Gå til innhald

Gaudi, Gilbert og gatelivet.

oktober 21, 2010

Dagen starta med ein tur til staden me forelska oss i i går, Fnak, den store bokhandelen med avdeling for elektronisk utstyr med kafé i underetasjen. Sidan hotellet ikkje er inkludert frokost hadde me blinka ut kafeen der til det perfekte frokoststedet. Det var det og. Me hadde nydeleg frokost med noko ciabatabrødliknande brød med deilig ost, kaffe og ferskpressa appelsinjus. Dei fastbuande her har ein rar frokostvane med varm sjokolade, og noko smultringliknande bakverk kokt i olje, som dei dyppar i kakaoen. Ikkje akkurat Fedon, Atkins eller Grethe Roede- vennleg…

På bokhandelen kjøpte eg den boka ”alle” les for tida ”eat, pray, love” av Elizabeth Gilbert. I tillegg kjøpte eg ”Noah`s compass” av Anne Tyler og ein Gaudi- biografi. Når ein er i eit spansktalande land så kjennest jo engelsk omtrent som morsmålet. Eg er glad viss eg kan lesa norske, svenske, danske, engelske og tyske bøker på originalspråket, og synest det er dumt at det omtrent bare er mogleg å få norske bøker i Norge. Når det er sagt så er det faktisk langt enklare å få kjøpt ei engelsk bok i Norge enn ei svensk. Merkeleg system.  Kjærasten min har kjøpt seg i-pad, noko eg sjølv ikkje har kjend noko som helst behov for. Han snakkar varmt om elektroniske bøker, så nå har han lasta ned Barack Obama sin sjølvbiografi til meg, og eg har lova å gje e-bøker ein sjanse. Eg les jo i og for seg masse tekst kvar einaste dag på skjerm,  men eg har ikkje heilt tru på at eg kan få same kosen og leseopplevinga ved å lesa skjønnlitteratur på skjerm, men nå får me sjå…

Etter ein storveis føremiddag på bokhandel og kafeteria, måtte me bestemma kva me ville få med oss av Barcelona i dag. Sjølv om me skal vera her nokre dagar til, innser eg at storbyferiar mellom anna dreier seg om knallharde prioriteringar. Me studerte kart og turistguide og fann ut at om me tok 24- bussen frå der me var, så kom me til Park Güell, så det bestemte me oss for å gjera. Eg hadde meir lyst til å sjå Gaudi enn Picasso og Miro i dag, og det var deilig sol. Park Güell låg på ein høgde, og me hadde høyrt at Gaudibygget låg på toppen av parken. Me gjekk opp smale stier med palmar, pinjetre og lønnetre og masse blomar. Det lukta honning og marihuana i parken, det var gatemusikantar og masse gateselgarar som selde gaudiaktige smykke og figurar på teppa sine. Me kom til toppen, der var det nydeleg utsikt over byen, men lite spennande arkitektur å sjå. Så måtte me spørja oss veg og det viste seg at det me aller mest kom for å sjå låg nede i inngangspartiet nederst i parken. Me hadde kome inn ein slags bakveg. Bygningane var verkeleg fine, med flotte fargar, spennande tårn og kuplar og overflater av keramiske fliser som var brukne opp i småbitar. Ein mann med stripete bukse på høge stylter, akkurat ein slik mann som eg hadde på glansbilete då eg var lita, utførte imponerande balansekunst, og ei gammal dame stod utanfor toalettet og selde dopapir porsjonert i antall tørk til dei som skulle inn på doen.

Klokka halv sju gjekk me på kino og såg filmen ”Social network”, som skulle vera ein slags dokumentarfilm om han som starta facebook. Mannen filmen dreiar seg om er visstnok ikkje overbegeistra over måten han vart framstilt på, og det kan eg forstå. Men det var ein interessant film, og eg trur det må vera ein grei måte å læra meir spansk på å sjå ein film med engelsk tale og spanske undertekstar. Eg forstår ein del spansk, men det er mykje lettare å lesa språket enn å forstå det folk seier i normalt taletempo. Det å snakka sjølv er aller vanskelegast. Dessutan snakkar dei catalansk her som er eit litt anna språk enn casteliansk som er det høgspanske språket. Kor stor forskjell det gjer for meg er ikkje lett å seia. Men kjærasten min som snart skal ta eksamen som kvalifiserer han til å undervisa i spansk er blitt veldig flink. Han har jo vore tilsaman ganske mange veker i spansktalande land dei siste tre åra, og det er utan tvil den beste måten å læra eit språk på. Eg trur spansk er eit vanskeleg språk å læra seg.  Om eg går vidare med å prøva å læra det nokon gong får tida visa.

Me avslutta kvelden med veldig god mat på indonesisk restaurant. Maten smakte deilig av kokosmelk og ingefær, chili og karri. Etterpå såg me streetdance og turning på ramblaen, ein mann tok saltoar over heile rekkjer av publikumarar. På ein bar såg me det siste kvarteret av fotballkampen København tapte 2-0 mot Barcelona. Kanskje me vart tekne for danske fotballfans? Me vart ikkje forsøkt rana i dei tronge mørke gatene i det gotiske kvarteret. Det var sjarmerande der på ein nokså rufsete måte, med fine husfasadar og gammeldagse gatelykter og fullt av søppelsekker langs husveggane. Overalt er her gateselgarar som prøver å selgja desse sjølvlysande blå pilene dei skyt opp med strikk som svever som blå lyskuler over gatene. Dei var svært populære i Roma i fjor og. Sånne små fløyter ein held mellom tennen med veldig masete lyd i er og ein stor salgsartikkel her. Me må ha sett mange hundre gateselgjarar i dag, og ikkje så mange kjøparar. Det må vera eit ganske magert liv med låge inntekter vil eg tru. Nå er det kanskje på tide å ta kvelden for å lada opp til nye opplevingar i morgon. Internett har svikta hotellromet vårt i kveld, så eg veit ikkje når eg får lagt ut dette.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Takk for alt du deler!! Hels kjærasten:) Maren er på si fyrste konfsamling ikveld…..

  2. heidi permalink

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: