Gå til innhald

Jo då, visst finst eg her

september 7, 2011

Det er bare det at i nokre veker så har kvar dag, kvar time og kvart minutt hatt nok med sitt eige innhald, og ikkje bydd på ledig tid og ekstra skrivetid. Men nå roar livet seg ned eit hakk, vil eg helst tru…

For livet byr på mykje. Innimellom detsom skjer i førte klasse på skulen og med nystarta grupper i kulturskulen så har eg levd mykje og intenst.

På venninnetur i Oslo var me innom ein liten butikk på Grønland der dei selde sjølvsydde klær. Denne spesielle laurdagen var det opning av fotoutstilling med Oslobilete. Sidan me dumpa inn i rett tid vart me inviterte på eplesider og vin og fekk med oss ein liten opningskonsert med solistar og band. Den eine etter den andre frå det som kanskje kan ha vore eit venninnemiljø frå musikkstudier kom fram og song. Dei sat der på ein stol og strålte medan dei song livsglade melankolske songar mot regnet der ute.

«I see friends shaking hands, saying how do you do. They`re really saying I love you…»og på dansk: «Sov søtt lille Jumbo, min egen skatt, om skogen er stor og dunkel. Nu sover din tante, den gamle struts, og neshornet din onkel.»

Og ute regna det som frå bøtter og spann. Det var framleis sommarvarmt der ute med ein ørliten kjenning av haust når kveldsmørket kom. Eg måtte kjøpa meg ny svart paraply med kvite prikkar og tærne surkla i søkkvåte sko etter våtdraktprinsippet.

Me har feira at Odd Christian runda 25 sist laurdag og dermed hadde eg og eit aldri så lite jubileum; Tjuefem år som mammma. Åra har gått uendeleg fort og romma uendeleg mykje. I mitt kanskje ikkje heilt objektive hovud, så hugsar eg meg sjølv som tjuefemåring som nesten akkurat lik som eg er nå i skapnad av ein femtiåring. Det spennande ressonnementet blir då at eigentleg er det i prinsippet ikkje så veldig stor forskjel på menneske som eig 25 levde år og menneske som eig femti levde år. Det opnar for det interessante aspektet at me liknar einannan meir enn me trur. Men sjølvsagt kan det tenkast at ein plukkar med seg erfaringar og frukter av liv som langsomt endrar noko i deg utan at du heilt legg merke til det sjølv.

I alle fall, sidan Odd Christian bur heime nå medan han leitar etter ein meir blivande plass, så feira me dagen slik gebursdagar har blitt feira her i huset sidan barna var små med presangbord om morgonen og marsipankake, sjokoladekake og pannekaker til mormor og morfar og andre slektningar som har tid til å dukka opp. I tillegg henta me oss thai-mat frå den nye restauranten og innvia ein av presangane, det nye Scrabble-spelet. Akkurat nå bur me sju personar med hund og katt og undulat her i huset, så me er mange sjølv utan gjester. Men nå går kollektivlivet mot ein ende. Til helga flyttar Ingrid, Oddvar og Oscar inn i leilegheita dei har kjøpt. Det blir nok litt tomt, sjølv om me blir fem personar tilbake med katt og kvitring, og langt flyttar dei ikkje, så me skal nok framleis koma til å sjå einannan rett som det er.

Og me har vore i konfirmasjon og feira flotte Ragnhild. Det vart ein fin fest. Og etterkvart er det snart bare arbeidsromet og loftet som verkeleg skrik etter å bli rydda. På sundag skal eg ut og fortelja eventyr, så det må eg bruka dagane framover til å øva på. Det som er att av dagane, rettare sagt. Men nå skal eg få meg frokost før eg skal på tur med far og syster for å besøkja farmor, for framleis lever me her i ei lang rekkje der slekt fylgjer slekters gang.

Og nokre friminutt i livet er nydelege. Som når eg ligg på sofaen saman med Sunniva og Ingrid og drikk kaffi og ser på eit TV-program om Ibsens kvinner, med malande kattar og sprettande hunder. Eg stryk Sunniva over rygg og nakke medan Sunniva strittar Ingrid sitt lange lyse hår med ei varm strittetong. Så mykje og så lite. I lyst og i nød i sorg og i glede. Me lever alle saman og djupast sett så har me det veldig bra. Det er det som verkeleg betyr noko.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: