Gå til innhald

Luke ein

desember 1, 2010

Luke 1 opna med ein ørliten bit mørk sjokolade, for Ingrid hadde hengd ein sjokoladekalender over skrivebordet til mor si. Klokka ti vart me henta eg og ho, og så reiste me gjennom tunnelane under sjøen ut til fergeleiet og så med båten for å besøkja farmor. «To unge og to gamle» som far så smigrande uttrykte det då me kjøpte billettar. Ute var det rimkvitt og iskaldt, havet var marineblått, og fjella i aust hadde alt fått snø på seg. Etter tre timar med innlagd «handle-plante-til-farmor-pause», var me framme. Farmor kom ut på trappa for å ta i mot oss og var så sprek som bare det. På båten møtte me Torfrid og Jakop B som var på veg til Utsira for å besøkja mor til Torfrid, som snart skulle fylla 102 år. Då vart det plutseleg ikkje så gammalt likevel at farmor snart skal fylla 94.

Inne var det varmt og godt, men Ingrid hadde fått så frosten i seg at ho måtte få låna eit par raggsokkar som farmor nettopp hadde strikka ferdig. Så fekk me blomkålsuppe og pizza, saft og kaffi med nydelege nysteikte krotekaker frå Karin. Eg fekk med meg oppskrifta heim, og lurer på om eg skal for første gongen i mitt liv, våga meg på å prøva meg som lefse/ krotekakebakar. Det er synd viss kunsten med å laga dei fantastisk gode rogalandslefsene døyr ut med farmorgenerasjonen. Eg er litt engsteleg for om det er heilt uoverkomeleg å få til utkjevlinga, men det kunne faktisk vera eit forsøk verd. Heimelaga lefser og nykokt gome ville auka min husmorstatus med ganske mange poeng for å seia det slik… Eg trur eg ville kjend meg skikkeleg stolt om eg i eit eller anna juleselskap litt tilfeldig kunne setja slike ting på bordet.

Dette er adventstida då eg pr definisjon verkeleg burde ha litt meir tid enn vanleg. Eg skal prøva å disponera dagane mine klokt. Eg har så mykje eg gjerne ville bruka dagane til. Men logrande, dansande hundar og malande kattar er ikkje av vegen det heller når det gjeld å finna kvilepulsen. Farmor kunne melda at det i fylgje metereologane hadde vore den kaldaste november-månaden på 91 år. Det blir spennande å sjå om denne vinteren blir like kald som den førre. Med felles innsats, kreativitet og forente krefter fekk kjærasten min til å henga opp ei stor pappstjerne med lys i i stovevindauget. Av og til slår det meg at me er håplaust upraktiske her i heimen.

Og i dag har det vore 1. desember.
Heidi

2 kommentarar
  1. emma permalink

    Så koseleg å høyre om turen til farmora di. I går bestilte eg tryggleiksalarm til dei gamle i Fagertunveien. Då hadde 90 åringen ramla i gangen og blei liggande i over ein time før vi kom. Like etter at vi hadde kome var ambulansen på plass. De hadde ringt 113;men dei drog igjen. Litt misbruk av tjenesten og til min store forskrekking hadde 90 åringen avbestilt alarmen dei hadde før. Heldigvis hadde ikkje den gamle slått seg, men var nedkjølt fordi han hadde fått kona til å ta av seg strømpene og skoa. Ja, ja. Gler meg til dere kjem laurdag. Henrik blir med på festen allikevle, fordi han er tilbake frå tur kl. 17.00 laurdag.

  2. heidi permalink

    Hjelpe meg, nå blir eg rent skjelven. Godt dei får alarm. Gler meg eg og. Ein hummmm- tekst ligg snart i mailen din. Følg med. Må bare få skrive han ned. 🙂

Legg att svar til heidi Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: