Gå til innhald

Just a closer walk with thee…

oktober 17, 2010

Som barn gjekk eg på sundagsskule i ei baptistkyrkje. Eg var og med i ein barneklubb der me fekk slikkepinnar når me kunne svara rett på spørsmåla frå ein bibeltekst me hadde øvd på heime. Så var det påskeleirar og ungdomstreff med bordtennis og konkurransar. Av og til, nokre ganske få gonger, har eg vore innom der etter at eg vart vaksen og flytta heimefrå. I dag var det ein slik gong. Gunn inviterte meg og Grethe med på song og musikkveld. Det var fint. Det var songgrupper og solistar, duoar, orkester, trompet, saksofon, dansande barn, flygel og orgel. Roma som ein gong var kjempestore, både kyrkjesalen og roma nede er ikkje store lenger i det heile tatt. Eg såg mange folk eg ikkje har sett på veldig lenge, og folk som eg ikkje er sikker på om eg kjende att, kom for å spørra om det verkeleg var meg. Det var fint å vera der. For min del kunne det gjerne hatt endå meir preg av dei gamle songane frå min barndom med » Til det gamle ærverdige kors, til det mektige kors vil jeg fly, og på kne ved dens blodstenkte fot, søke nåde og frelse på ny.» Eg hugsar desse songane som lag på lag med kanans språk og veldig rørande for eit barn med ekstra stor sans for vakre og opphøyde ord.  «Det gamle ærverdige kors», har eg forresten oppdaga er ei fornorsking av den langt meir rufsete og svingande «Old rugged cross», som ein kan finna i originalversjon på youtube.

Det gjekk opp for meg at ein truleg ikkje syng slike songar så ofte lenger i baptistkyrkjer heller. Kanskje eg rett og slett må reisa til ein bedehussongfestival eller noko slikt for å få synga barndommens songar om «Elvorna i Babel» og «Fikentreet står i blommer, jeg vil lytte etter lyden av hans trinn». Mellom meir moderne songar fekk me forresten sunge «Hvilken venn vi har i Jesus» og «Å hvor salig å få vandre,» så litt av det gamle var der framleis. Og på oppslagstavla i gangen var det plakatar om ei teaterforestilling om ei reise gjennom sinnet, eit foredrag om sjelesorg og besøk av eit russisk orkester, så baptistkyrkja frå barndomen min er nok der ho skal vera, undervegs gjennom tida…

Forut for song og musikkvelden, så fekk me kaffi i stova til Gunn, og me konstaterer at tida går og går, og at me klorer oss fast så godt me kan. Etterpå kjørte eg heim i oktobermørke, med John Ebersongroup på radioen og lysande bensinlampe på dashbordet. Men eg rekna absolutt med at eg skulle koma meg heim med den bensinen som var att på tanken, og det gjorde eg og. Det var ganske koseleg å kjøra gjennom regn og mørke medan gule haustblad deisa mot frontruta. Då eg kom heim hadde Ingrid bakt grovbrød med løk og ost og krydder som stod på kjøkkenbenken og lukta godt.

Me har hatt ei herleg hausthelg i heimen. Det er godt å ha kjærasten min heime att. Han er full av inntrykk etter ein månad i Bolivia, og noko avmagra etter å ha slite med to mageinfeksjonar, men elles med godt mot. Det har gått kjempegodt medan han var vekke, men det er godt å vera to att. Eg senker skuldrene nokre cm utan å ha vore klar over at dei var litt høge i utgangspunktet. Det er godt å ikkje vera aleine om ansvar og avgjersler kjenner eg, og kanskje eg rett og slett kan legga meg nokre kveldar utan å kjenna at eg må passa på at dei yngste ungdomane kjem seg trygt i hus.

På fredag var eg faktisk og i heimbygda mi og hadde fredagskvelden med tre andre barndomsvenninner. Det er så fint at me framleis har så god kontakt og kan dela livet med kvarandre når me møtest. Eg kjenner så mange fine folk og eg går frå rom til rom og treffer dei alle saman med ujamne mellomrom. I gårkveld var me inviterte til filmkveld i kjellarleilegheita til Ingrid, og der sat me og såg to filmar og åt oppskårne appelsiner og små sjokoladebitar etter at ho først hadde servert oss heimelaga pizza i peisestova. Det er ikkje dumt alltid å ha vaksne barn buande i underetasjen.

Midt på dagen tok me pause i fårikålkokinga og var med på å opna det store, fine, nye biblioteket her i den vesle byen vår. Det var flott opning med nydeleg musikk og ordførar med ordførarkjede og stetteglas med mozell til heile byen. Teatergruppa til Sunniva var litterære figurar frå barnebøker, så Sunniva vandra rundt på biblioteket utkledd som Madicken, og Vilde med tryllestav, briller og Galtvortuniform i rollen som Harry Potter. Eg trur biblioteket som skal bli kombinert bibliotek og Garborgsenter skal bli eit veldig fint tilskot til kulturlivet her. Eg opplever at eg bur i ein kommune som prioritere kultur. Det kjennest bra. Eg skal nå gjera eit forsøk på å flytta døgnrytmen min tilbake til det tilnærma normale. Den siste veka har klokka blitt både to og tre og halv fire før eg er i seng. Slik kan eg vel ikkje ha det? Eg er på stadig jakt etter metoder for å vrenga litt fleire timar ut av døgnet enn dei me har tilgjengeleg. Kanskje eg snart må innsjå at akkurat det prosjektet er det få som har lukkast med. Eg har lese ein plass at ekte B-menneske er programmerte for døgn som er på meir enn 24 timar… Det kan kjennast ut som om eg har denne vesle produksjonsfeilen…

Heidi

4 kommentarar
  1. Gunn permalink

    God natt til deg, og takk for en jille kveld….sjøl om jeg ikke sang hverken ord eller lyd. Godt du ikkje nevnte kaffien de serverte i vår barndoms kirke….nå ikveld !!!!!! Kan du begriba for et oppkog !?!??

  2. heidi permalink

    Eg har for vane å ikkje skriva ting som kan opplevast sårande for nokon. Det er i og for seg interessant at kaffi kan ha ein så sterk aroma av potetkjellar. Hadde det vore ein vin hadde det kanskje vore eit interessant karaktertrekk.

  3. Gunn permalink

    off då……….jeg mangler visst takt og tone både når det gjelder sang og kaffikomentar……men de er både rause og fjåge de baptistene jeg kjenner….så jeg anser meg som tilgitt. På stedet !!

  4. heidi permalink

    Det var nok ei litt uheldig TV-kanne med i spelet. Får trøysta oss med at hippe og kule kaffimaskinar ikkje har overteke for dei gamle kannene… Det ville vel vera å dra kyrkjekaffiritualet i lengste laget…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: