Gå til innhald

3.juli 2011

juli 4, 2011

Her kjem første stemningsrapporten frå Ålbæk i Danmark, staden som ligg midt mellom Skagen og Frederikshavn. Det er ca to mil til begge destinasjonane i kvar si lei. Me har leigd eit sommarhus like ved stranda, og her er det umåteleg idyllisk. Det er ein spesiell situasjon å vera på sommarferie med alle dei meir eller midre vaksne ungane våre, og til nå har det vore ei udelt positiv oppleving.

I går kom me fram utpå kvelden og etter å ha hamstra mat på den lokale sparbutikken laga me oss deilig middag med tjukke danske biffar kjøpte med ei lang baconstrimle rundt kvar. Saman med nylaga salat, sjampinjong, raud løk og grøn peparsaus, og potetmos for dei av oss som ikkje lever på lågkarbo, så smakte det utruleg godt. Danske jordbær med fløyte til dessert var heller ikkje dumt.

I dag er det ingen vanleg dag, for det er Ingrid sin fødselsdag, hurra, hurra, hurra, som dei syng i Lotta filmen. Og om nokon som ikkje kjenner oss lurer på korleis Ingrid såg ut i 5-6 årsalderen, så kan dei setja på akkurat den filmen, for den vesle jenta vår både såg ut som Lotta frå Bråkmakergata og oppførde seg akkurat som ho.

Og sjølv om me er på tur er det klart at ho må feirast, så i dag morges vanka det både medbrakte presangar, kort frå farmor, sjokolade, nøter og eit dansk interiørmagasin. Til frokost var det egg og bacon og ei dansk jordbærkake kjøpt inn i går. Det viste seg at dansk jordbærkake med topping av jordbær i gele og grøn marsipan viste seg å vera litt i søtaste og mektigste laget for norske ganer, men reint dekormessig så var det ei flott kake.

Og vår vesle Lotta er ikkje liten lenger. Ho fyller 22 år i dag og har mann og hund og har nettopp kjøpt seg eigen leiligheit. Så heldige me som framleis får feira henne.

Etter den solide frokosten tok eg kjærasten min med på oppdagarferd, når eg er ute og reiser er eg ein skikkeleg Askeladd, eg liker å driva omkring, lytta til kva folk snakkar om og kikka på korleis dei ser ut. I det me gjekk ut av døra begynte det å regna. Heldigvis hadde me med oss store grøne paraplyar i bilen, ein bil som for øvrig var så fullstappa då me reiste i går at skiboksen måtte lukkast med tape og tau, og eg sat i bilsetet med nett og vesker både på golvet framfor meg og på fanget. Det kan ikkje bli snakk om at nokon gjer dei store innkjøpa medan me er her.

Men paraplyar hadde me med oss, og det regna vennleg over nyperoser og sjasmin, strandnellikar og marehalm. Stranda likna til forveksling på den me har heime, bare at der er me ikkje i gåavstand til herlegdomen. Den einaste forskjellen er at her var det fleire rekkjer med sandkuler før me kom ned til havet enn det me har heime. Og så viste det seg at dei har ei hamn her. Ei kjempekoseleg hamn med fiskebåtar, sjøbuer, måkar og menneske. Eg har lånt eit ganske brukbart kamera av kjærasten min, og kosar meg med å fotografera.

Ei fantastisk greie viste seg å vera at ei av sjøbuene i Ålbæk var via sal av gamle bøker. Der var dei sorterte i kassar etter språk og tema og kosta ned i 10 kroner stykket. Eg hadde ikkje med danske pengar, men loppa kjærasten min for det han hadde og gjekk nøgd der i frå med ein brukt plastpose med ein Benny Andersen biografi, ei bok med ”De beste danske dikte gennem tidene” og ei bok med ”Nattpoesi” udgivet av ”Dansklærerforbundet”. Eg må utan tvil dit igjen med meir pengar i lommeboka, problemet blir bare kor bøkene skal oppbevarast når me kjører heim. Kanskje det er nokre kubikkcentimeter å gå på under seta? Det aller mest fantastiske var at ein bare la pengane for bøkene i ei korg før ein gjekk der i frå. Leve trua på menneska… Men kanskje dei fleste gangstarar ikkje er spesielt opptekne av gamle danske lyrikksamlingar?

Då me kom heim slakka ungdommen i den lett overgrodde hagen utanfor huset. Me laga lunsj beståande av scampi steikt med chili og kvitlauk, salat med fetaost, danske rundstykker, ost, leverpostei og salami. Til kaffen etterpå var det ingen som hadde spesielt lyst på dansk jordbærkake, så den står framleis i kjøleskapet.

Så kom det ein seanse som eg ville ha vore villig til å vedda ein tusenlapp på at me aldri skulle oppleva: Halvard klarte å få med resten av familien på ein idrettskonkurranse der det vart konkurrert i lengde med tilløp, stille lengde og 100 m sprint. I den siste kontkurransen var det bare Halvard og Odd Christian som deltok. Halvard la inn alle ekstrareserver då storebroren leda inn mot mål, og klarte å springa ned stakittgjerdet mot gata. Heldigvis viste det seg å vera lett å få på plass att, og så avslutta me meisterskapet med yogaøvingar leia av Sunniva. Dette høyrest ut som ein reportasje frå Kennedyfamilien sitt liv på sommastaden, og er så utypisk oss at ein kunne lura på om me hadde fått kollektivt solstikk…

For visst kom sola etterkvart og det vart deilig behageleg sommartemperatur på rundt 24 grader. Akkurat nå dryp det litt igjen. Jentene har gått for å staila seg litt før me skal til Skagen og eta gebursdagsmiddag.

Fred og kjærleik frå Danmark.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. emma's avatar
    emma permalink

    Helledussen – det må eg sei. Kanskje dåkke e bitt av fellesskasmesterskapetforfamiliermedvaksnsebarn.
    Har vore hos dei gamle – laga salat, nypoteter, papayasalat og roastbiff. Satte resten av maten som skulle heim i mellomgangen – og der kom Marco til Han fekk nok i seg roastbiff for ein femtilapp. H. synes det var storveis.
    Dei gamle har også fått innstallert nytt tv i dag, så dei var veldig fornøgde. Dei gler seg til dåkke kjem.

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det høyrest ikkje så verst ut det du fortel heller.Kanskje eg må arrangera ein slik konkurranse. Koss er veret hos dokke? Her har me sommar.

Legg att svar til heidi Avbryt svar