Gå til innhald

Ein vårdag i april.

april 17, 2010

I denne veka har det vore skikkeleg vår. Sola har varma og himmelen har vore vårblå. Det har kribla i både armar, bein og sjel av livsappetitt.  Denne merkelege kjensla av å aldri få nok av livet dukkar opp kvart år på denne tida som ein slags tørst etter noko ein ikkje heilt klarer å definera. Eg har brukt mange timar kvar ettermiddag og kveld på å sitja på arbeidsrommet mitt på jobben og evaluera korleis alle norskelevane mine ligg an i høve til fagmåla i norsk i læreplanen. Det skal setjast mange kryss på eit skjema, og helst i rett rute. Eit eller anna protesterer inni meg og kviskrar at tolv-trettenåringar ikkje let seg fanga i rutenett, og at det alltid vil vera litterære kvalitetar ved dei skriftlege arbeida deira som det ikkje blir spurt etter i eit skjema. Likevel innrømmar eg at det er bevisstgjerande å verta tvungen til å vurdera ein og ein elev på denne måten, og på eit plan er det både interessant og spennande. – Men så er det altså samstundes veldig tidkrevjande. Truleg er det eit godt teikn når eg ser på klokka og tenkjer: Oooops, har det gått tre timar? Eg begynte jo nettopp…

Og oppheita har verda vore på mange måtar. Skandalane i den katolske kyrkja har nådd til ein lokal pater, som eg ikkje akkurat kan skryta av å kjenna personleg, men som eg i alle fall har vore i same lokale som ved fleire høve. Det gjer vondt og kjennest trist å prøva å setja seg inn i korleis ting må opplevast for dei involverte partane. Og det at eg fornemmer at slike ting har ein viss underhaldningsverdi er truleg ein konsekvens av noko djupt menneskeleg, men samtidig usmakeleg.

I dag regnar det. Livet blir kjølt ned eit hakk eller tre, og eg lurer på om det er vulkanoske eller manglande vindusvask som får takvinduet mitt til å sjå matt ut under stripene av regn på veg mot bakken. At eit vulkanutbrot skal lamma flytrafikken i Nordeuropa i dagevis, er vel noko få har hatt fantasi til å kunna tenkja seg. Fleire eg kjenner er blitt stoppa i reiseplanar som kjendest viktige for dei, og Jens Stoltenberg skriv på facebook at han nå er på veg heim med bil gjennom Sverige etter å ha vore i New York. Han lurer på om nokon veit om ei god veikro der han kan stoppa og eta lunsj… Verden er ein merkeleg plass. Kongehuset vart skyssa i ekspressfart for å rekka fram til dronning Margrethe sin syttiårsdag, og kronprinsen rakk det med ein halvtimes klaring. Verda er ein snodig plass. Eg var invitert til ei tilstelning saman med dronning Sonja på onsdag i samband med byjubileet som eg har skrive eit teaterstykke til, men hadde eit viktig møte på jobb. Eg fann ut at eg trengdest meir der. Men bittelitt stas var det nå at eg i det heile tatt var invitert.

I dag skulle eg ut og nyta våren, men planane er litt modererte av at regnet ausar ned og at temperaturen har falle fleire hakk. Men ut skal eg uansett. Eg har kjøpt ei fantastisk bok om hageblomar og bukettbinding, og for første gongen på 22 år er eg blitt inspirert til å så blomsterfrø inne i stor stil. Sist eg prøvde meg tok entusiasmen skade av at det knapt nok vart ein einaste fin hageblom av alle frøpakkane… Men i dag har eg tenkt å så frø…

Pipelyden frå hovudetasjen fortel meg at nokon har send meg ein sms. Skal ned og sjekka kva livet har å by på. Som det står i den gamle lyrikkboka mi. «Fred er ei det beste, men at man noget vil.» Meiner det må vera Henrik Wergeland som skreiv «Jeg velger meg april, i den det gamle faller… » Litt ironisk er det at denne sangvinikaren av ein vårprisar visstnok døydde av lungesjukdom etter å ha gått ut i ein for tynn frakk om  våren. Det er ikkje noko nytt i at det er farleg å leva.

Heidi

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Hei mi gode Heidi! Flott dag å vera imme i – har baka knekkebrød. rugbrød og kake idag! Kaka er til kyrkjekaffien imorgon….. Gler meg til gudsteneste – konfrirmantar som skal stå for mykje av innhaldet!
    Takk for gilde timar igår. Godt å kjenna deg:)

  2. heidi permalink

    Så flink du er! Eg er oppriktig imponert. Ja takk for i går. Ingrid og eg prøvde oss på ein tur langs stranda, men det var så bitande iskaldt i regnet og vinden at me snart gav opp. Kjekt å kjenna deg og. Nokre av oss har dei beste vennene i heile verda.

  3. Jarfeld permalink

    Jeg velger meg april- av Bjørnstjerne Martinius Bjørnson (1888)

    I den det gamle faller,
    i den det ny får feste;
    det volder litt rabalder,-
    dog fred er ei det beste,
    men at man noe vil.

    Jeg velger meg april,
    fordi den stormer, feier,
    fordi den smiler, smelter,
    fordi den evner eier,
    fordi den krefter velter,-
    i den blir somren til!

    Wergeland skrev til sin «Gyldenlak» og mer- men noen velger seg vel september, men akk APRIL, det blir nok et Bjørnsonsmil!! i jubileumsåret– hilsen -kåre

  4. heidi permalink

    Takk for innspel Jarfeld. Tenk så feil kan ein altså ta. Sjølvsagt burde ein sjekka kjeldene skikkeleg. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: