Skip to content

Everything comes to and end and a start… Nyttårsselskap og Hildegard

januar 1, 2012

Juleferien har vore eit herleg steg til sides. I morgon er det inn på sporet att, og eg er klar. Sånn nokonlunde i alle fall. Sjølv om eg gjerne skulle hatt jul ei veke til. Juletreet og englane skal få vera her litt til, resten av livet skal stort sett tilbake til normalen.

Me hadde eit veldig koseleg lite nyttårsselskap her i går med reint og ryddig hus, masse god mat og hyggelege folk. Me stod i stova og ønskte kvarandre og det nye året velkomen medan regnet øste ned og rakettane eksploderte i alle fargar. Etterpå spretta me sjampanjeflaska for dei som ville smaka, kokte kaffi, åt kaker og frukt og prata i nokre timar til.

I dag har eg sett filmen om Hildegard av Bingen som eg kjøpte i sommar i Berlin. Akkurat som eg visste så elska eg han. Ho var ei spennande dame og filmen gav eit interessante om enn sikkert litt romantisert bilete av eit liv heilt utanom det vanlege og samtidig om livet i kloster i ei forgangen tid. I motsetnad til dei fleste eg kjenner, så kan eg faktisk forstå at nokre vel eit liv i kloster, ikkje for å stengja livet ute, men for å fordjupa seg i det andelege livet utan at så mykje anna får lov å forstyrra. Eg trur at eit slikt liv er for dei få, men at alle menneske har eit kall å fylgja. Det treng ikkje vera eit meir komplisert kall enn kallet til å vera medmenneske. sidan me hadde att så mykje mat etter nyttårsfesten, så inviterte me foreldra mine og Ingrid og Oddvar til å koma og dela bord med oss. Så brann me dei siste julelysa og åt god mat, oksesteik, steikte poteter, saus med fløte og Inger sin solbæreddik, kokt blomkål, waldorfsalat, potetsalat, eggerøre, flatbrød, spekeskinke, fenalår, rømmegraut, sjokoladekake, sitronfromasj og småkaker, kjeks og gode ostar, mandariner, druer og eple. Framleis hadde det vore nok til minst eit selskap til trur eg. Me er på det jamne opptil åtte rundt matbordet. Det er triveleg.

Året som gjekk var eit godt år for meg og familien min sjølv om det skjedde mykje vondt litt utanom den private sirkelen. Det er alltid både godt, skremande og overveldande å få eit nytt år i fanget. Men teknisk sett får me jo som me pleier «Blott en dag, ett ögonblick i sänder». La oss ta godt i mot året som kjem. Me skal vera modige og sterke og glade, ta tid til ettertanke og skjøtta nyårsforsetta våre så godt me kan, medan me nynnar knapt høyrbart som det står i songen: «Sorg og død kom ikkje hit…» Heilagt vere livet, anten det heiter det eine eller andre talet.

Og sjølv om livet ikkje er matematikk så kjenner eg ei viss ærefrykt over eit nytt og ubrukt år.

Eg ynskjar alle som les dette, kven dei enn måtte vera, eit godt år i 2012.

Heidi

2 kommentarar
  1. Scylla permalink

    Ett gott nytt 2012 till dig också, kära Heidi!

  2. heidi permalink

    Det same spesielt til deg. Eg er innom bloggen din rett som det er og ser på underbara lilla nassan, og les om drakungen og trollungen. Så heldig du er

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: