Gå til innhald

Flyplassen i Riga

juli 17, 2010

Som ein person som ikkje er alt for glad i å reisa høgt over bakken, kjende eg først ein viss skepsis då eg høyrde at me hadde kjøpt billettar av Baltic Airlines. Dette flyselskapet viste seg imidlertid å vera ei positiv overrasking. Det var nye og fine fly, som ikkje stod tilbake for SAS, KLM eller Lufthansa. Etter å ha tilbrakt ganske mange timar på nokså tronge bussar, fekk me til og med ei kjensle av å ha god plass til beina.

Då me landa i Riga var det på ein måte som å koma heim til Skandinavia. Lyset var det same, og det litt skarpe draget i lufta som er heilt fråverande i sørlegare sommarver. Markene var grøne og naturen såg frodig ut. Det var på ein måte litt merkeleg at dei som budde der snakka eit heilt uforståeleg språk. Eg fekk straks lyst til å finna ut meir om desse baltiske nesten-nabolanda, som eg aldri har vore i. Då eg gjekk på skulen heitte dei Estland, Lettland og Litauen, men Lettland har altså blitt til Latvia i meir korrekt språkbruk.

Me hadde høyrt at det var ein relativt liten og oversiktlig flyplass, noko som viste seg å vera rett. Problemet var at me var veldig svoltne, og hadde tenkt å eta på flylassen. Ein del av salet av mat og drikke gjekk føre seg i automatar, og me hadde ikkje lokale pengar. I underetasjen var det ein pizzaplass dit eg tok med ungane for å kjøpa pizza. Dessverre hadde veldig mange hatt same ideen som oss, så køen var uendeleg lang, og det gjekk forferdeleg seint fordi dei hadde begrensa kapasitet. Dessutan var det så varm der at eg kjende sveitten sila nedover ryggen. Då det endeleg var vår tur, oppdaga eg til mi store forferding at visakortet mitt ikkje låg i lommeboka. Me prøvde å betala med Sunniva sitt kort, men ho har eit ungdomskort som bare virkar heime i Norge.

Det ende med at me måtte luska opp att utan mat og drikke, me hadde vore i ein liten bokhandel på flyplassen fordi både eg og Sunniva trong meir å lesa i. Der hadde eg hatt kortet, kunne eg ha gløymt det der? Det viste seg at bokhandelen var stengd, og adrenalinen begynte å bobla litt heftigare i årene. Heldigvis slapp eg å venta lenge før det på ein nokså kvirkande engelsk høyrdest over anlegget: «This is a message for passenger Heidi…» Eg vart bedd om å kontakta informasjonen. Då skjøna eg at kortet nok venta på meg. Ho som dreiv bokhandelen hadde funne kortet mitt i kortautomaten og stengd for å få levert det vidare. Ho må truleg ha beskrive meg, for ein smilande mann tok i mot meg med orda «May I please see your passport?» Og så ordna det seg denne gongen og… Eg er ikkje til å sleppa ut, men heldigvis går det bra kvar gong. Pizza vart det ikkje, men butterdeigsbollar med bringebærsyltetøy er ikkje så verst det heller.

Heidi

From → Barna mine, Reiser, sommar

2 kommentarar
  1. Spania-hild permalink

    Kjæraste Heidi! Kor herleg er lyden av det du opplever og skriv! Velsigna er du blant kvinner!!

    • heidi permalink

      Skulle gjerne høyra lyden av dine opplevingar og. Det kjem vel kanskje etterkvart :-9

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: