Gå til innhald

Luke tjueein to tusen og tolv -I liv og død, o Herre bli hos meg.

desember 22, 2012

kransar
Dagen i dag er ein merkeleg dag… Me vakna i Fagertunveien, og tenkte at dette kanskje er siste gongen me er der at heimen står som han har gjort. På bordet var det fire uopna julebrev til svigerfar. Kva gjer ein med uopna julebrev, sender dei tilbake til avsendaren?

Me åt felles julefrokost hos Joffe og Elisabeth, det var fint å vera i lag.. Så reiste me tidleg til kapellet fordi Leif hadde lyst til å sjå far sin for siste gongen, og då ville eg vera der i saman med han.  Vegen dit baud på komplikasjonar, det var så utruleg glatt, og då me skulle rygga inn i naboen sin nedkjørsel, begynte bilen å gli bakover. Heldigvis glei me ikkje inn i bilen som stod der eller garasjen, men me hadde eit svare strev med å få bilen opp på vegen att.  Det var ikkje lett å dytta med glatte finsko. Heldigvis gjekk det bra til slutt og me nådde både å henta bårebuketten me skulle plukka med oss på vegen og avtalen med begravelsesbyrået.

Eg har aldri før sett ein person som er lagt i kista, eg vart litt overraska over korleis det fungerte. Det å sjå han gav meg likevel den same opplevinga eg har hatt kvar gong eg har sett ein død person: Det er ikkje lenger det mennesket eg kjende, men ein kropp som ingen har bruk for lenger. Eg vart ståande ei stund aleine, og dei spurde om eg hadde lyst til å vera der medan dei la loket på kista. Det sa eg ja til, og syntest at det var fint å få vera der.

Det var så fine blomar rundt kista, og det var sterkt å møta alle menneska som kom for å vera med. Spesielt varma det hjarta til oss i vår eigen vesle familie at Jan og Per Inge kom for å vera der saman med oss. Presten henta teksten frå Forkynnaren, om ei tid til å fødast ei anna til å døy, ei tid til å så ei anna til å hausta, ei tid til å dansa ei anna til å gråta. Leif haldt ein veldig vakker minnetale over far sin, og det var fint å syngja «O bli hos meg, nå er det aftentid,» «Kjærlighet fra Gud» og «Leid milde ljos» I det same minuttet som verda var spådd å gå under vart det spelt «Deilig er jorden» på trompet med gitarakkompagnement, det var vakker musikk frå to av kompisane til nevø Oscar, og dei var komne her det Godt taima, svigerfar var blitt kasta jord på og det var lyst fred over minnet hans. Og heldigvis fortsette sekunda å koma til oss etterpå og… Det tåpelege er at eg midt i det heile ikkje kunne la vera å føla ei ørlita uro for verda si framtid, og hadde eit auge på urskiva på vensterarmen min. Det vart på ein måte endå tydelegare at «Slekt skal følge slekters gang,» og at me skal leva vidare sjølv om nokon som stod oss nære ikkje er der lenger.

Denne gongen var menighetshuset oppteke slik at me ikkje kunne ha minnesamlinga der. I staden reiste me til Bærums verk der me fekk ein god lunsj i nydelege lokale, og vesle Amelie på halvanna år tronte ubekymra i ein gammaldags barnestol og viste med all tydelegheit at «Slekt skal følge slekters gang.» Om nokre månadar blir det fjerde oldebarnet fødd, og det var ei stor glede for dei gamle å helsa på dei etterkvart som dei kom. Elling Kvamme ein venn av svigerfar, som er nittifire år og ein veldig interessant mann å prata med, haldt fin tale. Eg blir alltid rørt av å møta gamle folk som framleis er engasjerte og aktive. Ingrid haldt og ein fin tale for farfaren sin. Etterpå reiste me i flokk og fylgje opp til gravplassen der Morten nå har fått kvileplass rett ved sida av besteforeldra sine. Det er fint å tenkja på akkurat det. Me tok med oss ein del av blomane frå bisettelsen og la på gravene. Blomane og lysa var så fine mot den kvite snøen.

Seinare på dagen rakk nokre av oss ein aldri så liten julegavehandel før det var varm suppe hos Joffe. Nokre timar seinare sat eg og Leif heilt utkjørde framfor fjernsynet i stova heime hos svigerfar. Der stod det eit heilt lager med konfekt, sjokoladeplater, marengs og andre ting dei hadde prøvd å lokka fram matlysten i han med. Alt saman var uopna. Me fann ut at han heilt sikkert spanderte ein sjokoladebit på oss for å avrunda denne siste dagen saman med han…

Heidi

Blomar og grav

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: