Gå til innhald

Bittelitlajulaftå og Zarathustra

desember 23, 2011

kalla me denne dagen då eg var lita og alt som kunne relaterast til julafta var magiske greier. Om ti minutt går datoen over til å bli litlajulaftå, men av ein eller annan grunn har andedrakttidsmålaren gjort spranget allereie. Kanskje det er evig sommartid på andedrakt?

Det å ha barn byr på overraskingar. Det siste er at Halvard er blitt veldig oppteken av filosofi og les Nietzsche. I går hadde me ein spennande samtale som ende med at eg lova å lesa eg og slik at me kunne diskutera innhaldet. Så nå har eg «Thus spoke Zarathustra» på hasteleselista mi.

I dag har det skjedd mykje, det vil seia eg hadde tenkt at huset skulle vaska seg, eller kanskje snarare bli vaska denne dagen, men det har ikkje skjedd. Det får bli i morgon. Eg har vore inne i næraste storbyen og vandra i gatene og handla nesten alle dei siste gavane. Det magiske med jula dukkar opp glimtvis og er i slekt med gamle glansbilete og magiske melodiar frå barndomen. Eg held glimta fast og nyt dei. Det kan vera synet av gammeldags juleornament, gamle kuler som liknar på bestemor sine eller synet av nokon som ler ute i snøen eller nokon som drikk kakao med krem eller som kysser einannan på gata med stjerner i auga.

Me har vore på «åpen kåk» hos Ståle og Siv Torild, ein koseleg tradisjon der folk droppar innom heimen når det måtte passa i løpet av kvelden og har med seg eit eller anna det går an å eta og kanskje eit eller anna det går an å framføra. Så blir det sunge og spelt og prata i ei julepynta stove.  I morgon har Ingrid invitert oss på julegrøt klokka eitt. Tenk at eg har ei vaksen utflytta dotter som inviterer mor og far på julegrøt. Det blir ein koseleg pause i alt det andre eg har tenkt må gjerast. I mailen min i dag fekk eg notene til julesalmen min. Eg lurer på om eg får til å setja dei inn her. I går mens eg skreiv blogg mista eg internett, det var derfor bare første del som vart lagt ut då. Resten av bloggen vart skrive i ettermiddag, så viss du ikkje fekk med deg filmklippet, ja så må du nesten gå tilbake og lesa.

 

 

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: