Gå til innhald

Bollebakande sundagsmamma

juli 28, 2013

panorama sukkertoppen*

Av og til får eg den fikse ideen at gode mødre har grønsåpeluktande ryddige hus og i tillegg nybakte bollar, slik at den gode lukta av nysteikt gjærbakst slår i mot alle som kjem inn dørene. I går brukte eg heile dagen på å prøva å få til det første, men det blir aldri riktig ferdig. Når det gjeld å få eit hus til å sjå ut som det er klipt ut av ikeakatalogen eller bonytt, så kan du like godt kalla meg Dona Quixota eller Sisyfos. Bakverk hender det derimot at eg lukkast ganske godt med. Då eg spurde Sunniva om ho hadde lyst på nysteikte bollar, spurde ho om det og gjaldt kanelrullar, så vart det begge deler. Eg prøvde å tilkalla heile storfamilien sidan det lukta så godt i heimen, men det var bare syster som ikkje hadde andre planar. God middag vart det og med lys og blomar og kuvertbrikker på linduken. Av og til er det deilig at sundag kjennest ut som sundag. Elles er noko av det fine med å ha lang sommarferie at ein kjem til det punktet der det ikkje betyr så mykje om det er tysdagskveld eller laurdagskveld, føremiddag eller midt på natta. Det er likson bare sommar alt saman. Den kjensla er som balsam for sjela til sånne som meg, som resten av året opererer med overmøblerte avtalebøker. Ja, bok har eg framleis, ville aldri våga å leggja alt det viktige på ein mobil som plutseleg går i golvet eller i vaskemaskinen.

Men i dag hugsa me at det var sundag føremiddag og sykla til kyrkja for å få med oss gudstenesta. Det me ikkje hadde fått med oss er at dei hadde framsunda alle sommargudstenestene ein halvtime i tid slik at me kom rett til preika. Og me som var så fornøgde med at me faktisk rakk fram i tide. Men me fekk med oss ein time inkludert preika nattverden og velsigninga, så heilt gale gjekk det nå ikkje.

Oscar spelar spel

Og feriegjesten, Oscar har det som ein liten prins. Her er det for tida fire personar som er mykje heime, så han får gå fleire turar til dagen, trena på alt han elskar å visa at han kan: – sittja, ligga, give me five, dansa, stå på to, bjeffa I love you, gje labb og liggja død på sida. Halvard prøver å læra han kommandoen hopp. Han er ikkje stødigare i kunstene sine enn at han av og til blir forvirra og gjer alt på ein gong for å få belønninga si. Han er og veldig glad i puslespelet over som går ut på å flytta på koppar og skyva på luker for å finna godbitar. Det er koseleg med ein liten hund i huset, men for oss som normalt sett er mykje på farten passar det nok betre med kattar som er i stand til å klara seg meir eller mindre heilt på eiga hand, og bare kjem når dei sjølv vil ha mat, husly og kos.

I morgon begynner eit nytt avsnitt i serien «Heidi gjer ting ho ikkje kan»… Me har to utflytta barnerom på loftet som me skal prøva å pussa opp, mala, leggja nye golv og innreia til koselege gjesterom/arbeidsrom. Eg må innrømma at eg ikkje har allverdas sjølvtillit med slike ting, men det er vel bare å krumma halsen…

rom med gitar, forsterker og lampe

Omtrent slik ser det eine romet ut. Påbyggsdelen har aldri fått parkett, me har bare hatt eit teppe over. Nå kjem me til å leggja eit eller anna rett oppå trur eg… Parkettplater? Laminat? Linolium? Og me diskuterer farge på furuveggene som me har tenkt å mala…

Sidan eg har to diktbøker av Jan Askelund, blir han gjestepoet i kveld og.

Hovudpersonen i boka «Som alle veit», er den førtiåtte år gamle, lettare desillusjonerte Olav Raufoss, som i grunnen ikkje har så mange vyer att. Eg tek med dikt nr 77 i den lett misantropiske livsfilosofien hans, og håper at eg personleg ikkje kjem så langt at eg får lyst til å skriva under på fylgjande.

77

Ikkje lenger henfallen

til livet.

Bare ei sval

interesse.

Jan Askelund

Her får eg leggja til at min personlege ambisjon er å vera hanfallen til livet så lenge det pumpar og går. Sjølv om det kan kreva si kvinne av og til.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: