Gå til innhald

La Sagrada Familia

oktober 23, 2010

I dobbel forstand… Her i Barcelona er det framleis sommar. Over tjue grader i sola, med eit og anna fallande blad. Det blir litt vemodig å ta avskjed, for det er nok siste gongen i år me helsar på sommaren. Me nyt byen med høg intensitet og tempo når me er samla her alle saman. Me har hatt tapaskveld, lange vandringar i byen, sightseeing med buss og seine nattetimar på utekafe i havna. Nå i dag har me vore i byen for å handla og kikka på folk. I kveld skal me på fire rettars middag med flamencoshow og sjampanje. Eg hadde trunge eit strykejern, men får vel kanskje klara meg utan. Så er det heim i morgon tidleg.

Det fine med å koma heim er at eg er blitt «mormor» til ein mopsevalp medan eg har vore borte. Ingrid og Oddvar har skaffa seg ein liten Otto eller kanskje Oscar. Han er tre månadar gammal og lysebrun. Eg har vore litt skeptisk sidan Ingrid tidlegare har hatt allergiske reaksjonar mot ein del hundar, men han ser heilt fullstendig bedårande ut, så me får håpa at det går bra.

Heidi

4 kommentarar
  1. emma permalink

    Eg får håpe det blir Otto og ikkje Oscar…

  2. heidi permalink

    Eg er redd det har blitt Oscar, eller Oscar Otto for å vera nøyaktig. Dei som heiter det frå før får kanskje oppfatta det som eit kompliment, det er eit flott namn. Elles så er eigarinna nokså utlada av påkjenninga med å ha ansvaret for ein sprettande glad og hyperenergisk liten valp. Det var nok endå mykje travlare enn ho trudde…

  3. Scylla permalink

    Åh, mormor! Grattis! 😉

  4. heidi permalink

    Takk, takk…

Legg att svar til heidi Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: