Gå til innhald

Luke atten to tusen og tolv – Nå er den hellige timen

desember 18, 2012

appelsiner

Mandarinar kallar eg det, men visstnok er alle slike klementiner. Eg er veldig glad i desse truktene, så det går lett med store mengder i adventtida. Den heilage timen er framleis meir enn noko å sitja med elevane om morgonene medan mørket blir til lus medan me syng denne songen og andre julesongar. I dag blir det ei lita luke, for dagane er korte. Eg er ganske trøytt og kvelden er litt for sein. Denne adventtida må prioriterast litt annleis enn normale adventtider, og dei normale er travle dei og. I går pynta eg og Halvard juletreet, og det så fint å ha jul i stova sjølv om det kjennest som å tjuvstarta litt.  Dei siste dagane har Halvard spelt masse piano, det er så koseleg, for det har han mest ikkje gjort dei siste tre åra. Eg liker så godt å høyra på når han spelar.

I dag tok dei inn nokre eksemplar av boka mi på Krogedal bokhandel, så nå er ho å få kjøpt der og. Eg må innrømma at det alltid er litt spesielt å sjå boka si i ein bokhandel. I dag var det siste gongen med drama, og i morgon blir siste skuledagen før jul for mitt vedkomande. Om kvelden reiser eg i forening så sant eg synest eg kan ta meg tid til det. I dag har eg fyllt vasen med den raude kanten øverst med kvite roser med eit svakt skjær av rosa. Det blømer av omsorg i stova vår, og på bordet ligg ei lita bunke julebrev eg har fått gjort klar. Leif har skrive på talen han skal halda i gravferda til faren sin. Det er ein ganske spesiell aktivitet å sitja med, det har eg ingen problem med å forstå. I dag har eg rett og slett lyst til å avslutta med ein del av versa Berthold Brecht si fredsvise, som eg er veldig glad i.

Fred over alle på jorden.
Fred over arbeidet vårt.
Måtte det alltid ernære
dem som arbeider hårdt.

Fred over alle i landet.
Fred over oss i vår by.
Måtte den alltid gi hus til
dem som gir andre ly.

Fred over oss her i hjemmet.
Fred over naboen vår.
Måtte en fredelig nabo
være i fred hvor han går.

Fred over barnet i vuggen
og over den som skal dø.
Måtte vår jord bli oss vennlig
og gi oss det daglige brød.

Brecht

Fred over kvelden.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: