Gå til innhald

Venus in memoriam.

september 21, 2010

Eg var heilt skjelven då eg sette meg inn i bilen med reiseburet i fanget. Eg var glad at Ingrid skulle vera med til dyrlegen og at ho tilbaud seg å kjøra bilen. Buret var så lett som ei fjør å løfta, og det slo meg kor tynn katten var blitt. Etter å ha venta ei stund på venteromet, slapp me inn til ein veldig søt og medfølande dyrlege. Ho behandla Venus så venleg, så venleg, og var først samd med meg i at vekttapet kunne tenkjast å koma av parasittar. Etter å ha undersøkt hjarte, pust, auge og munn og konstatert at ho ikkje halta, kjende ho rundt på kroppen hennar og sa at katten var blitt veldig tynn. Så kjende ho lenge under buken og ved lyskane ved bakbeina, og sa at det var noko i buken som ikkje stemde. Eg spurde om ho mistenkte at det var ein svulst der, og ho sa at det var det ho frykta, men ho foreslo ei ultralydundersøkjing.

Det var ikkje heilt enkelt å koma til med ultralyden, fordi vesle Venus var så langhåra, men til slutt fann ho det ho hadde kjend, ein kreftsvulst. Han låg ikkje på den eine nyra, som ho først hadde trudd, men på leveren. Ho sa at dei kunne prøva å operera, men at ho trudde sjansen for at det ville gå bra var mykje mindre enn sjansen for at det ville gå gale. Ein slik operasjon ville koma på godt over totusen kroner. Eg spurde om korleis det ville bli om eg tok ho med heim og let naturen gå sin gang, men veterinæren ville absolutt ikkje tilrå det. Ho meinte at Venus ville bli meir og meir avkrefta og at sjukdomen ville utvikla seg nokså fort.

Me bestemte oss for at det var best å la Venus få sleppa, det vil seia eg bestemte det, for Ingrid var heilt sønderknust og sa at det ville ho sleppa å bestemma. Eg sa at ho hadde rett. Eg som var vaksen fekk ta ansvaret for å avgjera det. Først lurte eg på om me skulle ta henne heim og la Sunniva og Halvard ta farvel heime, eg prøvde til og med å ringa Sunniva på skulen, men ho hadde undervisning, og eg fekk ikkje tak i henne. Eg bestemte meg for at katten skulle få sleppa å bli frakta endå meir fram og tilbake i eit kattebur, dersom utfallet likevel var gitt. Så fekk ho ei narkosesprøyte for å sovna inn, før dei gav henne overdosen. Ingrid gjekk gråtande ut i bilen medan eg vart sitjande og klappa henne til ho sov fast. Eg gråt eg og då eg betalte 1400 kr for behandling, ultralyd, avliving og kremering av katt.  I allefall rant det eit par tårer. Eg skulle direkte på jobb og ha to dramaklassar, så eg kunne ikkje sleppa sorga heilt fri. Nå sit eg her og skriv med ein sorgklump i halsen.

For fem år sidan kom Halvard heim i matpausen med eit lite pelsnøste av ein kattunge. Kattungen hadde vore å observera i skulegarden fleire dagar, og nokre av elevane hadde kasta steinar og pinnar på han. Halvard stakk av frå skuleplassen med kattungen for å bringa han i tryggleik. Slik føyde Venus seg inn i ei rekke av fuglungar, utsette hamsterungar, kattar og flaggermus som Halvard har bore heim gjennom åra. Kattungen bare skalv og skalv og kunne snautt nok gå over golvet på eiga hand. Eg trudde kattungen var sjuk og at han ikkje ville klara seg, men etter litt mat og godt stell kom han seg. Det viste seg at det var ein liten hokatt, og me gav ho det midlertidige namnet Venus. Eg trudde ikkje at me skulle behalda henne, spesielt ikkje sidan me allereie hadde ein kattunge,  vesle Cleopatra, som og var eit hittebarn, litt eldre enn Venus.

Me sette opp lappar om funnen kattunge rundt på butikkane, men ingen melde seg. Til slutt innsåg me at Venus hadde flytta inn til oss, og snart var ho ein trygg og tillitsfull kattunge som leikeslost med Cleopatra på golvet og sprang rundt i huset som ein virvelvind. Dei to var jamne nok i alder til å akseptera einannan heilt, og det hende dei låg og sov tett samanfiltra med labbane rundt einannan.

Som alle kattar har våre kattar og hatt sin heilt særeigne personlegdom. Cleopatra liknar på en Russian- Blue- katt, ho er aristokratisk og stolt, streifar mykje ute, og fører seg som ei dronning, ho knyttar seg til nokre få, og ignorerer dei ho ikkje kjenner. Venus har vore ein usedvanleg leiken og kosete katt, som var ute ti minutt om gongen og elles trivdest best innomdørs. Ho likte å ligga på toppen av opne dører, inne i bokhyller, eller på toppen av hyller som ei klippeløve. Sjølv om ho likte seg best inne, var ho ein ivrig jeger, og slepte heim flaggermus, mus og fuglar ho hadde fanga. Ein gong klarte ho til og med å koma seg inn i eit lukka undulatbur, og det var på hengande håret at undulaten vår ikkje vart kattemat.

Likevel tulla me med at Venus ikkje var sikker på om ho var menneske eller katt. Når me åt saman, kom ho og sat på ein av stolane ved matbordet, der sat ho andektig og såg på at me åt, kanskje i håp om at det skulle vanka ein godbit i katteskåla etterkvart. Ho likte å «prøva sko». Då sat ho med framlabbane oppe i eit eller anna skopar. Slik kunne ho sitja lenge. For ikkje lenge sidan var det tomt i vannskåla, då sette ho seg på spisebordet og stirra på ein blomstervase heilt til eg hadde tatt poenget. Som kattunge ville ho gjerne ut om kvelden, og dukka så opp tidleg på natta og sat utanfor det opne soveromsvinduet og ropte. Mau- mau, heilt til eg vakna og stod opp for å sleppa henne inn. Eg påstod at ho ropte ma-ma , men fekk vel ikkje dei andre heilt med på det. Til slutt måtte det ein hestekur med avvisning til, for å venna ho av med nattmjauing. Det var i drygaste laget at når ungane endeleg sov rundt om natta, måtte eg opp kvar natt for å sleppa inn ein katt.

Me hadde snakka om at Venus var tynn, men det var først då kjærasten min reiste til Bolivia for halvanna veke sidan, at me syntest ho hadde mista litt av gnisten. Me lurte på om ho lengta, men når ho vart slakkare og slakkare og åt mindre og mindre kvar dag, fann me ut at me kanskje fekk ta ho til dyrlegen. I natt sov ho på Halvard sitt rom, og orka mest ikkje gå opp og ned trappa. Maten slikka ho mest bare på, og me kjøpte rådyr kattegourmetmat i håp om at det skulle hjelpa. I går kjøpte me ei sprøyte for å sprøyta vatn inn i munnen hennar fordi ho drakk lite og virka litt dehydrert.

For eit par veker sidan sa eg til Ingrid at eg hadde lese at normal levealder for kattar var frå sju år og oppover. Venus kom akkurat forbi med den store buskehalen stolt og lukkeleg løfta som alltid.  Ingrid sa,  «Hysj, ikkje la Venus høyra deg, ho må ikkje få vita at ho begynnar å bli gammal». Lite visste me då i kor stor grad dagane hennar var talde. Ho såg alltid så glad og fornøgd ut, og var ikkje jamrande eller aggressiv den siste veka heller. Ho var bare plutseleg heilt utan krefter.

Eg kjende meg som ein dommar som skulle dømma til døden, eller kanskje ein bøddel, då eg bestemte at me måtte gje henne den forferdelege sprøyta. Eg hadde håpa eg skulle sleppa det. Det slo meg kor utruleg tynn ho var då eg sat der og strauk over den lange pjuskete silkepelsen hennar til ho sovna.

Kvil i fred, vesle Venus. Eg håpar me valde det rette.
Heidi

From → Barna mine, Kattar

6 kommentarar
  1. Heidi permalink

    Jeg er så lei meg. Så trist. Jeg savner Venus allerede.

  2. Leif permalink

    Beklager – av en eller annen grunn henger innloggingen din igjen når jeg åpner Andedrakt, men det er jeg som skrev reaksjonen på din fine hilsen til vår Venus.

  3. heidi permalink

    Viss nokon vil sjå bilete av katten vår kan dei gå til kjærasten min sin blogg på http://digitalespor.blogspot.com/ Der ligg det fine foto.

  4. maybrit permalink

    så trist så trist – trygt og godt du kauste på henne til siste åndedrag ❤ Venus har hatt det som plommen i egget hos dere ❤ nå er hun fri fra jordisk smerte og er en fri sjel <3<3<3

  5. Tintomara permalink

    Det är så svårt, så svårt – men det är den sista tjänsten vi kan göra våra kära djur. Kram!

  6. heidi permalink

    Takk for støtte May Brit og Tintomara.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: