Gå til innhald

Faddarmiddag, Duckfeet og Iron Maiden

desember 30, 2011

Eg sit her og skriv på ei tiandeklasseforestilling. Kvart år lagar me i kulturskulen der eg jobbar ei stor forestilling der elevane i tiandeklasse er aktørar, som musikarar, songarar, dansarar, skodespelarar og medforfattarar. Me lærarar har hatt fleire møter om prosjektet og elevane har vore samla til idédugnad og eg har hatt ein kveld med ei skrivegruppe der me har laga ei manusskisse. Nå sit eg her og prøver å sy det saman til eit fullt manus. Ein del av det heile er å setja inn låtar som elevar eller lærarar gjerne vil ha med. Det fører til at eg må oppdatera meg på musikk eg kjenner lite til. Michael Jacksom og Pink Floyd kjenner eg jo litt til sjølv om det ikkje er den musikken eg lyttar mest til. The Bungel, Alica Keys, Avenged Sevenfold og Iron Maiden veit eg så godt som ingenting om, så litt av jobben er å setja meg inn i musikken deira og tekstane. Det er interessant fordi dette er musikk og tekstar eg kjenner lite til og som kan gi nye impulsar. Eg var nokså sikker på at Iron Maiden ikkje var min musikk, men eg vart i grunnen meir fascinert enn eg hadde rekna med både av musikken og tekstane deira.

På ei tilstelning før jul hadde ein av kollegene mine eit par vintersko som såg fantastisk behagelege ut. Eg fekk prøva dei, men hennar par var i storleik 37 og litt for små til meg. Ho fortalde at merket heitte Duckfeet og at ho hadde kjøpt dei på nettet. Namnet på skorne var lett å hugsa, for dei hadde fasong akkurat som andeføter, noko eg innbillar meg må passa mine korte og breie føter perfekt. Eg treng nye vintersko, for det eine paret med støvlettar får eg vondt i beina av å gå meir enn ein kilometer på, og dei andre er av semska skinn og trekk vatn som svampar fordi det er ca fem millimeter sole på. Nå har eg googla Duckfeets og funne at dei har dei på nettet på sal til litt over tusen kroner. Spørsmålet er om eg torer å handla sko på nettet. Dessutan synest eg framleis at tusen kroner er i det meste laget å betala for sko. Eg har litt vanskelege føter og får gnagsår av det meste, i tillegg er eg glad i å gå og treng sko som er «made for walking» som det heiter i songen. Eg får tenkja på det til i morgon. Det dumme er at eg ikkje trur dei har slike sko i vanlege butikkar. I dag såg eg at januarsalet allereie har begynt så smått. Kanskje eg må kikka litt i dei lokale skobutikkane.

Elles så har me vore på kjempekoseleg «faddarmiddag» for Maren hos Torhild og Per Magne saman med Sunniva. Dei hadde laga kjempegod mat, og me traff hyggelege menneske der. Før me reiste heim gav Torhild og Magnus oss ein minikonsert. Torhild på det store kvite flygelet som står midt i stova, og Magnus på gitar, julegavemunnspel og vokal. Det har regna og blese heile dagen. I følge vermeldinga var det dagen for full storm langs Rogalandskysten. Eg trur det har løya litt nå. Ingen skal kalla veret vårt kjedeleg i alle fall-

Til slutt noko hemmeleg som eg mest ikkje torer å seia høgt. Eg likar mørket. Folk er så opptekne av at nå har sola snudd, men eg likar desse aller mørkaste dagane og aller lengste nettene i året. Mørket er lunt og fredeleg og innbyr til eit rolegare liv med mange tende stearinlys. Eg liker dei korte lyse sommarnettene og dei lange mørke vinternettene. Slik er det bare…

Heidi

2 kommentarar
  1. Scylla permalink

    Jag tycker om mörker om det är nattmörker, men inte när det är molnmörker. Alltså, svart stjärnklar himmel är ok, men inte när det är igenmulet, dag efter dag.

  2. heidi permalink

    Eg liker å vera inne og ha det mørkt ute 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: