Gå til innhald

Einen Koffer in Berlin

juni 28, 2010

Me  er for tida residerande i Berlin. Nærare bestemt bur me på  Hotel Bogota som ligg i ei sidegate til Kurfürstendamm, ei av hovudgatene i byen. Romet me leier er ein slags leiligheit, eit stort hovudrom med eit gammalt piano, ein gammal radio, to senger med forheng, ein slags sovealkover, ein divanliknande sovesofa, eit skrivebord, to lenestolar med blomstra trekk og eit rundt bord. Innanfor er det eit lite rom der det er eit bad med dusj og ei dobbelseng i eit bittelite soverom med forheng. I tillegg er det eit TV- apparat, der dei akkurat nå sender andre omgangen i VM-kampen mellom Argentina og Mexico. Dessverre må ein betala ein del for å få internett på romet, så det har eg ikkje fått dei andre med på endå. Dette blir ein test på å skriva blogg i eit word-dokument. – Så får eg håpa at eg får til å legga det ut på Andedräkt ved første oppkopling til nettet…

Då me landa i Berlin var fotballkampen mellom England og Tyskland framleis under speling. På togstasjonen sat folk tett som bier og såg framfor TV-apparata. Toget frå flyplassen inn i byen var så godt som tomt, den einaste dama i vogna vår sat og fulgte med på kampen via mobilen sin. Me kjørte forbi fleire dolkemengder samla i fluktstolar og på benker framfor storskjermer, og då me kom inn mot sentrum høyrdest jubel. Me skjøna at Tyskland hadde vunne, og fekk seinare vita at dei hadde vunne 4-1.

Då me gjekk av toget på Bahnhof Zoo, (som eg i parentes bemerka forbind med Christiane F og boka ”Wir Kinder am Bahnhof Zoo, som ein gong i tida gjorde stort inntrykk på meg,) vart med møtte av eit overdøvande bråk og kaos.
Ikkje hadde eg skjøna at ein åttandedelsfinale kunne vera så gjev å vinna. Bilane med fotballsupportarar stod tett i tett i gata og alle låg flatt på bilhorna. Folk stod på biltaka og svinga tyske flagg, og dei hang utanpå bilane og blåste i slike sørafrikanske plasttrompetar som eg ikkje hugsar kva heiter. Etter lydnivået å dømma, hadde dei akkurat vunne ein krig eller noko slikt. Det var hyling og hoiing og jubling, og skyting med luftgevær og smelling av kinaputtar. Gatene var fulle av folk med tyske flagg rundt seg og alt frå gamle damer til babyar figurerte med små påmalte tyske flagg i ansiktet. Det var komplett umogleg å konversera med einannan på vanleg måte, me leita på kartet etter hotellet vårt, og peika oss fram. Det var interessant å observera at og jenter med lange kjolar og hijab hang utanpå bilar og vifta med tyske flagg.

Då me ein time seinare gjekk ut for å sjå oss om og få oss litt mat, var kaoset framleis komplett.  Me bytta ut fortausrestauranten med ein innandørsplass, slik at det skulle vera mogleg å snakka saman medan me åt. Etter måltidet hadde me nydeleg kaffi i diverse former utanfor Starbucks. Då me kom til torget ved Gedächtniskirche, såg det ut som om det hadde vore krig eller sjøslag der. Ein vassa bokstaveleg talt i søppel og glasskår etter noko som såg ut som tusenvis av knuste ølflasker, ein nokså berusa gateselgar stod der med narrehatt i fotballdrakt og selde fotballsuvenirar medan han kasta kinaputtar ut i gata.

Dette stemde nokså dårleg med det eg har trudd om tysk mentalitet  og ”Ordnung muss sein.” Men så plutseleg såg det ut som om kaoskreftene vart temma att. Plutseleg var det masse politibilar og uniformerte betjentar i gatene, og tre store feiebilar, den eine såg ut til å ha ein slags støvsugarfunksjon, gjekk laus på grapset og glasskåra. Det siste eg såg før me var tilbake på hotellet var ein smågråtande supportar, som sutta fortvila på sigaretten sin, medan ein kvinneleg politibetjent plastra eit kutt i panna hans. Det er fint å vera i Berlin att. Tysken min treng å bli brukt.            ’

Heidi.

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Wenn jemand enine reise tut… 😉

  2. heidi permalink

    So ist es.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: