Gå til innhald

Hinterm Horizont

august 6, 2011

I går var me på DDR-museum. Det var eit flott museum der me verkeleg fekk ei kjensle av korleis det var å leva i DDR. Ein kunne bokstaveleg talt dra ut skuffer for å få utdjupa nærare dei tema som museet tok for seg. På den måten kunne eg få lesa arbeidsbøker frå barn som gjekk på skule i DDR på 70-talet, kunne sjå barne TV om «Der Sandmann» som kom kvar einaste kveld for å ønska barna i DDR ei god natt. Denne Sandmann viste seg å vera identisk med den figuren som under namnet «Jon Blund» dukka opp kvar gong tøffe Tøflus snurra film for norske barn i Skomakergata. Me fekk gå inn i ei leilegheit frå 70-talet i DDR, prøvesitja ein trabant, ta eit lynkurs i russisk, kjenna på den austtyske versjonen av dongeribukser, og få med seg opplegget for ungpionerane. Det politiske propagandasystemet møtte barna i barnehagen og fulgte dei gjennom livet. Som i speidarrørsla fekk dei læra om naturvern og samtidig vart dei oppdregne til å sjå velsigninga i kommunismen. Det meir enn anar meg at då det fantastiske skjedde og muren fall så oppstod det meir enn ein kulturkollisjon mellom aust og vest. Ein gong høyrde eg ei vestysk dame sukka over desse «ossiane» som var vane med å få gratis lege og sjukehus, medan dei personleg gjennom årtier hadde betalt inn tusenar på tusenar til «die Krankenkasse».

Etterpå var me på teater på Potsdamer Platz og såg musikalen «Hinterm Horizont».  Denne handla om same temaet og var bygd på songane til Udo Lindenberg. I denne versjonen blir Udo forelska i ei austtysk jente når han som første vesttyskar får halda konsert i Austberlin. Dei møtest att ein gong i Moskva, og ho får eit barn med han som han aldri får vita om. Når muren fell oppsøkjer ho han og finn ut at han ikkje er som ho hadde trudd.

Historia i seg sjølv er kanskje litt tynn, slik historiar i den typen musikalar ofte blir, men scenografi og måten det blir utførd på imponerer meg alltid. Det var ei blanding av gammal film, storskjermbruk, dreiescene med ulike inventar frå DDR-tida, og sjølvsagt flott musikk, song og dans. Udo Lindenbergers truleg berømte hatt i gigantformat gjekk som ein raud tråd gjennom forestillinga. Eg beundrar stumt at nokon klarer å prestera fantastisk song medan dei heng i ein vaier høgt oppe under taket i konserthuset medan dei hed ein stor gassballong i handa og på ein symbolsk måte flyktar frå aust til vest. Kanskje akkurat den songen var play-back, kva veit eg… Det ser veldig kjekt ut å jobba med teater i stort format, bare kunna bestilla det umoglege i sceneløysingar og så blir det fiksa av dyktige handverkarar…

Me snakka om kor merkeleg det er at denne nå nesten surrealistiske perioden i tysk historie «nettopp» fann stad. At me som barn høyrde at muren nok kom til å stå der for alltid… Og det endå meir vanvituge at Hitlertyskland med konsentrasjonsleirar og det heile foregjekk bare 15-16 år før me vart fødde. Ikkje rart at vaksne folk var frykteleg opptekne av «krigen» den gongen me var barn.

Endå meir skremmande er tanken at like vanvituge ting faktisk foregår i verda akkurat nå. At så mange menneske er trua av hunger utan at det går meir inn på oss, og at det ingen trudde kunne vera mogleg skjedde i Norge for bare to veker sidan.

Verden er ein underleg plass. Måtte vår jord bli oss venleg, som det heiter i den norske versjonen av Brecht si fredsvise. Og ikkje minst; måtte me klara å styra verda med vit og kjærleik. Det kinkige med det siste ynskjet er at det er me som har fordelane av at verda er urettferdig.

Og nå er eg på viddene att, men på viktige vidder vil eg påstå.
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: