Gå til innhald

Vi lar det regne

juli 17, 2010

vi lar det regne fra morra til kveld. Om regnet flommer, se solen kommer nok fram likevel, det lar seg gjøre når blott humøret er tipp-topp javel, vi lar det regne vi lar det regne…

Eller kanskje eg rett og slett tek feil. Det forekjem meg plutseleg at det i songen heiter «Det skal bli solskinn», og ikkje «Vi lar det regne»… Hmmm, kanskje begge versjonane finst… I alle fall kan me kosta på oss å vera bittelitt muntre i høljeregnet etter tre veker undervegs med varmt sommarver. Varme og trøytte etter ein lang dag på reise, vart me henta av ein smilande far og morfar på flyplassen i går. Då me kom ut i den lyse, seine sommarkvelden som haldt 14 grader, hugsa me med hud og kropp at slik kan ein sommar og vera.

Eg er glad i å reisa, og me har hatt ein fantastisk ferietur, nå gjeld det å innstilla seg på neste kapittel av sommaren, og på nye kapittel av livet. Heime venta dei to eldste «ungane» våre og to kosesjuke kattar. På verandaen blømde det både kornblomar og andre fargerike vekster i pottene. Magnoliatreet skrantar litt, og står med mange visne blad sjølv om Ingrid har vatna det kvar dag. Tips blir tatt i mot med takk… Det nye kjøkkenet var levert, men me må venta 2-3 veker på å få det montert, så me må leva med masse store pappøskjer i stova. Heldigvis har me ein viss erfaringskompetanse på å forhalda oss til kaos. I tillegg til kjøkkenprosjektet, så skal det foretast ein omrokkering av måten romma blir brukt på, så her er nok å gjera. Men tek me det med ro og tek ei utfordring om gongen, så kjem me vel i mål…

Og norsk sommar er ikkje det verste ein har det heller, ikkje ein gong når det regnar…

Heidi

2 kommentarar
  1. Spania-hild permalink

    Sangen heter » Det skal bli solskinn….. » mellomversa er på melodien til «Gud sign vår konge god» – og lyder : Dette var første vers,så kommer andre vers, det lyder så: Og så gjentas sangen heilt til sola kommer – og DEN VIRKER!!

  2. heidi permalink

    Ja, eg veit alt det der, men eg har det for meg at det kan syngast «Vi lar det regne» og. Men kanskje det er ein annan song, eg ser for meg alle Grimstad-syskenbarna mine på ei rekke som syng og onkel Åge som dirigerer, men eg lurer på om det var på ein annan melodi med nokre å ja, å ja, å ja, å ja på nedadgåande tone innimellom. Får spørra dei…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: