Gå til innhald

Casa Caotica

august 27, 2013

loftet

Nokon eg kjenner godt har fått oppusningskick, så underets tid er ikkje forbi. Sjølv er eg bare moderat angripen, her er så mykje anna å halda styr på. Og nå er det offisielt avgjort at Ingrid og Oddvar kjøper huset til onkelen min, han som døydde i vår. Det er veldig koseleg at det blir i familien. Eg veit at nå vil dei få hendene fulle av oppusningsarbeid i lange tider framover, men dei er så glade og fornøgde og handlekraftige at eg bare må tru dei når dei seier at dei gleder seg, ikkje bare til ferdig hus, men og til den prosessen dei går inn i for å bli klare til å kunna bu der sånn etterkvart. Nå blir me kanskje ein storfamilie med hund og katt i ein periode mellom leiligheitssal og innflytning, men me liker å vera mange her i huset. Så får me heller syngja som røvarane i Kardemommeby av og til: «Hvor er buksa mi, hvor er skjorta mi, hvor er hempa som jeg hadde bak på vesten min, hvor er Jespers hatt, hvor er ditt og datt, hvor er hullene som var på strømpelesten min…» Eg vakna mandag morgon etter nokre seine kveldar, og oppdaga at hårkosten min er anteken blitt liggjande som hittegods ein stad i Kirkeveien.

Sidan eg ikkje lenger har døtre buande heime, som kunne låna ut friser-remedier, og sidan håret mitt ser ut som ein løvemanke om morgonen tydde eg til mannen i mitt liv: «Har du ein kam å låna meg?» «Eh,» opnar ei skuff, «eh nei…» «Men kva greier du deg med om morgonen?» «Stort sett greier eg ikkje håret, for eg har det så kort»… OK, kva tyr ein til då? Ein gaffel frå kjøkkenskuffa? Heldigvis er det betre å vera trådlaus enn rådlaus, så eg kom til å tenkja på at eg trudde det låg ein hårkost i eit sminkeskrin på kostymelageret. Det gjorde det… Det ordnar seg som regel for snille jenter, og dersom du lurer på om eg har kjøpt ein ny, så er svaret nei. Men sånn etterkvart skal nok hårbørsten vaskast med varmt vatn og leggjast tilbake på plass…

Eg har gleda meg til å presentera den neste diktaren frå hylla mi, nemleg Karin Boye. Med diktet «Visst gör det ont när knoppar brester,» var ho ei av dei første som fekk meg til å forstå at dikt verkeleg kan få ein til å frysa langs ryggrada. Karin Boye skreiv «Jag vil möta livets makter vapenlös,» og «Det goda er varnlöst, det goda behöver inte segra:» Mykje av det ho har skrive har gjort djupt inntrykk inne i meg. Eg har og eit ynskje om å våga å vera våpenlaus. Dessverre gjekk det ikkje godt for Karin Boye. Kanskje livet vart for sterkt for henne? Ho ende med å døy på ein benk i ein park etter å ha teke ein overdose tablettar. Heldigvis har verda blitt ein opnare og romslegare plass sidan då. Det at ho var homofil i tillegg til å vera andeleg hudlaus, var nok ikkje den lettaste skjebnen å bera for åtti år sidan. Men for nokre dikt hos skriv. Om nokon skulle kunna ha gått glipp av å oppdaga henne, ser eg på dette som promotering av noko som for meg er verkeleg stor og djup kunst. Dikta eg vil ta med er ikkje dei aller mest kjende. Sidan eg akkurat nå tilbringar dagane mine med heilt nye førsteklassingar, så tileignar eg dei denne teksten:

Til någon som är mycket ung:

Speda nymåne,
vita nymåne,
blekskimrande låga, tänd
i nattens vida rum.

skira blåvinge;
sköra blåvinge
,
yrvaken og väntansspänd
då skymning faller ljum,

spröda blomklocka,
klara blomklocka,
glasbräckliga flarn,

alf och vårväsen,
sylf och vårväsen-
lycka må ske dig barn.

Karin Boye

 

Aftonbön

Ingen stund är såsom denna,
kvällens sista, tysta timma.
Inga sprger längre bränna,
inga stämmr mera stimma.

Tag då nu i dina händer
denna dagen som förflutit.
Visst jag vet, i gott du vänder

vad jag hållit eller brutit.

Ont jag tänkar, ont jag handlar
men du läker allt och renar.
Mina dagar du förvandlar
så från grus til ädla stenar.

Du får lyfta, du får bära,
jag kan bara allting lämna.
Tag mig, led mig, var mig nära!
Ske mig vad du sen må ämna!

Karin Boye

Til slutt eit dikt eg og er veldig glad i. Kanskje litt av grunnen til at eg skriv blogg, ligg gøymt ein stad i desse linjene?

Det bästa

Det bästa som vi äga;
det kan man inte giva,
det kan man inte säga

och inte heller skriva.

Det bästa i ditt sinne
kan intet förorena.
Det lyser djupt där inne
fôr dig och Gud allena.

Det är vår rikdooms råga
att ingen ann kan nå det.
Det är vår armods plåga
att ingen ann kan få det.

Karin Boye

I dag er det framleis seinsommar med eit og anna gult blad på hekkane langs vegen. Der har vore riktig varmt og deilig, men nå når klokka er kvart ovar ni har det allereie skumra såpass at greinene frå hekken eg ser frå vinduet ser ut som svarte armar mot ein metallblå kveldshimmel med djupt indigo skyer på. Eg har vore på jobb i både skule og kulturskule og er intenst trøytt. I dag blir det tidleg kveld. Halvard kom heim frå Amsterdam i går og gav meg ein Van Gogh-boks med hollandske kjeks og ein George Harrison- biografi. Den siste har eg tenkt å bruka den siste vakne timen på. Eg skal bare…

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: