Gå til innhald

Våren tek innersvingen…

april 12, 2010

Plutseleg ein dag så er våren der, sterk og stri og tydeleg. Her skjedde det sånn omtrent på fredag. Det er berusande, lammande, vemodig og utmattande på same tida. Eg oppdagar at eg kjenner kjenslene att frå år til år, men gløymer i mellomtida frå år til år, heilt til kjenslene kjem tilbake. Då vil ein alt på same tida og blir så forferdeleg svolten på liv, samtidig som tid og krefter set grenser i ein ring omkring kroppen og dagen.

På fredag spelte me teater på to eldresenter, eg og Jan Ivar og det gamle HC-Andersen-stykket vårt, som me turnerer med på sjette året. Til nå har me bare vist det på skular, men me var blitt bedne om å visa det i ei rekke med kulturelle arrangement for eldre, som blir kalla Den kulturelle spaserstokken. Den første staden visste me at mange av dei som bur der slit med demensrelaterte problem. Det var verkeleg spennande å sjå om det me hadde å fara med ville fenga målgtuppa. Medan eg skifta til dronningkostymet mitt inne på handicaptoalettet, ringde mobilen. Det var regissøren til stykket eg har skrive til byjubileet i ein naboby. Eg forklarte kor eg var, og bad henne ringa opp att.

Responsen på det første eldresenteret var overveldande positiv. Så gjaldt det å pakka kostyme, kulisser, overheadprosjektor og roser i bilen til Jan Ivar og dra til den neste staden. Der fekk me tilbod om eit måltid mat i kantina og så rigga me scene. Tre minutt etter at me var i gang med stykket, oppdaga eg at eg hadde gløymt det lange kvite sjalet rundt halsen som er ein viktig effekt for eit par av karakterane eg er innom. Då Jan Ivar var fordjupa i å formidla eventyret om «Piken med svovelstikkene,» vurderte eg å lura meg inn i garderoben for å leita etter sjalet, men eg var redd for at han ville bli sett ut av at eg forsvann, og var redd for å koma ut av rytmen sjølv. Det ende med at eg spelte vidare utan sjal, og improviserte der eg skulle ha brukt det.  På dette senteret gjekk det og veldig bra. Det var ein spennande variant å spela teater for vaksne i staden for for barn. Etter forestillingane og alt det andre som har vore intenst pågåande dei siste vekene kjende eg meg heilt utlada då ettermiddagen kom, og var kjempeglad for ei helg med lite program.

På laurdagen var det endå meir intenst vår. Til mi eiga overrasking såg eg ei fantastisk blomsterbok på ein bokhandel som eg fekk intenst lyst til å kjøpa. Blomsterbukettane var så utruleg nydelege og fargerike, og eg oppdaga at eg var heilt klar for å kjøpa boka. I dag kom lønna, og eg var innom for å kjøpa ho, men alle seks eksemplara var selde sidan laurdag. Nye er bestilde, og eg vurderer seriøst å så blomsterfrø i stor stil. Seinare på dagen var eg og Ingrid på to kunstutstillingar og eg kjøpte til og med eit bilete som eg gler meg til å henta.

I går var det familieselskap på terrassen til bror min med grilling og varme tepper, før me trekte inn til kaffien. Ingrid og eg har jobba litt med Tove Nilsen, som ho skal skriva norskoppgåve om. Eg har utruleg stor sans for bøkene hennar om Mummitrollet.

Nå er det kveld att. Det er fortrollande lyst ute sjølv om klokka snart er ni om kvelden. Ingrid sit nede i stova si og legg siste hand på eit flott maleri der ei sart, men viljesterk ballerina står i ballettposisjon på ein stein ute i havet. Nå vil eg sjå film nede som eg har lånt. «De usynlige,» ein norsk film som eg lenge har hatt lyst tilå sjå.

Heidi

4 kommentarar
  1. emma permalink

    Den usynlege synes eg var ein sterk flott film med mykje vemod og ettertanke. Likar veldig godt skodespelaren med Stavangerdialekt.
    Vår: her er det flott i skogen med blåveisen som kjem ut av det brune teppet…gjessene kom att i dag.

  2. Heidi permalink

    Ja, det var ein trist og sterk film. Anbefalar alle å sjå han.

  3. emma permalink

    Eg er visst heilt ute å kjøre i forhold til bokmål og nynorsk. Heiter det gjess på nynorsk? På mi dialekt ville eg sagt at gåsa e komt…

  4. heidi permalink

    Og eg ville ha sagt at vibå æ komen… Altså i eintal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: