gå til innhald

Middagsmat og middagsmat.

april 5, 2010

Med ein stor familie der me er sånn ca sju til bords i påsken, blir det ein heil liten operasjon å laga middag. Heldigvis har me eit dobbelt vaffeljern, slik at ein og annan basisaktivitet kan gjerast i dobbelt så høgt tempo som normalt. Då eg og Eva Mari såg filmen «Stella Polaris», om eit lite samfunn nord i landet, slo det meg at me har levd ei stund. Eg fekk ei slags gjenkjenning av at det vart trampa i vatn med beksaumstøvlar av lær. Rett nok har eg aldri vore eigar av beksaumstøvlar i lær, mine første skisko var av kvit gummi, og laga for kandaharbindingar, men eg hugsar jo faktisk at nokre av dei andre barna i gata gjekk i slike skor. Det var som om eg levde i eit anna århundre, og det gjorde eg jo faktisk…

I går kveld begynte eg å filosofera over dette med middagsmat. For det første så var middag noko ein åt klokka tolv om dagen då eg var lita. I alle fall var det slik hos besteforeldra mine på begge sider, og eg åt ofte middag saman med dei. Dei som jobba på fabrikkar sykla heim og åt middag midt på dagen, og dei som hadde gard gjekk heim, kvilte middag og drakk kaffi før dei gjekk ut og jobba vidare. I klassen min på skulen,var det ungar som gjekk heim og åt middag i matfriminuttet, og på fabrikken like ved skulen hadde dei sånn pausesignal som kunne forvekslast med brannalarmen. Heime hos oss åt me middag når far kom heim klokka halv tre. Nå blir klokka ofte både fem og seks før middagen er på bordet.

Den største forskjellen ligg likevel faktisk i det som står på bordet. Eg vaks opp på middagsrettar som ungane mine knapt har smakt. Kanskje ein del av forklaringa ligg i at kjærasten min ikkje er oppvaksen på vestlandsmat,- men truleg ligg den største forskjellen i tida. Matvanane har rett og slett forandra seg.

I mi tid vaks ein opp på brød, saus og poteter, ikkje rart det, det var jo det ein hadde råd til, og det ei hadde råvarer til. Norsk kosthald var basert på karbohydrat, nå har me blitt omvende av Fedon og co, og skuggar unna så godt me kan. Som ein kuriositet kan eg nemna at eg knapt nok  hadde smakt spaghetti før eg begynte på skulen. Eg var sikkert tolv år første gongen eg åt kokt middagsris, og minst fjorten første gongen eg åt pizza. Dei første pizzaane vart laga med tjukk grov deig, eit lag kokte poteter og kjøttdeig eller oppskorne pølser oppå… Kylling åt me heller aldri. Det einaste som kunne likna litt var farmor sin hønsefrikasé, der høna truleg vart kokte  i mange timar etter lang og tru teneste i eggleggingsbransjen… Laks hadde eg heller aldri smakt, derimot var heimefiska steikt sjøaure, vend i mjøl og salt og pepar, ein kjend sommardelikatesse. Men kva i all verda åt me då? – Eg fekk det for meg at det måtte eg rett og slett skriva ned som ein kuriositet for komande slekter. Her kjem ei liste over middagsrettar eg var veldig glad i, og som omtrent ikkje eksisterer lenger, i allefall ikkje i vår heim…

Steikt morrpølse: Ei innmatspølse som smuldra opp og vart grynete på steikepanna. Denne vart knødd saman med poteter, og eten i lag med kokt makaroni eller kålrabistappe.

Tørrfisk: Salta tørrfisk som vart vatna ut i eit døgn før bruk. Eg elska å brekka bitar av den rå, flate tørre fisken og tygga i meg. Denne vart servert i stykke ved koking. Fisken vart servert saman med kokte poteter, smelta smør og kokt makaroni. Ein kunne variera med steikt løk eller steikt flesk. Neste dag laga ein gjerne plukkfisk av fisken. Dette var ein av mine absolutte favorittar. Fisken vart skoren smått, og saman med oppskorne poteter, mjølk og smør vart det laga ein slags fiskelapskaus. Oppi dette kunn ein og ha rester av kokt makaroni. Plukkfisk vart servert med mykje pepar, og kunne gjerne etast mellom to flatbrød.

Fiskekaker i brun saus: Dette hugsar eg som den aller vanlegaste middagsretten. Potetene vart knødde ut i sausen, sjølv om det eigentleg ikkje var lov. Gjerne servert saman med makaroni.

Pølser i brun saus: Og veldig vanleg. Far laga tjukk brun saus og morfar tynn brun saus. Pølsebitane vart steikte på panna før dei havna i sausen. Pølser kunne og serverast i kvit saus, særleg hardangerpølser, men det var ikkje så vanleg.

Steikt makrell: Laga av morfar var dette ein delikatesse. Fisken vart vend i mjøl og salt og pepar og sprøsteikt på panna.

Steikt småsild: Laga på same måte av morfar. Ja, eg hadde faktisk ein morfar som laga middag på 60-talet.

Fiskebollar i brun saus: Dei i kvit saus har me teke vare på, men morfar hadde og ein variant med steikte fiskebollar i tynn brun saus. Veldig godt.

Torskerogn: Runde skiver frå boks, som vart steikte på panna.

Flesk og egg: Steikte egg med tjukke fleskeskiver til, -ikkje bacon, for alt i verda. Hos farmor var dette flesket sprøsteikt og reint spekk utan kjøt i. Ein åt for alt i verda poteter til denne retten og… Egga kunne bytast ut med pannekaker, då vart det endå betre.

Steikt flesk med løksaus og poteter: Ein typisk farmor- rett. Det hadde me aldri heime.

Lever i fløtesaus: Ein annan farmor- rett. Veldig godt, men dei kvite trevlene inni (blodårene?) var litt ekle…

Lammefrikasé: Ein middagsfavoritt… Når åt eg det sist?

Ertersuppe: Tjukk heimelaga ertersuppe med salt lammekjøt kålrabi og gulrot. Vart uttalt «Artersuba,» med trykk på tredje staving som i oregano og Alibaba…

For ikkje å snakka om supper og desserter: Melkesuppe med rosiner, mmmm. Sviskesuppe, sviskegraut, fruktgraut, saftsuppe med havregryn, nypesuppe, rabarbrasuppe, mandelkjernepudding…

Noko har me teke med oss, men er langt sjeldnare mat her i huset enn i barndomen min; komler, bollesuppe, pølselapskaus…

Kva har eg latt barna mine gå glipp av? Og ville dei i det heile tatt ha ete middag om dei fekk desse rettane i dag?  Sjølv blir eg skikkeleg svolten her eg sit og skriv… Og dette er sjølvsagt bare ein smakebit for å halda meg i sjargongen. Kanskje det snart blir eksotisk å invitera gjester til plukkfisk og morrpølse? Blodpuddingen får vel knapt nok sin rennesanse, sjølv om eg ser at dei framleis sel det i butikken…

Heidi

20 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Fantastisk, Heidi! Takk for alt du så raust deler:)

  2. heidi permalink

    Koss er ditt forhold til desse rettane, Torhild?

  3. RaTo permalink

    Herleg, Heidi! Eg hugsar desse, eg og. Men … du har gløymt hvalbiffen! Det hadde me ofte på tallerkenen. 🙂

  4. Heidi permalink

    Me hadde aldri hvalbiff. Trur ikkje mor likte det… Men morfar likte godt syltelabbar…

  5. heidi permalink

    Og dette med komler burde eg ha skrive meir om. Torsdag var fast komledag. Komlene vart etne med salt kjøt, kålrabi, smelta smør og steikt flesk. Nokre gonger var det og pølsebiter til komla. Det kunne og serverast kokte poteter og kokte gulrøter til. Ein eksotisk variant var sprøsteikt løk. Mange drakk surmjølk til komla, men det brukte me ikkje heime. Derimot er eg oppvaksen med ein merkeleg detalj: dyppe. Alle fekk kvar sin kopp med komlesø
    med ein smørklatt oppi. Så tok ein ein komlebit på gaffelen og dyppa oppi koppen før ein åt. Dette var ein fast skikk i mor sin familie, og ein del av oppveksten min. Dersom nokon som les dette åt komle på den måten må dei vera greie å seia i frå, for eg har aldri sett den varianten i andre familiar. Farfar åt komlesø i ein suppetallerk med salt og pepar oppi og kalla det komlesupa. Det har eg heller ikkje sett andre gjera. På fredagen vart det servert «steikte komla». Då steikte ein komlebitane og gjerne pølsebitane om det var pølse igjen. Dette var ein verkeleg delikatesse saman med ein smørklatt. Det kjennest som eg er i ferd med å dokumentera lokal mathistorie, og eg blir utruleg svolten her eg sit og lurer på kva slags karbohydratfattig kveldsmat eg skal heim og laga meg…

  6. Torhild permalink

    Jo, dei fleste rettane kjente eg igjen. Morrpølsa har me servert våre ungar….dei åt det greitt! Komlesø-varianten har eg aldri høyrt om ….. På meierikjøkkenet var det fast fylgje med fersk tjukk surmjølk attåt komla. og smelta smør til,sjølvsagt!

  7. Tintomara permalink

    Detta var jätteintressant! Tack, Heidi!

  8. heidi permalink

    Kjenner du til desse matrettane, Tintomara?

  9. emma permalink

    På Sunnmøre åt vi omlag det same,og vi hadde noko mamma kalla «sosakjøt», som ho lagar enno. Dette er jo også lokalhistoriske innslag. Vi har jo blitt så internasjonale i matvegen. Før var det lokale retter for nesten kvar bygd. Trur det var annleis i byane og her i Bærum. Hugsar første gongen H. var heime hos mine foreldre og fekk fiskekaker i brun saus: «Dette smaker jo fisk…». Artig dette Heidi. Kanskje ei bok om emnet?

  10. Heidi permalink

    Ja, kven veit. Med Leif oppdaga eg at det var stor forskjell på det som var vanleg vestlandsmat då eg vaks opp, og på det han var van med frå Bærum. Sosakjøt, er det oksekjøt i brun saus? Det har eg ete og.Nå er me så internasjonale at me et pizza, spaghetti og tacos same kor me er…

  11. heidi permalink

    Og korleis kunne eg gløyma steikt fiskepudding? Steikt fiskepudding var vel den mest typiske kvardagsmiddagen ein kunne finna. Denne vart sjølvsagt servert med kokte poteter, smelta smør, kokt makaroni eller gulrotstuing. Som nokon vil ha observert, så vart makaroni servert i tillegg til poteter som ein slags grønsaker… Og sommardesserten framfor alt: Rabarbrasuppe eller rabarbragraut. Når geleen kom til lokalsamfunnet vart han eten med sukker og fløytemjølk, akkurat som andre former for dessert…

  12. Jan Risan permalink

    Joda, Heidi, ganske så mange av disse rettene står fortsatt på bordet hos oss. Jeg har en mor som i alle år ga oss poteter. Eneste unntak var til risengrøt på lørdagen, men selv til fleskepannekaker og tomatsuppe (med fiskepudding i) måtte vi barna spise minst en kokt potet. Kona mi har nettopp hatt dilla på lever, torskerogn, torsketunger og blodpudding…

  13. heidi permalink

    Me slapp vel poteter til tomatsuppe i tillegg til grauten, men elles så var det minst ei potet om ein skulle forsyna seg for første eller andre gong. Meiner at far min hadde regelen om minst ei potet pr kjøttkake eller fiskekake. Pålegg skulle og rasjonerast fornuftig på brødskiva.

  14. Heidi permalink

    Jan: Hadde de poteta oppi suppa? Eller var det middagsmåten potet, fiskepudding på tallerken med tomatsuppe over som saus?

  15. Gunn permalink

    Heim hos oss, to voksne og tre barn, kjøpte vi ifølge min gamle far inn 700 kilo potet hver høst. Disse hadde vi i «eplebinjen» i kjelleren. Vi spiste potet til så og si alt.
    Vi hadde et godt lager av kålrabi og gulrot også i kjelleren. Og så leide vi en bitteliten fryseboks, den var i et hus på siden av Ålgård Forbruk. Ja, du vet……en skulle tro det var enda lengre siden enn det er.

  16. Tintomara permalink

    Några av dem känner jag igen från min egen barndom – stekt fläsk med löksås, stekt makrill, strömming, sill och givetvis korv och fiskbullar. Men inte brun sås till fiskbullarna. Lammfrikassé är nog ungefär som dillkött, vilket var en favorit hos mig som var rätt kräsen som barn. (Hade varit bra in jag fortsatt ed det… men nu äter jag nästan allt dessvärre!) Ärtsoppa, men den svenska varianten förstås. Saftsoppa, plommonkräm, rabarbersoppa fast oftare fick vi rabarbern som kräm eller paj.
    Resten är jag inte så säker på. Definitivt okänt är komler, morrpölse och törrfisk – fast vi har ju lutfisk som läggs i blöt till jul (fast aldrig i hemmen numer vad jag vet) men det har jag aldrig gillat, inte heller lever.
    blodpudding äter vi fortfarande, det tycker jag mycket om.
    Stuvade makaroner och stuvad potatis minns jag också.
    Och soppa på torkad frukt med sagogryn.

  17. heidi permalink

    Trur me fann ut her at komler var omtrent det same som pitepalt og ein annan svensk rett. Skal bli rart å sjå om ein generasjon til om matvanane har endra seg like mykje. Lutefisk blir brukt i Norge og, men tørrfisken har aldri vore i kontakt med lut, bare luft og salt og vatn.

  18. Torhild permalink

    Hei igjen. Heidi! Idag las mor gjennom . og ho sa etterpå : Ja, slik avr det! Ho hugsa ikkje at ho hadde laga til kvalbiff….. Men dyppe kjende ho til 🙂

  19. Heidi permalink

    Ok. Då har eg fått kartlagd at det å dyppa komlebitar i komlesø med smelta smør ikkje er noko merkeleg som bare verserte i min familie. Det er mykje rart ein kan forska på, og viss nokon andre veit meir om dette, så vil eg gjerne vita det… 😉

  20. heidi permalink

    Gunn: Me hadde og eit stort lager av poteter i potetbingen, men 700 kg?… Og gulrøter og kålrabi og halve griser og heile lam partert og i saltkar…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: