Gå til innhald

Luke fjorten to tusen og tolv -Sorgen og gleden

desember 14, 2012

cropped-orre.jpg

«Sorgen og gleden de vandrer til hope», står det i den gamle salmen, og akkurat slik er livet. I går, i denne kvite veldig spesielle adventdagen fekk me ein veIdig trist  beskjeden om at svigerfar var død. Me har visst i ei veke at det ikkje står bra til, men eg har vald å ikkje gå inn i det romet her på denne sida. Han hadde eit lårhalsbrot i haust, og når ein er nittito og nettopp er blitt enkemann, så tar slike ting kraftig på kreftene. Han døydde heime hos seg sjølv slik han helst ville det, og dei næraste, bortsett frå oss som var for langt borte bytte på å vera hos han. nå var det vår tur til å reisa bort, og me hadde håpa at me skulle rekka fram i tide, men slik vart det ikkje. Eg snakka med han i telefonen på sundag, og då snakka han heilt normalt, så det har gått fort. Nå skal eg ikkje skriva meir om dette her og nå, det får bare vera ein litt djupare klangbotn til tekstane mine, slik det allereie har vore den siste veka for meg når eg har skrive her.

For meg er det og litt spesielt at dette skjedde på dagen tjue år etter at bestemor sovna inn samtidig med at Lucia vart feira i skular og barnehagar. Eg stod då i eit rom med vesle halvtårsgamle Sunniva på armen og såg så tydeleg der ho låg at nokon hadde henta livet ut av kroppen hennar. Me lever i lag med menneske, og plutseleg ein dag, nå, i går eller om lenge, skal dei ikkje vera saman med oss lenger. Me skal ta godt vare på livet og på kvarandre.

Nå reiser me med tog i dag eg og Ingrid, Sunniva kjem frå folkehøgskulen sin for å vera saman med oss, og Leif kjem med det tidlege morgontoget. Nå får me bare ta ein ting om gongen og sjå korleis det ordnar seg. Eg er spent på om togtrafikken går som normalt etter det store snøfallet. Det blir ein skikkeleg togtur gjennom vinternorge, sjølv om det visst nok er lite snø på austlandet i forhold til her, og nå har dei varsla den store stormen dei komande to døgna. Me får sjå om det blir som på vermeldinga. Av og til tek veret heilt eigne vegar.

Nå sit eg her med eit kamera og skulle leggja ut bilete av glade ungar som så vidt stikk opp av eit hav med snø på klassen si heimeside. Det dumme er at ei lita luke på kameraet har kilt seg heilt fast i halvopen tilstand, så eg er redd for å brekka heile luka om eg brukar meir makt. Kanskje eg må la ein person med forsiktigare fingrar og meir teknisk innsikt sjå på det før eg øydelegg skulen sitt kamera? I så fall får vinterbileta venta. Kan kameraet ha fått eit dunk då eg datt på vegen heim i går? Kan ikkje forstå det heller sidan det låg trygt i eit polstra etui oppe i veska mi. I det store spelet høyrer det heime på bagatellkontoen, så eg får bare halda det der…

Mannen i huset datt og i går då han skulle ut med bio-avfallet. Crocs var ikkje rette sorten sko på dette føret. Han slo seg skikkeleg, men heldigvis er han like heil, det hadde passa dårleg med eit arm eller beinbrot nå.  Eg måtte ropa mange gonger for å få inn katten i går, eg vart nesten litt engsteleg for korleis ho klarte seg i all snøen og den kalde vinden, og ingen mjaua eller kom når eg ropte ut i isødet. Men så, etter at me hadde lagt oss, høyre eg mjauing frå leikehyttetaket ved soveromsvinduet. Eg er fascinert over kattar si evne til å tilpassa seg det meste.

Nå luktar det kaffi her og det er duka for ein dag med sin porsjon av sorg og glede. Eg ser fram til dagar med døtrene mine og til å møta familien austpå.

Det er kanskje ikkje rart at denne julesongen har vore ekstra nære meg denne veka:

***

Tider skal komme, tider skal henrulle,

slekt skal følge slekters gang,

aldri forstummer, tonen fram himlen,

i sjelens glade pilgrimssang.

***

Denne passar og godt

***

Blott en dag, ett ögonblick i sänder,

vilken tröst evad som kommer på,

alt ju vilar i min faders händer,

skulle jag som barn väl ängslast då?

Han som bär för mig ett modershjärta,

giver ju åt varje nyfödd dag,

dens beskärda del av fröjd och smärta,

möda, vila och behag-

Lina Sandell

Ha ein fin dag ute i snøen.

Heidi

2 kommentarar
  1. sender gode tanker.
    -Tuusen takk for diktboka, elsker den:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: