Gå til innhald

Helga Majken.

oktober 13, 2010

Dagen i dag har vore ei sterk oppleving på eit lågt plan. Eg har sitte på arbeidsromet heile dagen med teppe rundt meg fordi det er kaldt, og lese siste delen av Kolbein Falkeid si tjukke bok med alle dikta hans som er publisert gjennom eit langt liv som lyrikar. I tillegg har eg stadig vore innom på Dagbladet eller VG sine nettsider for å fylgja redningsaksjonen for gruvearbeidarane som har vore innestengde i ei kopargruve i Chile i meir enn to månadar. Begge deler har gjort veldig sterkt inntrykk på meg.

Ein av dei siste dagane før jul i 1983 reiste eg med tog frå Oslo til Sandnes. Eg hadde vore nokre dagar hos kjærasten min, som eg nokså nyleg hadde blitt kjærast med, etter at semesteret var slutt på formingslinja på Notodden lærerhøgskole. «Du får fylgje heim med ein antroposof,» sa kjærasten min, som fulgte meg til toget. Setet ved sida av mitt, ein vindusplass, var tomt akkurat nå, men nokon hadde rigga seg til der med ein cello, vesker og bøker at Rudolf Steiner.

Ikkje lenge etter kom tognaboen min tilbake. Ho hadde langt skjørt, sjal og ein rufsete frisyre. Ho fortalde at ho var på veg heim til Haugesund for å ha juleferie. Ho presenterte seg som Helga Falkeid, og eg sa at det pussig nok var mi farmor sitt namn som ugift jente. Me snakka om at me kunne tenkjast å vera i slekt langt ute ein stad, og under turen kom det fram at ho var dotter til Kolbein Falkeid, ein lyrikar eg allereie då hadde stor sans for. Då visste eg at me faktisk var fjernt i slekt, for farmor hadde sagt ein gong at ho  var tremenningen, eller kanskje det var syskenbarnet til Kolbein Falkeid. Jenta fortalde at ho var knytta til far sin, og såg opp til han, men at dei og hadde hatt ein del samanstøt fordi dei var veldig like.

Ho var eit uvanleg entusiastisk menneske, og turen gjekk som ein røyk. Ho fortalde meg om antroposofi og om ting eg lurte på som eg visste for lite om, særleg var ho oppteken av eurytmi. Denne jenta på min eigen alder gjorde sterkt inntrykk på meg, og samtalen vår bar eg med meg. Eg fekk derfor sjokk då eg fire år seinare las at Kolbein Falkeid hadde mista den eine dotter si, og at det seinare, gjennom intervju med han, kom fram at jenta som hadde døydd etter å ha slite med anoreksi og andre psykiske vanskar var togvenninna mi. Ei av diktsamlingane hans er dedikert til Helga Majken 1962-1988, og dødsfallet hennar må vel kunna seiast å vera eit hovudtema i den seinare diktninga hans. Lenge lurte eg på om eg skulle skriva eit brev til han for å fortelja om denne togreisa, og den entusiastiske jenta som hadde gjort slik inntrykk på meg. Eg valde å la det vera, for kva hadde eg eigentleg å fortelja? Eit referat frå ein åttetimars togtur, eit møte mellom to reisande? Men dikta han har skrive til henne gjer sjølvsagt ekstra sterkt inntrykk på meg. Her er eit av dei:

Et rom står avlåst.

Jeg lengter etter deg.

Et rom står avlåst i kroppen min.

Alle tingene dine finst der og avtrykkene

av det korte livet ditt, flyktige

som skygger på snøen i måneskinnet.

Nøkkelen har jeg og går inn

med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt

og taler uten ord med tomheten,

en kronisk lytter.

Jeg lengter etter deg

også fordi du var likest meg. Uten deg

går jeg alene med vranglynnet mitt.

Alt som var fint i meg, og nå falmet,

bar du som en tidlig sommerdag, et flott

langtidsvarsel, også lavtrykkene mine

langt vest i deg kunne hope seg opp.

Av og til

kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd

og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest

hang dagene våre som evige

søskenperler på kjedet.

Lengter etter deg.

Hverken vær eller dager løper mer

og tomheten svarer aldri.

Kolbein Falkeid

Heidi

From → Poesi, Reiser

4 kommentarar
  1. aller kjæraste syster permalink

    eg synes du skal skrive det brevet…

  2. Tintomara permalink

    Så fin dikt. Så vackert saknaden uttrycks. Om nu saknad kan vara vacker – jo, men det kan den nog.
    men varför ska man egentligen ha svårt att komma överens för att man är för lika? Jag har hört det många gånger, men nog är det konsdtigt? Det borde väl vara tvärtom?
    Man får alltid något att tänka på när man läser dina texter!

  3. heidi permalink

    På ein måte skjøner eg det med å vera for like, men det har to sider. Alle barna mine har sider ved personlegdomen sin som liknar på meg og andre ting som ikkje liknar på meg i det heile tatt. På den eine sida er det kanskje lettare å irritera seg over over ting ein irriterer seg over med seg sjølv, men på den andre sida er det lettare å tilgi på same tida, nettopp fordi ein kjenner seg att. Eg har til dømes relativt lett for å tilgi ungane mine at dei rotar, mistar ting, snakkar for mykje, kjem for seint til tog og øydelegg saker dei burde ha passa betre på. Korleis skulle eg ikkje kunna tilgi det etter å ha levd i 49 år i samliv med meg sjølv…

  4. heidi permalink

    Samtidig kan det nok vera ubehageleg å spegla seg i andre når ein ikkje likar det ein ser i spegelen. (Den siste setningen fekk eg liksom ikkje skrive før eg hadde trykt på scicka kommentar…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: