Gå til innhald

Og når netter er ljose som dagar…

juni 5, 2011

For plutseleg er det nesten det dei er, – utan at eg har lsgt skikkeleg merke til at me nærmar oss jonsok fordi det har vore så kaldt og grått den siste månaden. Men nå er sommaren her. Me har hatt tre dagar med sol og varme, og kvart einaste år kjennest det heilt berusande når det skjer.

På fredag skulle me grilla, kjærasten min eg og Ingrid. Det første me oppdaga var at me var mest tome for grillkol. Den kreative dotter mi fann ein lett forkola vedkubbe i peisen som me klarte å få fyr på. Men dessverre vart grillen adri skikkeleg varm, så det enda med at pølsene og grillspyda med kalkun måtte i steikepanna inne på kjøkkenet. Men me åt dei ute, og grillen lukta herleg bål, så alt i alt vart det eit skikkeleg sommarmåltid. Etterpå reiste eg til Ålgård for å ha ein jentekveld med barneskulevenninnene mine, eller med tre av dei i alle fall. Me hadde ein heilt nydeleg kveld i lag, og då eg kjørde heim ein time etter midnatt var det framleis ikkje heilt mørkt. Det var sånn trolsk sommarnattstemning der eg kjørde ut og inn av tåkeflak som sveiv lokalt over myrer og tjern. På radioen spelte dei musikk a Beethoven og Hayden, og det kjendest heilt magisk.

I går fekk me vera med å feira Helga sin 50-års dag i eit hus ved eit stort vatn, der me kunne sjå sommarnatta siga over oss i langsomt tempo. Me song og dansa og åt thailandsk mat. Det var ein verkeleg fin kveld det og. Etter to seine kveldar har det vore ein relativt roleg dag i dag. Eg har lese to av Ingrid sine litterære pensumbøker: «Løvetannsang» og «Pittbullterje går amok», liggande på magen på eit rosa teppe ute i sola. Det er to flottte undgomsbøker. Eg har lese dei fordi det er fint for Ingrid å kunna diskutera dei med nokon, og når det gjeld å lesa bøker er eg ikkje vanskeleg å be. Så har eg gått tur med Oskar rundt tjernet like her borte, eg gjekk med sommarkjole og bare bein i sandalane og såg på svanene som hekkar nå, på den nye vegen dei byggjer og på enger fulle av avblomstra løvetann som står der med kvite fallskjermar og byr seg fram for vinden.

Nå har eg ein from tanke om å få støvsugt litt i huset medan det endå er litt igjen av dagen.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: