Frå sommar til vinter på fem dagar
Det har vore ei utruleg endring dei siste dagane. 17.mai var det fem plussgrader, iskald vind og regn. I dag er det ein varm sommardag. Me er ikkje vande me slikt endå, så det blir både sterkt og overveldande. Eg sykla heim frå planleggingskveld på skulen klokka halv ti om kvelden i ein flortynn korterma tunika utan å frysa. Framleis ligg sommarkleda pakka ned ein eller annan stad, og framleis står vinterskorne på skohylla.
Skulegarden er velsigna grøn med bjørk, og bøk og akkurat nå står katten på taket utanfor i staden for å ligga på tastaturet og mala slik som ho pleier. Ungane på skulen klatrar i lette sommarkjolar opp i det store japanske kirsebærtreet og plukkar ned rosa blomar som dei fletter inn i håret på kvarandre. Eg har laga klar den boka som eg lagar i lag med jentene på skrivekurset. Me har stemd over titlar på verket vårt, og det ser ut som om «barnet» skal heita «Søt som bringebær». Langt frå alle tekstane er søte, forresten. Det er eit veldig stort spenn med alle slags tekstar. Boka blir ei innbunden paperbackbok med ca 100 sider med skrift. Eg trur ho blir kjempefin. På torsdag skal kjærasten min hjelpa oss med å fotografera eit fint framsidebilete.
I kveld og i går ettermiddag har kollegiet laga timeplan for neste år. Det skal bli så bra så. Andre ting i timeplanen dett og ned på plass. Snart er puselespelet lagd og sommaren kan ta til for alvor.
Heidi