Gå til innhald

Morgonsol om landet lyser

august 10, 2011

heitte ein morgonsong me lærte av Olga Midttun i fjerde klasse. Og faktisk gjer ho det  akkurat nå, sola. Det er har vore ein veldig tidleg morgon. Eg vakna klokka ti over fire og sovna ikkje att fordi eg var redd eg ikkje skulle vakna av vekkerklokka klokka ti på halv seks. I dag var det dagen for den store askeladdturen heilt til Sunnmøre med tog. Det vil seia først heile sørlandet til Oslo, og så byte til Trondheimsbanen og nytt byte på Dombås til Åndalsnes. Det vil seia ca 16 timar meir eller mindre i eitt på toget.
Det er rart kor langt ein kan koma for 300 kr med NSB, men det er knappe marginar tidsmessig så det gjenstår å sjå om det blir ei spontanovernatting på ein eller annan stasjon eller noko slikt. Klokka halv fem i dag morges høljeregna det, og dei har varsla ganske låge temperaturer, genser, ytterjakke, gummistøvlar og regntøy høyrer med til norsk sommar, slik er det bare…

Eva Mari som ordna billetten hadde jammen kosta på meg ein plass i comfortvogn, og sidan dei reklamerer med internett og tilkopling til straum for datamaskinar, så fann eg ut at eg måtte prøva det. Dette er min første togtur med medbrakt datamaskin, så nå skal eg finna ut koss dette fungerer. Det har ikkje lukkast meg å kopla til internett det kvarteret eg har hatt PC-en på, men det kan ein kanskje ikkje venta så lenge toget har gått like mykje inni som utanpå fjellet…

Men sjå der ja, der var eg på nett. Nå må eg bare hugsa å lagra ofte dersom eg skal skriva direkte på nettet slik eg gjer nå, for dekninga kjem nok til å koma og gå. Det er veldig roleg her i comfortvogna der eg oppheld meg. Det kan jo ha med at det framleis er morgon å gjera. Her er det mest menn. Eit par av dei les aviser, nokre drikk kaffi og eit par personar har kopla til datamaskinane sine. Me var nettopp på Marnadal stasjon, utanfor togvinduet er det smågardar og fjell, og der kjørde toget inn i ein tunnel att…

Ute er det august og mogen sommar. August er kanskje den vakraste månaden eg veit om. Alt er moge og grønt og mjukt og mildt. På toppen av det heile er det dryssa ei teskei vemod, fordi det forgjengelege er ein viktig del om denne månaden. Som Einar Skjæråsen så vakkert seier det så er det som om naturen «stiger og synker mot visningens dal».

Den lange, fine skuleferien er og på hell nå. Eg strekkjer ferien så langt eg kan og dreg på tur til Ona, fyrøya utanfor Ålesund, eg tek toget heim på sundag, siste etappe blir nattog frå Oslo og heim og så går eg rett på jobb på første planleggingsdagen som startar ein time etter at togen forhåpentlegvis har trilla inn på stasjonen heime.

Etter ein ny tunnel skin sola på ein liten stasjon i eit skogsholt der geiteramsen står og lyser og ein stabel gamle jernbaneskiner luktar deilig av tjøre. Det siste kjenner eg ikkje, eg bare veit at jernbanesviller luktar godt av tjøre, og så forsvinn Snartemo stasjon att, og toget går atter inn i fjellet. Eg tenkjer at denne teksten kanskje bare er sånn måteleg interessant for alle som ikkje er like glade i å kjøra med tog som meg, men det kan jo henda at nokon er det, så derfor skriv eg vidare, og dei som kjeder seg nå kan jo bare hoppa av toget og gå glipp av denne autentiske reiseskildringa frå ein morgon i august der alt i teorien kan henda heile tida, men at det er så mange tunnelar på vegen, har eg faktisk aldri lagt merke til før. Neste stasjon er Audnedal med avstigning venstre side, blir det sagt. Så då må me vel ut i lyset att.

Og sjå om det ikkje er sol i Audnedal og. Eit kvitt hus  og skjelvande lauv, kan det vera ei osp mon tru. Han i setet foran har slutta å eta potetgull og tygg gulrøter i staden, og så er det inn i fjellet igjen.

God morgon, Norge, som kikkar fram med jamne mellomrom der me kan sjå ned på små bygder med raude og kvite trehus bada i morgonsol, for nå beveger me oss oppe i fjellsida, meir inni fjellet enn utanpå, faktisk. Og eg er glad eg kan leggja den lilla Gudrun- Sjöden- kåpa over meg som eit teppe, for det er litt småkaldt her. I denne vogna er det gratis kaffi som ein kan varma kropp og hender på. Eg må nok snart gå og finna meg ein kopp, kjenner eg. Me passerer eit tjern med store vannliljer, og er komne ned i dalen nå, der me kjører parallelt med bilvegen. Eg innser at denne teksten er i ferd med å bli ein av mine aller særaste nokonsinne, så eg trur eg takkar for meg medan nokon kanskje framleis reiser saman med meg. Eg kjem tilbake seinare.

Heidi

From → blomar, Natur, Reiser, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: