Gå til innhald

Hør hvor det stormer der ute,

desember 29, 2011

song me på bedehuset, eller rettare sagt song generasjonen over meg på bedehuset. Generasjonen over meg er i dette tilfellet ikkje foreldra mine, for dei gjekk ikkje på bedehuset, men poenget er at songen haldt fram med… her er det fredfullet og tyst. Og det i sin tur hadde eigentleg ikkje noko anna å gjera med denne teksten enn at det akkurat nå stormar ganske friskt utanfor, og her i skrivestova mi kan det vel kallast fredfullt og tyst med ein delvis malande katt som ligg på skrivebordet, så tett inntil tastaturet at høgre handleddet mitt ligg på katten sin venstre pote, medan eg skriv. Ein skikkeleg skrivekatt er det, så snart eg set meg til å skriva så er katten her. Nokre gonger er det rett og slett litt irriterande med ein malande katt som insisterer på å trykka ned både bokstavar og hurtigtastar. Dersom eg blir utolmodig og kastar katten ned, så er ho her att i løpet av 10 sekund. Dei fleste vil vel tenkja, men så få den katten ut av romet og lukk døra. Til det er det bare å svara at det kunne sjølvsagt vera eit alternativ, men så er det det at det er grenser for kor hardhjerta ein orkar å vera med eit malande vesen med mjuk pels.

Og storma har det gjort mykje i det siste. Mange plassar i landet har det storma langt meir enn her. Eg trur det har storma i Sverige og, og at stormane kanskje er grunnen til at eg ikkje har klart å koma inn her dei siste tre dagane. Eg ville ha oppdatert litt om julefeiring, men nå blir det så mykje eg kunne ha skrive ned at eg veit ikkje kor eg skal begynna. I kveld har me hatt alle ungane her inkludert Oddvar, Håvard og Oscar. Me har ete heimelaga pizza med kjøttdeig, pepperoni og tortillachips. Etterpå har me småete på mandarinar og flatbrød med rømme og fenalår. Me har tend mange levande julelys og spelt Trivial Pursuit i tre timar. Etterpå var det så vidt at nokon orka å smaka på riskremen og sjokoladepuddingen. Vaffelrøra blei aldri til vafler, så den får me bruka i morgon. Det er akkurat plass til åtte rundt spisebordet vårt, og det er veldig triveleg å samla alle saman.

I går reiste eg og far og Ingrid på besøk til farmor. Me fekk gynga oss litt over fjorden, men dei hadde i alle fall sett ferja som hadde vore innstilt i rute att innan me kom til kaia. Farmor venta på oss med «god gammaldags middag»: steikt fiskepudding med kokte poteter og gulrotstuing. Det er slik mat me åt i barndomen min som eg aldri lagar eller får servert lenger. Det smakte godt. Til dessert fekk me fruktcoctail med piska krem og til kaffien julebrød, bollar med brunost og småkaker. Farmor blir nittifem år om to og ei halv veke. Denne gongen syntest eg at ho verka sprekare enn på lenge. Ho har fått diagnostisert nokre helseproblem ho har hatt i nokre år, og fått medisin som gjer at plagene blir haldne i sjakk. Eit par veker før jul fekk ho høyreapparat i begge øyrene, slik at ho høyrer toleg bra. At hørselslegen hadde sagt at han aldri hadde gitt høyreapparat til ein så sprek nittifireåring før, seier eg ingenting på. Det var ein koseleg generasjonstur. Eg mora meg over at me var tre generasjonar som var på tur i lag for å besøkja fjerde generasjonen. Det gjer og litt godt for opplevinga av eigen alder å vera nest nederst på aldersstigen. Far er snart syttito, men er på ingen måte ein gammal mann. Alder er ikkje det same som det var ein gong… Me var alle glade og fornøgde då me kom heim etter ein tolvtimars ekspedisjon, og syntest me hadde fått mykje ut av tredje juledag.

På julafta åt me pinnekjøt hos foreldra mine og første juledag var det stort juleselskap hos Jan og Bjørg der me møtte heile familien hennar og fekk bli betre kjende med veldig koselege folk. Etter ein tradisjon frå Bjørg sin  familie vart det servert kakao med krem til maten. Det var nostalgisk godt. Det må ha vore veldig mange år sidan eg sist smakte søt kakao med stivpiska  krem på toppen.

Andre juledag var det utruleg deilig å ta livet med ro. Eg strikka, las i ein Knut Hamsun-biografi, såg på TV og såg filmen om Cornelis Wresvijk som eg fekk til jul. Det var ein nydeleg, sterk og litt trist historie om eit liv og eit stort talent som ikkje alltid klarte å klamra seg fast til den smale stien. Det einaste fornuftige eg gjorde denne dagen var å rydda litt i julegåver og baka bollar til ungane mine. Det er ytterst sjeldan eg brukar ein heil dag til å kvila og gjera ingenting. Det gjorde godt. Kanskje bruker eg for lite tid på bare å ta livet med ro.

Som ein ekte tenåring så snur eg døgnet så snart eg har sjansen. Eg trur på teorien at me B-menneske er skapte for litt lengre døgn. I alle fall er eg sjeldan trøytt når andre folk kryp til køys, men nå er det på tide. Eg er nøydt til å bruka deler av morgondagen til å få skikk på eit manus.

Gledeleg romjul alle saman.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: