Gå til innhald

Luke nitten to tusen og tolv – Leva med brodd

desember 19, 2012

klovn og prestI dag morges var eg seinare i seget enn eg hadde tenkt, og eg såg at tida gjekk veldig fort mot arbeidsstart. Glatt var det både for gåande og kjørande. Då var det eg kom til å tenkja på at broddedebuten kanskje nærma seg. Gjekk eg ikkje rundt med eit par skobroddar i veska? Jo visst gjorde eg det! Eg fekk tredd dei kalosjeliknande gummitrekka med piggar under på skorne mine, og så skulle alt gå av seg sjølv,- trudde eg. Ikkje hadde vel eg drøymt om at ein måtte læra seg å gå med broddar slik ein lærer seg å gå på skeiser… I alle fall kjendest det slik. Kanskje broddane er meir berekna på snø. Det kjendest som å gå på piggar oppå stålisen, og det gjorde vondt i dei same musklane i foten og leggen som gjer vondt når ein går på skeiser. Eg datt ikkje, men det var ikkje komfortabelt heller, etter at ein tredel av distansen var tilbakelagd drog eg broddane av fordi eg fann ut at eg gjekk fortare og meir effektivt utan… Komiske greier. Og eg som trudde alle problem med glatt føre ville vera løyste opp og avgjorde så snart ein svelgde stoltheita og spende på seg jerngrepet.

Ganske so frykta, så nådde eg ikkje skulen før rett før elevane skulle koma. Heldigvis hadde Ellen vore inne i klasseromet der eg skulle vikariera og lagt inn julemusikken eg trengde på smart-tavla. Første delen av dagen var engleverkstad igjen. I dag var det trekkspelenglar av bretta papir, trekuler og oppflyssa garnhår som stod på menyen. Ein del av ungane elskar å få vera kreative og prøva ut idear i tillegg til å laga så fint handverk dei bare kan få til. Det er kjekt å sjå koss dei kosar seg. Andre mistenker eg for å lengta til meir normalstrukturerte dagar der det ikkje er slik at mesteparten av dagane er utanom vanleg timeplan. Nå skal det bli godt med ferie, og etterpå er det sikkert heilt fint med meir vanlege skuledagar att.

I ettermiddag har eg skrive julepost, pakka inn gåver og funne fram den svarte kjolen. I morgon tidleg reiser me austover til gravferd. I kveld har eg vore saman med fem gamle venninner. Det var fint. Me har ledd godt og lenge. Det gjorde godt… Eg har fått ein hyacint, ein orkidé og ei nydeleg kvit julerose i potte. Eg gleder meg til jul-

Dagens visdomsord:

Snøfnugg er det lettaste og minst sterke ein kan tenkja seg, men legg merke til kva som kan skje når dei pakkar seg tett saman.

Me får håpa turen i morgon blir utan storm og såpeglatte kjørebanar.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: