Gå til innhald

Hestablomma

april 23, 2010

heitte dei i min første barndom. Me plukka dei i store bukettar og fekk svarte ringer av mjølkesafta på klær og hender. Av Siri og Reidun lærte eg at me kunne laga krøller av stelkane. Dei vart flerra opp og lagt vatn  i eit vaskefat av plast, så snurra dei seg i finurlege fasonger. Eg lærte og at me kunne klemma saman den eine enden av stelken og bruka dei som fløyte. Lyden i slike fløyter varierte, men var litt trompetaktig. Eg hugsar dei fine kakene eg bakte i sandkassen pynta med hestablommar, og morfar lærte meg korleis me kunne fletta dei til store kransar av lysande soler som ein kunne ha i håret. Det gjekk og an å knipsa av dei store gule blomane med tommelen slik at dei fløy av garde. Ein kunne ha konkurranser med merke i grusen om kven som knipsa lengst. Når desse blomane visna og vart kvite i toppen, var det ein utruleg kjekk leik å blåsa dei små kvite fallskjermane bortover. Dei flaug lengst i medvind. Av dei mjuke stelkane kunne ein laga lekkjer der den smalaste enden vart stappa inn i den breiaste. Tenk dei stod av seg sjølv, ein trong ikkje lim som på juletrelekkjer av glanspapir. Det  var ei stor utfordrng at eg ikkje fekk lov til å leika med hestablommar når eg hadde kvit jakke, kvit strømpebukse eller sundagskjole. Mor og bestemor ville ikkje ha små svarte ringar på dei finaste plagga mine.

Før eg fylde seks år flytta me femten kilometer lenger inn i landet. Då det vart vår oppdaga eg at dei gule vidunderblomane ikkje heitte hestablommar lenger. På den nye plassen hette dei sauablommar. Eg fekk og læra meg at det ikkje skulle uttalast saoablomma, slik det ville blitt der eg budde før. Her sa ein ikkje sao men seu. Eg lærte og at dei nyvisna blomane, før dei vart kvite fallskjermar hadde ein tobakksliknande konsistens. Dette samla me i små posar, og innhaldet vart rulla inn i grøne blad når me leika «mor og far og onge,» og ein av dei skulle røyka, slik vaksne ofte gjorde på denne tida. Eg lærte og at dei takkete blada heitte kaninblokker. Me plukka dei i store mengder til kaninane i nabolaget.

I bøkene heitte denne fantastiske blomen løvetann fordi blada visstnok skulle likna på tennene i munnen på ei løve. Alle eg kjende assosierte blomen meir til hestar og sauer enn til løver, men slik er det å vera født og oppvaksen på landet, ein karakteristikk eg ti år seinare skulle få av ein villt framand mann på ein uterestaurant i Oslo, men det er ei heilt anna historie.

I går såg eg ein av dei, den første i år. Han kom opp i asfaltkanten tett inntil ein mur. Nå er våren her for alvor. Lyset har kome, sjølv om dagane framleis kan vera bitande kalde.

Eg seier som diktaren i «Løvetannens bønn»:  – La de små barn komme til meg, for de vet ikke hva ugress er.

Heidi

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Ett rolig tminne har jag av maskrosor, så vackra och så avskydda av trädgårdsägare!
    Runt den lilla byskolan växte di i mängder, och ett år var de alldels särskilt många och långstjälkade. troligen hade det varit en fuktig vår eller ocså berodde det på något annat. Hur som helst lärde jag ungarna att göra kransar av dem och de hade så roligt. Plötsligt kom de på att de kunde göra långa gilranger istället, och så kom de på att d eville se om de kunde göra en lång nog för att nå om hela skolhuset. Några flätade, andra sprang och plockade maskrosor – alla var engagerade, och vi gav katten i att ringa in dem till lektion för de hade så roligt. De klarade av det, men då fanns knappt en maskros till att uppbringa! Så nöjda och stolta de var, och jag tror de minns det än, som jag!

  2. heidi permalink

    Me hadde og ein vår der me hadde laga plan for eit tverrfaglig samarbeid mellom seks. og sjuåringar. Då hadde me «løvetannleik» som ein eigen aktivitet. Ofte er det dei spontane tinga ein hugsar, og før var me ikkje fullt så bundne av læreplanar som nå. Men framleis hender det at noko bare tek av og det swingar skikkeleg midt i skuledagen. På onsdag hadde me eit førearbeid til ein konsert elevane skulle på. Eg sette i gang med spontan improvisering av lydar og rytmar, og plutseleg var klasseromet fullt av musisk aktivitet. Det ende me at me lo høgt i lag, og det kjendest så bra.

  3. Torhild permalink

    Eg huskar at ein lærar ein gong bad elevane sine springe utt og plukke sauablomar……og at dei kom inn med store mengder påskeliljer frå nabohagane…….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: