Gå til innhald

Eg samlar på ord

juli 28, 2010

eg samlar og samlar. eg skriv dei ned. Eg lar dei fara gjennom hjernen min. Eg snappar dei opp som ballar nokon hiv forbi meg. Nokre av dei er fulle av håp. Nokre har lite meining for meg, og nokre blir eg gåande og undra meg over i årevis. Eg hugsar framleis ord og talemåtar frå eg var ei veldig lita jente, som eg ikkje forstod då, men bestemte meg for å hugsa heilt til eg forstod dei. Nokre av dei forstår eg framleis ikkje, andre kan eg smila av fordi eg nå forstår at ein eller annan vaksen uttrykte seg litt hjelpelaus der og då, og at det eg trudde var eit slags hemmeleg passord til noko eg ikkje kjende til, i grunnen ikkje betydde noko i det heile tatt.

Fordi eg samlar på ord, samlar eg sjølvsagt på lyrikkbøker. I dag har eg flytta dei inn i det nye arbeidsromet mitt. Det tok sjølvsagt mykje lenger tid enn eg hadde trudd at det skulle gjera, men det fylde meg med ei barnsleg glede over å eiga så mange ord. Dei til dels ganske tynne diktsamlingane fyller om lag seks hyllemeter, og så kan nokon som er meir opptekne av ord enn meg, rekna ut kor mange dikt det kan tenkjast å finnast i hyllene mine. Nokre av dei har eg kjøpt fordi eg absolutt ville ha dikta til ein bestemt lyrikar, mange fleire har eg kjøpt fordi eg har kome over dei på loppemarknadar, på overskotsutsal på eit eller anna bibliotek, eller i hyller utanfor bokhandlar rundt omkring til ti eller tjue kroner eller fyll ein pose for femti kroner. Kven kan gå forbi ei bok som er billegare enn ei avis?

Alt dette har ført til at eg har eit skjult skattkammar. Eg har sikkert ikkje lese meir enn ein fjerdedel av dei. Nå har eg bestemt at eg skal lesa dei ei og ei og leita etter fine perler. Dei finaste skal eg skriva ned og ta vare på. Kven veit kanskje eg skal bli lyrikar sjølv når eg blir stor. Og for å koma i gang med mine daglege lyrikkopplevingar, så har eg starta akkurat nå. Sidan bøkene er ordna alfabetisk har eg gått i gang med lyrikaren Odd Abrahamsen. Eg kjenner at språket hans er ikkje mitt, og det gjer det ekstra utfordrande å finna perkene. Det litt fine er at det er ei sånn gammaldags diktbok der ein sjølv må spretta opp sidene med ein kniv. Det gir meg ei kjensle av å opna brev ingen andre enn meg har lese.

Om eg vil by på nokre linjer av Odd Abrahamsen? Så klart eg vil. Ord er då til for å dela med andre. Og kanskje nokon fangar dei dom ei ildkule frå den intetanande Odd Abrahamsen? Dette er dei to siste strofene i eit dikt som heiter Agnus Dei (som betyr Guds lam.)

Ordløst kaller jeg på deg.

Skal du endelig nå fram til meg

fra din nådes uransakelige vei

en sommerdag på mine grønne steder

som den tyste nattevinden

i treets stille søvnliv.

Det er rolig i vårt rom ute i sommeren

erindring av soloppgang over svaie siv

og omsorg ved nærhet til deg ved min side.

og endelig: den milde nattens årvåkenhet

og hengivelse tenner i oss, fryktsomme,

sproget som nu forhindrer ødeleggelsen.

Odd Abrahamsen (Sant Birgitta kapell)

Snart skal eg forlata orda og dra ned for å gå barbeint kveldstur i sanden medan eg ser sola gå ned i havet. Det blir fint.  Og i dag fekk eg ein totalt overraskande gjest å drikka kaffi med ein gong midt på dagen. Det var fint.

Heidi

7 kommentarar
  1. Spania-hild permalink

    Drikka middag?? Flotte oversetjingar du er igong med!!

  2. heidi permalink

    Drikka kaffi skulle det stå… Nå ler eg. Er dette påvirka av at eg juksar litt med nutrilett. Farleg avslørande med forskrivingar. 😉 Takk for respons på omsetjingane 🙂

  3. heidi permalink

    Eller det kunne høyrast heilt forfylla ut. Eg inntek helst middagen flytande… Nå ler eg endå meir…

  4. Tintomara permalink

    Det hade varit roligt om vi känt varann som flickor!
    Och givetvis kör jag också med Nutrilett just nu… byter bara ut vissa mål, men i alla fall.

  5. Heidi permalink

    Det hadde vore fint, Tintomara. Eg gjer det same som deg, vissa mål…

  6. morsan permalink

    Och jag har lyckats gå UPP nästan 10 kg sedan 2007 🙂
    Men varför måste allt hamna på magen?

  7. heidi permalink

    Ja det er mange slags problemstllingar. Heldigvis så er dei fordelte. Så flink du er som har klart å gå opp, eg veit du har jobba for det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: