Gå til innhald

Gjev meg ein, gjev meg to,

august 17, 2011

gjev meg tre, ja den er god, gjev meg tog, ja første tog til Åndalsnes…

song Skruk for ein ti – femten- tjue år sidan, og etter det har eg vel tenkt at ein eller annan gong skal eg og ta tog til Åndalsnes, og nå har eg gjort det, for ei veke sidan for å vera nøyaktig…

Og visst ville eg ha skrive om det med det same, men internettilkoplinga på Trondheimsbanen viste seg å ligga nede, og sidan har det vore smått med tid til internett.

Først måtte eg ta tog til Oslo, der hadde eg knapp margin på å nå ettermiddagstoget til Trondheim, men jammen rakk eg det ikkje. Så var det tog til Dombås der det var togskifte til Raumabanen retning Åndalsnes. Siste delen vart ei stor overrasking. At det var så utruleg vakkert på ei togstrekning i Norge hadde eg ikkje sett for meg. Toget krabba seg i sikk-sakk opp og ned fjellsidene i Romsdalen langs begge sider av elveløpet til elva Rauma. Me gjekk svimlande høgt oppe slik at eg nesten ikkje torde sjå ut, me gjekk i to vendetunnellar der toget snudde inne i fjellet, og me gjekk over skyhøge jernbanebruer før me nærma oss Åndalsnes og fekk sjå Trollveggen og Trolltindane frå togvinduet. Togturen var guida på norsk, engelsk og tysk og stoppa opp på ekstra spektakulære punkt slik at folk kunne fotografera. Den slags turistservise hadde eg ikkje venta frå gamle trauste NSB, eg kjende det som å få ei heilt utruleg sightseeing med på kjøpet på billigbilletten…

På Åndalsnes stod Eva Mari og venta med bil, for framleis stod litt av turen att. Før me kjørte til Sunnmøre leita me opp ein kinarestaurant og hadde oss eit betre måltid med scampi og biffkjøt. Det hadde vore flaumliknande tilstandar dagen før, så det hadde vore eit ope spørsmål om det var framkomeleg, men det gjekk bra. Så var det gjensyn med Henrik og Marco i sommarhuset i Søvika før me neste dag tok siste etappe på turen, vegen ut til Ona fyr. Me reiste med to ferger for å koma ut til fyrøya i havgapet eg hadde gleda meg til å få sjå. Det minde meg litt om turen til Iona for ein del år sidan, ute på Ona var det i grunnen ikkje vits i å ha bil, for dei to øyene Ona og Husøya, som hang saman med ei lita bru, var ikkje større enn ein lett tok seg fram til fots. Eg var overraska over å oppdaga at den vesle øya var tett bebygd med ganske store hus, eg hadde sett for meg ei forblåst øy utan særleg vegetasjon med eit og anna lite kvitmalt hus der det gjekk an å grava hustomter. Eg håpar dei som søkjer på adressa inne i parantesen får opp det same biletet som eg ville visa fram… (http://www.nonews.net/blarsen/ona.jpg) Sjølv om veret vart nydeleg, så kjende eg for første gongen i år dette glasklare kalde streifet av haust i lufta som alltid dukkar opp ein gong i løpet av august. Hausten er ei uendeleg vakker og ganske vemodig årstid som ein vel bare får ønska velkomen i år og, men for meg får han gjerne drøya ei stund til før han kjem for fullt.

Veret var ikkje spådd å bli spesielt bra, men det vart det. Fem damer i sin aller beste alder fekk nokre utruleg fine dagar der ute. Me solte oss i ly av kyrkjegardsmuren ytst mot havet, der var det god ly. Me tok i mot fergjene som kom i lag med lokalbefolkninga, var på utkikkspunktet ved fyret, og fekk til og med med oss ein fullmåne. Midt i det heile fekk eg telefon frå ei dame eg aldri har møtt som fortalde at ho hadde laga ein melodi til ein av tekstane mine. Det ende med at ho song for meg over mobiltelefon medan eg sat på ein varm stein mellom blåklokker og balderbrå og høyrde på. På øya var det to keramikkverkstadar og eg fekk med meg ei pappøskje heim med gjenstandar som i verste fall kunne knusast, men det gjekk bra. Glad kom eg heim med endå meir pynt til ei stove som kjærasten min drøymer om å gjera minimalistisk.

For å gje meg ei endå sterkare oppleving av ekte nordvestland inviterte faren til Eva Mari på heimelaga baccalao av heimefiska og heimetørka klippfisk medan mora hadde steikt sunnmørske sveler.  Det smakte nydeleg. På sundagen vart eg og Eva Mari kjørte til toget av foreldra hennar, og nokon hadde funne ut at eg skulle få oppleva å kjøra ned Trollstigen. Det gledde eg meg til. men eg må innrømma at vegen var mykje brattare og endå meir svingete enn eg hadde kunna forestilla det. For å vera open nok til å innrømma det, så var eg rett og slett livredd, men me kom oss då trygt ned… (http://www.media.allerinternett.no/php/obj.phpi?o=2177967&w=468&frame=0&ee=)

Så var det same vegen tilbake som den eg kom. Denne gongen i hyggeleg togfylgje med Eva Mari heilt til Lysaker. Så var det nattog heim, og rett på jobb. Det vart minimalt med søvn på toget, men soloppgangen med morgontåke over Sørvestlandet var ubetaleleg. Ein time etter at toget kom til stasjonen heime starta skuleåret med planleggingsdag. I år har eg verkeleg klart å trekkja ferien maksimalt ut.  I morgon møter eg både førsteklassingane mine og kulturskuleelevane for første gongen dette skuleåret. Det blir spennande. Nå er det rett og slett ein idé å få seg litt søvn kjenner eg.

Heidi

4 kommentarar
  1. emma permalink

    Fantastisk tur!

  2. Heidi permalink

    Ja, verkeleg.

  3. Tintomara permalink

    Det var ju en fin final på ditt sabbatsår!
    Lycka till med nya arbetsåret. Det måste kännas fint att komma tillbaka efter ett så givande sabbatsår som du haft!
    Själv har jag som du vet ett sabbatliv numera… nu skriver alla om hur de börjar jobba, positivt och negativt, men jag saknar det faktiskt inte alls. Kollegorna lite ibland, men man kan ju faktiskt träffas även om man inte jobbar ihop längre. Eleverna kan jag också tänka på ibland, men jag har ju barn, barnbarn och barnbarnsbarn, så jag är ju inte avskuren från barn och ungdomar precis.

  4. Heidi permalink

    Ja visst var det ein perfekt finale, Tintomara. Det er litt som å begynna på ny, etter å ha hatt eit skriveår som gjekk med lynets fart, men det kjennest rett. Håpar bare eg kan klara å ta med litt av roa inn i det travle arbeidslivet og. Nyt sabbatslivet ditt. Det høyrest veldig meiningsfullt ut det og.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: