Då har me runda datogrensa
og det er julafta. Men framleis er det i praksis kvelden på «litlajulaftå». Eg har vore snill mor og henta Sunniva på toget. Det meste er ordna til i morgon, eg har bare att å rydda eit par rom. Dagen har vore god og snart er det jul for alvor. Eg er den lukkelege eigar av ein stor perm med noter til dei nye liturgiane til den nye gudstenesteordninga. I tilfelle nokon skulle ha bruk for å låna dei, så er det jo greitt å nemna det. Eg trudde liturgien skulle vera utan opphavsmenn, men jammen har eg ikkje fått snike meg inn som tekstforfattar av Gloria/Laudamus. Tore Aas har laga musikken. Kanskje det er det me på godt jærsk kunne kalla «litt bøse». Av ein eller annan grunn så blir eg alltid litt lattermild når eg ser namnet mitt i litt høgtidelege samanhangar. Eg trudde eg skulle henta eit lite hefte eller ei CD-plate på posten, så var det ein blytung ringperm. Men eg vart glad for å få notene, det var bare overraskande.
Ei anna julegåve eg fekk i går kveld var utskrift av notene til julesalmen eg laga saman med Torhild i fjor jul. Eg prøvde å leggja dei ut her, men fekk det ikkje til. Dersom nokon gjerne vil ha notene, så kan eg senda dei via mail. Ungane mine meinte at dei ikkje var for gamle til julestrømpe med julehefter og julegodteri på julaftamorgon, så nå er strømpen full. Dei måtte lova meg å ikkje snikkikka før i morgon tidleg for nå har eg tenkt å leggja meg, men det har ikkje dei.
God jul alle saman om eg ikkje får skrive det i morgon.
Heidi
From → Barna mine, Skriving, vinter