I lyset av det gode
Visst finst det gode. At det vonde finst blir oftare poengtert, men når me tenkjer oss om så er det oftare det gode enn det vonde som er synleg. Menneske tek ansvar, menneske viser omsorg, menneske stør menneske.
I dag høyrde eg eit radioprogram som fekk tårene mine til å renna. Det var eit dokumentarprogram der dei intervjua folk som var på hyttene sine i nærleiken av Utøya fredag 22.juli. Det var historier om folk som rodde til Utøya for å hjelpa. Ei kvinne gjekk i land og leitte etter personar ho kunne ta med i båten tilbake. Ho fekk med både skadde og uskadde, og undersøkte døde for å finna ut om det var håp om å berga dei. Ein gut valde å bli igjen fordi han hadde småsøsken på øya han ikkje ville reisa i frå. Denne kvinna fortel at ho eigentleg er ei pyse som aldri ville ha trudd på førehand at ho ville ha våga å gjera noko slikt, men der og då forstod ho at dette måtte ho gjera.
Me fekk høyra om folk som rodde ut i gummibåtar, om ungdomar i sjokk som måtte matast med varm te med teskei, om ullteppe, badehandkle, varm drikke og varme baderom med varmekablar i golvet. Desse menneska viste varme og omsorg for ungdomar dei aldri hadde møtt, og nokre av dei sette sin eigen tryggleik i fare for å kunna vera til hjelp. Ei kvinne på over sytti fortalde at dei sjokkerte ungdomane ho fekk inn på hytta med eitt kjendest like nære som om dei hadde vore barna hennar.
Mennesket har evne og vilje til å visa omsorg, dei aller fleste av oss ville nok ha handla som desse menneska gjorde, likevel rørde forteljingane om det dei hadde gjort meg djupt.
Den danske visesongaren Trille syng i ein song: «Sådan ser jeg ofte striber av lys, ofte striber av varme, som når en hvisken høres bedre enn et råb, ja jeg ser små skibe sejle fulle av håb.»
I dag har eg vore på lunsj hos Ingrid og på kyrkjekveld med Karsten Isachsen. Nå sit eg oppe og ventar på at Halvard skal koma heim. I morgon skal eg ha sundagsskule. Me skulle ha vore to saman, men ho andre har blitt sjuk. Det går vel sikkert bra likevel… Eg er priviligert som med jamne mellomrom får lov til å fortelja små barn forteljingane om det gode… Sjølv om eg alltid blir litt stressa på førehand fordi eg så veldig gjerne vil at det skal bli fint og godt.
Heidi
From → Ansvar for verda, Barna mine, Forteljing., Tru