Gå til innhald

Luke tretten to tusen og tolv – Hit the road, Jack.

desember 13, 2012

Sykkel i snø desember

I dag trudde eg mest ikkje mine eigne auge då eg kikka ut. Snøen låg høg og kvit der ute. I avisene seinare i dag har eg lese at på dei åttiåtte åra dei har målt snømengde har det aldri falt så mykje snø på ein gong. På lokalradioen melde dei om vegar der trafikken stod stille, bussar som ikkje kom, tog som var ein time forsinka og ein stengd flyplass. Då programleiaren sa dei skulle spela ein song tilpassa veret venta eg på «Let it snow, let it snow, let it snow.» I staden spelte dei «Hit the road, Jack, ein song som skulle visa seg å vera veldig dagsaktuell, eg har ledd av songvalet halve dagen.

Eg lurer på om de ikkje var snakk om førti cm nysnø. Det kunne virka som mange meter…Ute i gata stod folk og grov fram bilane sine. Sjølv bestemte eg meg for å gå, for det å leggja ut på slikt føre i bil frista lite. Utstyrt med tjukk skibukse, tova votter, solide fjellstøvlar og eit strikka panneband i tillegg til det vanlege antrekket, la eg optimistisk i veg. Ute i gata var det ei ganske munter stemning blant alle dei måkande. Dette var verkeleg ein situasjon utanom det vanlege.  På gangstiane der eg pleier å gå var det sjølvsagt ikkje måkt, og eg fann ut at den beste måten å koma seg fram på kanskje var å gå hovudvegen. På vegen plukka eg med meg Kirsten og klarte å overbevisa henne om at det raskaste i dag måtte vera bilvegen. Eg innser nå at eg heilt sikkert tok feil, unnskyld, Kirsten…

Først gjekk me midt i vegen, men langs hovudvegen var det rett og slett måkt på fortauet, så sjølv om ein måtte gå på lang rekkje, saman med dei andre som var ute og gjekk, så var me i allefall utanfor bilbanen. Det var ganske tungt og glatt å gå, og eg kjenner eg har fått gangsperre i hofteledda etter å ha løfta beina så uvant mykje. Vanlegvis tek det meg eit kvarter å gå til jobb, i dag tok det førtifem minutt. Opp siste bakken høyrde eg min gode kollega Kim bak meg. Han kom med hodelykt og eit stort smil. Då me gjekk saman over den sterkt tilsnødde grusbanen sklei eg og låg plutseleg og lo i ein halvmeter snø, Kim gav meg ei hand som den gentlemannen han er, og dersom me ikkje allereie hadde vore for seine, ville me ha gått inn på personalromet for å underhalda med ein liten improvisert duett av «Hit the road, Jack»…

Fleire, både barn og vaksne hadde problem med å finna skulen i tide, men etterkvart var dei fleste på plass, med unntak av nokre vaksne som var heilt verfaste. Ungane kom med blussande røde utekinn og ullundertøy under kleda. Det stod på skulen si heimeside at om det vart for komplisert å få barna i veg til skulen, kunne dei halda dei heime.  Eigentleg var det turdagen vår, men me fann ut at å gå på tur med femti ungar i dag var uforsvarleg. I staden hadde me ekstra lang adventsamling, og mot slutten av samlinga kom det tradisjonelle Luciatoget med syngande førsteklassingar i kvite kappar med lys i hendene gjennom klasseromet. Klokka ti tok me utetime med leik i snøen, og ein av ungane sa oppglødd: Sånn ein dag må me ha kvar dag!

I matpausen skjedde det og noko heilt uvanleg. Personalet vart inviterte til ekte komlemiddag i kantina der Berit, Thorbjørg og Kim stod ved grytene. Det smakte utruleg godt, og noko sånn har eg aldri opplevd før i mitt lange lærarliv. Etter matfriminuttet var elevane kalde og trøytte, så då brukte me resten av skuledagen til leik, teikning og høgtlesing. Klokka halv to, etter at dei minste elevane var gått heim, vart vår del av skulen stengd på grunn av uforsvarleg mykje tung snø på det flate taket. Me var ein liten flokk som gjekk heim saman, og nå var gangstiane opptrakka og tilnærmelsesvis framkomelege. Dei som tok seg lettast fram var dei som gjekk på ski.

Nå meldar dei storm og endå meir nedbør i morgon, så det er spennande ver me held oss med. Eg og Ingrid set oss på toget til Oslo, så me håpar at toga går.

Og nå lukker eg luke tretten. Viss eg får tid skriv eg litt før togturen i morgon.

Heidi

From → advent, Mat, Natur, veret, vinter

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: