Gå til innhald

Luke tjue to tusen og tolv.- Den som reiser gjennom sorg og vinter.

desember 22, 2012

kofte lys Arild

I dag tidleg fekk eg sms- melding frå Torhild der det stod:» God reise gjennom sorg og vinter. «Eg skreiv tilbake at det var ei vakker helsing. Så sette me oss i bilen og reiste, eg og mannfolka. Oddvar og Leif byttest på å kjøra, og eg og Odd Christian delte baksetet. I Lyngdal stoppa me og kjøpte nøtter og mandarinar og to fleeceteppe med julemotiv på halv pris, ikkje fordi me fraus, men fordi eg fekk det for meg at det ville vera koseleg for trøytte passasjerar å halvsova i bilen med eit slikt teppe over seg, – og det var det- Me var nok litt slite alle fire og spente på kva morgondagen skulle bringa. Vel framme i Bærum tok me i mot Sunniva, som kom med tog frå skulen sin, og Ingrid og Halvard som reiste bort med fly. Det var ganske store forsinkingar i flytrafikken denne dagen, men heldigvis var ikkje deira fly meir enn ein time etter oppsett rute.
Nå er det kvelden før den lengste natta i året, og i  morgon er det den datoen som i fleire år har fått folk til å skjelva. Men dommedag er grundig avlyst i diverse media, seinast i dag av Putin. Eller kanskje det var eit humorprogram eg høyrde. i halvsøvne i bilen? I staden for å vera vitne til at jorda skal gå under, skal me farvel med svigerfar. Det er ei ganske sterk hending det og. Sist dei melde dommedag feira eg femtiårsdagen min med stort selskap, så datoane treffer godt.Eg og Leif skal sova i huset til foreldra hans. Kanskje det blir siste gongen me finn huset «slik det alltid har vore. Det var merkeleg tomt då me nettopp var innom der. Eg hadde skrive eit langt innlegg på ein ukjend datamaskin. Nokon kom borti feil tast og det forsvann. Nå blir det dette i staden, for nå mistar eg internett.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: