Gå til innhald

Snart skal mai bli til juni

mai 31, 2011

og månaden har teke meg med i eit forrykande tempoløp. Eg har fått skrive lite, i staden har eg vore festarrangør og sørga for eit par uforgløymelege feiringar av femtiårsdagen min. Så har det vore innspurt i kulturskulen sånn minst til den store gullmedaljen. I dag vart teknikken baksida på medaljen. På grunn av mange mikrofonskift fekk me alt for dårleg tid på generalprøven, og det vart ein del i bestefall sjarmerande småglippar på premieren. I morgon har me tid til å øva og drilla mikrofonskifter før skuleforestillingane, så eg håpar me får ting heilt på plass då. Ungane er flinke og har jobba hardt og det er jo det viktigste. Foreldra er og eit velvillig publikum.

Etterpå skein plutseleg sola etter regnver i fleire dagar. Det kjendest bra. Me har henta heim sommarblomar og plukka fine peonar i hagen til onkel. Det er framleis fullt av fine blomar i stova. I morgon er det juni og då er det vel pr definisjon sommar. Sommaren her kjem me.
Heidi

 

4 kommentarar
  1. emma permalink

    I dag bada eg for første gong i år – i sjøen altså. Seier på radioen at det er 17 grader, men Marco svømte lengre enn meg. Somaren er komen!

  2. heidi permalink

    Så deilig. Sommaren er komen her og. Det går gjetord om talen du hadde for to veker sidan. Fleire personar har fortald at dei går og ler når dei tenkjer på melonar og masker og slikt 😉

  3. emma permalink

    Det var da voldsomt, men absolutt noko å gle seg over. Synes igrunn den vart fin eg og…

  4. emma permalink

    Sender over ein link til Ona Havstuer der eg tenkte vi skal bo i august.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: