Gå til innhald

Viper og pasjonar

februar 26, 2012

Saman med kjærasten min såg eg ein dokumentarfilm i kveld om ein mann på åtti år som heile sitt vaksne liv har sykla rundt i New York og fotografert folk han ser på gata. Fokuset hans er å dokumentera klesstilar og vandrande kunstverk, og så vidt eg kunne skjøna, har han ei fast spalte i ei avis. I leilegheita hadde han ei seng og eit par rekkkjer med arkivskap. Meir trong han ikkje, for han ville ha fullt fokus på det som var viktig for han, nemleg å fotografera folk på gata i New York.

Eg får alltid ein viss respekt for folk som er flinke å fokusera. Sjølv har eg sånn omtrent tusen fokus samtidig. Dei siste dagane har eg brukt mykje tid på å lesa meg opp på barnelitteratur, både på sjølve bøkene og på faglitteratur, for på onsdag skal eg og Helen halda foreldremøtet vårt om barn og lesing. Plutseleg hugsa eg veldig godt den barneboka eg nesten fekk gitt ut på Samlaget for ti år sidan. Eg skulle bare gå ein runde til og fiksa på nokre småting, men så langt kom eg viss aldri, nei… Det er alltid mest fristande å begynna på noko nytt… Men altså, eg må jo ha det manuset her ein plass… Det er jo barnebokforfattar eg eigentleg vil bli når eg blir vaksen…

Og slik rasar livet forbi medan fokuspunkta mine flagrar som sommarfuglar kring øyrene mine. Midt i det heile svimer eg omkring og har det eigentleg ganske bra. Og den malande katten på tastaturet sørgjer for at eg får tenkt litt innimellom tastetrykka. Eg veit så mange ting som eg så veldig gjerne ville ha gjort, men kjem tid kjem råd?

Og eg minne meg sjølv på sanninga i danske Piet Hein sitt kloke dikt:

Ting man gerne vil

er fjerne

ting man vil

nåer man til.

Thi at ville

er det lille

skridtet mer

end gerne ville.

Kumbel

Sant nok…Så kva vil du? Quo vadis?

Og svaret er at eg sullar omkring som ein kvinneleg Askeladd, kvifor er dei alltid menn i eventyra? Og akkurat som mitt manlige ideal så har eg «slikt å gjøre og slikt å føre, så eg fører vel den og…»

Det finnst så många saker man skulle sagt och gjort, och det blev så veldig lite man gjorde… Eller ikkje lite, eigentleg, det er bare tida som er for kort, eller eg som vil for mykje…

Så eg får heller synga vidare på songen «Skunda dig att elska…» Det er alltid ein fornuftig ting å gjera under alle ver- og føreforhold. Og akkurat nå kan me faktisk synga vidare «Dagarna ljusnar minut för minut…» Heiter det ljusnar? Lysnar som på norsk kanskje?

«Håll ljusen tända, nu går det mot våren…» Det veit eg, for i dag har eg plukka store mengder snøklokker, så nå luktar det vår og snøklokker på kjøkkenet mitt. «Vibå sko ha våre hær nå…» sa onkelen min i dag. Framleis hadde han ikkje sett nokon, og ikkje eg heller, men me får satsa på at nå kjem dei kva dag som helst.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, det där av Piet Hein tog jag till mig! Så klokt!
    Och ja, det heter ljusnar.

  2. heidi permalink

    Ja, Piet Hein er fantastisk klok. Apropos askeladdlivet, så har eg nesten lært meg å skriva flytande svensk (nå ja…) av å henga på svenske websider. Noko får ein då med seg sjølv om det til dels er utilsikta. Jag fann, jag fann? (Eller heiter det fant som på norsk?) Nå ler eg av meg sjølv.

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: