Fragment av det du tenkte
Når du ikkje er her lenger,
skal fragment av det du tenkte,
framleis sveva
leikent under kuppel- lampane i gamlebygget.
Gjenlyden av orda du sa,
skal susa forsiktig i surringa
frå elektroniske tavler
og frå dei syngande høgtalarane.
Det du lo av,
skal framleis dirra litt sjenert
i solstrålane i vindaugskarmane,
når dagslyset er på sitt sterkaste.
Frustrasjonane dine
skal me stundom finna spor av
ved gjenstridige pc-ar og kopimaskinar.
Ekkoet av ros og gode ord,
skal me ana i trygge blikk på gata,
frå dei som ein gong var elevar her,
lenge etter at namna deira
stod i klasselistene opphengde på korktavler.
Ein sjeldan gong skal me ana eit streif
av parfymen din i kaffi-køen,
Eller tru det er
dine steg me høyrer lyden av i trappene,
heilt til me hugsar.
Ein stad inne i oss,
skal me bera små minne
om det som ein gong var
Heilt uforvarande
skal små episodar me opplevde saman,
plutseleg og uventa, få deg til å stoppa på fortauet,
få deg til å stå der og smila, eit sekund eller to,
før du tek vit til deg og går vidare.
I små hemmelege rom,
langt inne i oss,
finst dei alltid,
orda og glansbileta,
dei små stjernene,
som regna lukkeleg over oss,
ein og annan gongen då me ikkje venta det.
Med alle dei små,
nesten umerkelege spora
av levde liv
i ansikta og sjelene,
stansar me, ventar me, går me vidare.
Bort frå einannan og tilbake til einannan,
Med kjende eller ukjende
nøkkelknippe i bukselomma,
med eller utan kodekort om halsen.
Me hugsar kanskje å takka einannan,
for levd liv,
for gode sekund og minutt,
og for fylgjet så langt.
Heidi

Så fint!
🙂