Gå til innhald

Haustferie

oktober 11, 2011

Det er når ferien kjem at ein kjenner ein er trøytt. Og sidan eg vart sitjande alt for lenge oppe i går, vart det ein sein morgon. Eg vassa med gummistøvlar og paraply bort til Ingrid for å helsa på Oscar og drikka krydra te med henne og Sunniva. Etterpå har eg brukt store deler av ettermiddagen på å prøva å lesa meeg opp på hinduismen. Eg vil gjerne vera litt samtalepartnar for Odd Christian som skal ta den siste eksamenen i religionsvitenskap opp att i desember. Eg visste at hindusmen var samansett at mange ulike retningar, og utan ein vesentleg felles substans, men det eg las gjorde meg endå meir forvirra. Eg er nesten frista til å seia at hinduismen er alt og ingenting. Det er visstnok fleire skrifter enn det eit menneske vil klara å lesa i løpet av eit liv, og mykje er på sanskrit, eit språk dei aller færraste kan klara å lesa. Ein kan kasta fram nesten kva påstand ein vil om livet og det heilage og finna dekning for det i ei eller anna lita grein av hinduismen som er ei stor samling veldig ulike tankerekkjer… Men kva veit eg etter å ha lese bare nokre timar i tillegg til det eg lærde då eg tok grunnfag kristendom og det eg har lært på diverse kurs? Det er nesten som i eventyra, der finn du og historiene om alt som sidan skal henda deg. Problemet med eksamenslesing av eit så komplisert materiale er at det blir frykteleg vanskeleg å hala alle retningane frå einannan og hugsa alle begrepa.  Men det er for seint på kvelden til dei djupe filosoferingane, kjenner eg. Kanskje eg rekk litt fleire burde-ting i morgon og framleis får litt tid til å slappa av?

I morgon tidlegreiser Sunniva til New York med tante, onkel og Vilde. Heldige henne. Me andre får nok fint vera att på denne sida av Atlanteren,men det er fint her og.

Heii

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Om ni har lika fint väder hos er som det är här så har du verkligen tur med höstferien! Sunniva får det säkert härligt i New York också, det är en spännande stad. Jag är glad att jag kom dit en gång i livet, men nu lockar det mig inte att resa så långt.
    Det är lite oroligt att ha de sina på andra sidan jordklotet, tycker jag, och det har inte med åldern att göra, för det har jag altid tyckt. Tulo for till Maldiverna när hon gick första året på gymnasiet, och det var ju innan mobilerna fanns på sammma sätt som nu, så vi hörde inget förrän hon landade på Arlanda två veckor senare. Jag hade aldrig gått med på att låta henne resa om jag fått bestämma själv, men hennes far tyckte det var en bra idé… och det var det väl, i backspegeln.
    Vila dig nu på lovet, det är därför du fått det!

  2. Heidi permalink

    Ja, eg veit kva du meiner. Eg pusta letta ut då eg endeleg fekk vita dei var vel framme og fekk hjartet i halsen då eg skulle sjå dagsrevyen på TV og det første innslaget handla om asløringa om eit terrorangrep på Washington DC, som om det med nokon særleg sannsynlegheit skulle involvera Sunniva… Sunniva sin far synest og at ho skal oppmuntrast til eit lengre opphald på andre sida av jorda for å læra meir om verda, men for å vera ærleg og egoistisk så liker eg best å ha mine innan rekke-og trøystevidde. Veret har til nå vore ekstremt vått denne haustferien, men det ser likare ut i dag. Ja då, eg kviler meg innimellom…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: