Gå til innhald

Mjuk start

januar 3, 2012

I dag starta me ikkje før halv ti med planleggingsdag i kulturskulen, men det var vanskeleg nok å vakna og koma seg i veg. Døgnet er snudd litt opp ned, men det går seg nok til. Planleggingsdagen var skikkeleg mjuk start med ei koseleg teikneavdeling og felles lunsj der alle var oppfordra til å ta med litt jule- eller nyttårsmat heimefrå. Me brukte og tid på å gå gjennom manuset til tiandeklasseforestillinga, som nå er så godt som ferdig. Etter kulturskuledagen hadde eg ein miniplanleggingsdag med Helen, og nå er programmet for morgondagen klart. Eit klargjort klasserom og spesialundervisningsrom ventar på elevane som eg gleder meg til å sjå att. Det er ei tid for fest, og nå er vemodig nok festdagane over for denne gongen. Nå har tida for kvardagar begynt. Då eg kom heim litt over seks, var Sunniva komen heim frå nyttårshytteturen. Ho foreslo at me skulle sjå film, og det gjorde me. Eg sovna eit par gonger, sjølv om eg hadde ein kopp med sterk svart kaffi i hendene. Elles er det bortimot heilag tid å sitja i sofaen godt samankrølla med tepper og Halvard på den eine sida og Sunniva på den andre sida med ein fin film på flatskjermen. Velsigna vere dei timane eg framleis  får sitja tett inntil dei og kjenna at dei framleis er ungane mine.

Nå i kveld fekk eg den vemodige beskjeden at Liv Godin sovna inn for godt i dag. Ho er ei av dei mest markante damene eg har møtt i mitt liv. Ho var delvis kongomisjonær, delvis lærar på barneskulen min og delvis kunstnar. Eg hadde henne i handarbeid og musikk, og sidan ho var svært oppteken av gjenbruk hadde ho med seg lappar av mannen sine oppklipte bukser med seg heimefrå som me fekk brodera på. Ho samla på alt frå glasbitar og teppebitar til flak av gammal asfalt. Alt kunne brukast til noko. Då ho var nitti år meiner eg at ho framleis sykla rundt i Kongo, der ho leia store byggeprosjekt og mellom anna bygde ei bru ho sjølv hadde teikna og konstruert.

Eg har forresten ei veldig personleg historie om Liv Godin og. Då eg gjekk i småskulen oppdaga ho at eg kunne skriva dikt. Ho bad om å få lesa alt eg hadde skrive, og sidan eg ikkje hadde teke vare på så mykje, gjekk eg heim og skreiv ei kladdebok full av dikt. Ho organiserte at eg fekk koma på foreldremøte på skulen og lesa opp dikt eg sjølv hadde skrive, eg hugsar framleis at eg hadde på meg ein burgunderraud spencerkjole og at det var stor stas og litt skummelt. Eg meiner at det og var ho som ordna at det kom ein journalist heim til oss og laga ein radioreporasje på lokalradioen der eg las eigne dikt. Det var spennande å laga programmet. Eg hugsar at eg vart intervjua på romet mitt som var 70-talsriktig i gult og oransje med storblomstra tapet. Då det skulle sendast på radioen var det derimot forferdeleg flautt. Eg låg på magen på sofaen med ei pute over hovudet og torde mest ikkje høyra på. Far tok det opp på lydband, og eg trur lydbandet eksisterer endå, men eg har aldri sidan våga å høyra på det. Dersom nokon hadde insistert på å spela det for meg ville eg framleis hatt behov for å springa ut av romet eller å legga meg flatt med ei pute over hovudet. Det er merkeleg men sant.

Og dette var ein parantes i historia om Liv Godin. Ho er kjend for alt anna enn at ho fekk laga ein radioreportasje om dikta mine. Kanskje ho syklar rundt i himmelen akkurat nå og samlar på ting ho kan bruka i dei store materialbileta sine. Det skulle ikkje forundra meg.
Heidi

 

2 kommentarar
  1. Scylla permalink

    Imponerande! Både det om dig och det om Liv Godin.

  2. heidi permalink

    Det om Liv Godin er nok langt meir imponerande enn det om meg. Kunne fortald mykje meir om henne. Kanskje det kjem ein dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: