Frå mi mest religiøse side…
Pust på meg Heilage Ande
Blås meg nedover gata
så eg er på rett plass
og møter dei eg skal møta
Ver den kvite dua
som eg kan fylgja etter.
Vis meg mine vegar,
ikkje gløym å bruka meg.
Varm hjartet mitt nok
til at eg kan vera ute i kaldeveret,
og gjer hovudet mitt kaldt nok
til at eg kan bera klare tankar
til å bruka det
eg ikkje visste
at eg visste.
Ver krafta som eg ikkje kan stå i mot,
og vakt mine innfall
så dei ikkje legg seg heilt på tvers
og stengjer for det gode.
Ver kjærleiken eg ikkje har ord for
og stifinnar for lengten min.
Ver stemmen som kviskrar,
og meg ro til å høyra etter.
Ver i pusten min
så han fell til ro
når eg treng kvile
og pustar fort nok
når det er det som trengst.
Ver i hendene mine når eg foldar dei
eller strekkjer dei ut for å gripa
eller for å ta i mot.
Gjer meg open nok til å romma deg,
og fast nok til å helda deg fast.
Lær meg å telja dagar,
og stans meg når eg jagar vind,
Fyll min tome tanke.
Ver i mine tome sansar.
Ver flammen på hovudet mitt
og elden i hjartet mitt
Opna meg for små og store under.
Gjer meg til ein reiskap
for din fred og for din uro.
La meg bu i dagane mine,
og gi meg mot til å opna dei for andre.
Bruk meg Heilage Ande.
Fyll meg og gjer meg heil.
Heidi
Kardinal John Henry Newman har skrive ned ei bøn som Moder Teresa og systrene i hennar orden ber. Overskrifta er «Å utstråle Kristus». Den bøna kom eg på då eg las di bøn!
Den må eg få lesa ein gong.