Gå til innhald

Sit her med Sunniva og ser utover havet

juni 24, 2013

IMG_5397

Me sit ikkje på akkurat denne stranda saman med desse to livsnytarane på biletet.Faktisk så må eg innrømma at dette er eit arkivbilete frå sist me var i Danmark, sidan ingen i min store fotograferingsglade familie har tilbode meg ferske bilete til bloggen i dag. Danmark er eit dejlig land. Så mykje meir er det ikkje å seia om den saken. For å generalisera, så er eg veldig glad i den danske naturen, i dei danske koselege småbyane, eg elskar København, som dessverre er ganske langt unna oss her på nordvestkysten, og eg likar danskane og den avslappa danske mentaliteten. Dette må vera rett plass å finna feriefreden, eg har faktisk, glimtvis, funne han frå me kjørde bilen i land i Hirtshals.

I går tok eg og kjærasten min med oss Oscar og gjekk ein tur langs klittene til ei kyrkje rett borti her som hadde stått i fare for å rasa ut i havet som et seg lenger og lenger inn i landet. Nå har dei teke ned den øverste delen av kyrkja, og skal flytta resten og, men framleis skal kyrkjegarden liggja der, så nære klittekanten at havet i verste fall kan forsyna seg av han om det held fram å ta jafsar av dei bratte klittene med jamne mellomrom. Det var idyllisk der ute. Etter ei stund såg me på eit skilt at folk var oppfordra til å ikkje ta med hundane sine dit.Då bestemte me oss for å snu. Det hadde og begynt å skumra, så det var ganske seint på kvelden allereie. På veg heim plukka eg ein bukett med sju forskjellige markblomar i tilfelle nokon skulle ha lyst til å sova med han under hovudputa for å drøyma om sin tilkomande. Det måtte vel nesten ha vore eit tilbod til Sunniva, for me vil ikkje at Ingrid skal drøyma om andre enn Oddvar… Sidan ho hadde somna allereie, hamna blomane i ein liten vase på bordet, sikkert like bra… Det veks forresten både kornblomar, lupiner, nyperoser og valmuer villt her. Det er så fint.

I dag vart eg vekt av ein mops som i stor glede ville rundslikka håret og ansiktet mitt. Ein gledesfylt form for vekking, men litt i heftigaste laget for meg likevel. Gutane hadde vore ute og handla ferskt bakarbrød, og var i ferd med å rigga til frokost med kaffi, egg og bacon. Etterkvart reiste me alle saman til Hjørring, der eg fortapte meg i ein bruktbutikk. Bruktbutikkar har sjel. Eg klarte ikkje å stå i mot tre heimelaga handdokker til fem kroner stykket, sikkert sydde av ein entusiast ein gong på sytti- eller åttitalet. Dei bar preg av å ha levd ei stund, men vil nok likevel lika seg i første klasse neste år. Eg kjøpte og ei fantastisk fotobok frå 18.august 2005, der mange fotografar hadde gått saman om å dokumentera ulike ting som skjedde i Danmark akkurat denne dagen. Boka var fylt av kvardagsliv og høgtid. Det var bilete av alt frå damer i kø i butikken til graferder, overdosedødsfall, barn i lek, ei kvinne på operasjonsbordet på ein krirurgisk klinikk, bønder i arbeid og livet i eit prostitusjonsmiljø. Det vart ei sterk dokumentarbok. Eg sender ideen vidare til dei som har makt og mynde til å setja i gang eit liknande prosjekt.

Ungdomane har jogga på stranda, Odd Christian og Oddvar har til og med dyppa seg i sjøen og sprunge opp og ned klittene med sånn filmkamera ein kan festa til hovudet. Odd Christian har til og med laga små filmsnuttar frå under vatnet i bassenget her, så kreativiteten boblar. Strikketøyet mitt er henta fram, og me drikk kveldskaffien vår. Sola heng som ei stor oransje blodappelsin under skyene, og kjærasten min spør om eg vil vera med ut i bilen på kveldsfotosafari. Det har eg lyst til. Ikkje minst for å få nokre fine Danmarksbilete å pynta bloggen min med. Sunniva har spanskleksjonar med far sin for å læra seg litt spansk før Bolivia. Me har og vore på ein liten utflukt her i Lønstrup og Odd Christian spanderte softis på ein iskafé ytterst ved havet. Me lid inga naud, og framleis skal me vera her lenge. Dei melder til og med betre ver. Det kan me lika.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: