Så er eg over grensa
til eit nytt tiår. Viss eg er brutalt ærleg, så kan eg nå kalla meg sjølv ei dame i 50-60 årsalderen. Festen på laurdag vart akkurat så fin som eg hadde håpa at han skulle bli. Mange bidrog med både mat og underhaldning og utsikta frå vindauga i det gamle huset var omtrent så vakker som utsikt kan vera. Eit gammaldags sprossevindu ut mot storhavet med høg kveldshimmel over er bare flott. Eg vart talt for, sungen for, dansa for og spelt teater for, og Torhild spelte piano så taklampa svinga og veggene dirra.
I dag har eg fått maksimalt ut av dagen. Eg vakna til morgonsol og trudde klokka var minst halv ni, i staden viste det seg etterkvart at ho heller må ha vore halv sju. Ingen ungdomar på veg til skulen, men så dukka dei opp ein etter ein frå senger og joggeturar. Eg lurte på om heile huset hadde forsove seg, men så såg eg på klokka.
Først på føremiddagen i dag fekk eg tid til å lesa alle korta, telja pengane eg skal senda til Linda i Tanzania og pakka ut dei siste presangane. Eg kan senda nedover nesten elleve tusen kroner, noko eg er svært glad for. Eg veit at pengane kjem veldig vel med. Eg fekk ein tur med Astrid i solskin før noko som minna meir om syndefloden braka laus. Me skulle eta middag på den nye thai-restauranten som viste seg å vera stengd på måndagar, og så vart det kinesisk i staden før eg vende nasen til den gamle arbeidsplassen min for å vera med på planlegging der. Der vart det meir song og tale og blomar og presang. Så har me mekka timeplan og nesten kome i mål. Det er heilt ok å ha eit bein i dørsprekka til mitt vanlege liv og framleis vita at det er nesten tre månadar att før eg begynner for alvor.
Ein riddar av ein ny mannleg kollega spurte om han fekk kjøra jubilanten heim, men jubilanten svara at ho trong stega sine, så ho måtte nok gå. Og det gjorde ho. Regnet hadde stoppa og det lukta syrin og hegg og jasmin ute. Og om ein halvtime renn kvelden over datogrensa. Dagen har vore god.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., Kjærasten min, Natur, sommar, våren
Härligt att dagen blev precis så fin som den skulle vara! Och roligt men pengarna, tänk vilken skillnad de kommer att göra!
Grattis! Kanskje dette kan være et aldri så lite jubileumsdikt? Takk for en lysende blogg, Heidi!
DE SOM VENTER PÅ MÅNEN
Langsomt tar trassen til å sveve
Ord tar ord, smerte smerte
Og før vi vet
årene av det
Blir vi fanget
og bundet fast
av tidløshetens tvangstrøye
Den ubønnhørlige
Når dråper
av beiskhet
Etter årtier
Trenger igjennom
taushetenes ørkensand
Og fuglesangen
svinner bak
askeskyene
Under de lange netters
kompromitterende tomgang
Langsomt går ordene seg vill
i overmunnen
Under et dekke av smeltende isflak
Den som ser lys
er en sjelden vare
nå om dagen
De som venter på månen
har ennå ikke sett snurten
Stein Emmanuel van der Jarfeld
Fantastisk dikt, van der Jarfeld. Før vi vet årene av det blir vi fanget og bundet fast… Men ikkje du og eg, me skal halda tunga så rett me kan mellom alle orda i overmunnen og fanga månen med lange forventningsfulle armar.
Og det å tenkja på pengane eg skal senda nedover er ein veldig god tanke, Tintomara.