Gå til innhald

Bestemorkoppar

august 29, 2013

Bilde

I stova til bestemor stod det ein skjenk med glasdører. Inne i skjenken stod desse koppane i eit opplyst rom med glasdører. Eg syntest dei var frykteleg fine. Eg kan aldri hugsa at dei vart brukte. Dei stod der saman med stetteglas med inngrvaverte blomar på, som var av tynt glas, ikkje av krystall. Bestemor hadde ikkje eigd mange veldig fine ting i livet sitt. Onkelen min fortel at då ho var nokon og femti gjekk ho og fekk trekt ut alle tennene fordi ho ikkje hadde hatt råd til å gå til tannlegen. Det hadde blødd så voldsomt om kvelden at ei nabokone hadde sitte hos henne heile natta fordi dei var redde at blødningen ikkje ville stoppa. Desse mokkakoppane kjøpte ho nok ein del år etter dette einaste tannlegebesøket. Etterkvart vart det litt fleire pengar i lommeboka, og ho hadde råd til å kjøpa seg vakre ting. Dessverre tok ho seg ikkje råd til å bruka slike dyre pyntegjenstandar. Eg har aldri sett koppane i bruk.

Då ho døydde arva onkelen min dei, og dei hamna i eit nytt glasskap. Ein gong sa eg til han at eg alltid hadde syntest at dei koppane var så fine, og då sa han at han ville gje dei til meg. Eg sa at eg ikkje ville ha dei nå, men at eg gjerne ville arva dei ein gong… I dag var dagen for rydding av dødsboet. Eg trur fleire av oss hadde grudd seg litt, men det gjekk føre seg i fred og minnelegheit. Nå er koppane mine… Dei er i to ulike dessign, nokre er rette i forma, andre mjukt bua. Av ein eller annan grunn har det eine gule settet blå underasjett. Kanskje det ikkje var fleire gule att, eller at eit gult vart knust og erstatta med eit blått? Akkurat den lyseblå fargen der var bestemor sin absolutte yndlingsfarge, så kanskje ho først hadde tenkt å ha blå asjettar til alle koppane. Ikkje veit eg… Eg har i grunnen ein mistanke om at desse koppane, som må nærma seg seksti år aldri har vore brukte… Eg er for at ting skal brukast. Samtidig blir eg litt engsteleg for å bruka dei nå når dei har stått og vore fine så lenge. Dette er nemleg ikkje eit hus der ting aldri blir knuste…

Kvar år til jul laga eg ein kalendar til onkelen min med dikt, foto, postkort og utklipp frå kunstkatalogar. Det ante meg at han sparte på dei, likevel vart eg overrumpla då eg fann ei komplett samling kalendarar frå 1996 og fram til nå. Dei må eg ta vare på. Eg har og arva ein del bøker og diverse anna, men me var ganske flinke til å kasta, og han var ein mann som åtte få ting, men alt blei tatt vare på. Det er fint at Oddvar og Ingrid skal pussa opp huset og etterkvart flytta bort dit. I dette huset budde eg frå eg var fire til seks år, og har mange minne derifrå, mellom anna hugsar eg heilt klart at då tidssignalet gjekk klokka sju, hadde mor fått oss til å tru at det kom rett frå regjeringa og betydde: «Nå må alle barn gå og legge seg». Etter tidssignalet var det på med nattdrakt og så gjekk me til det soveromsvinduet der bestemor stod klar oppe i stova si for å vinka godnatt til meg og broren min. Dette var eit dagleg rituale som var veldig trygt og fint. Eg ser framleis for meg bestemor i blomstra ermeforkle med det grå håret i dult i nakken som stod og smilte tannlaus og vinkande. Ho fekk aldri til å bruka gebiss, eller kanskje ho aldri hadde eitt, ho hadde kanskje lova seg sjølv å aldri meir gå til tannlegen etter tannuttrekkjinga.

Nå vil eg slutta med eit Karin Boye dikt. Ho er nemleg blogglyrikaren i dag og sidan eg har to av hennar diktbøker i hylla mi.

Osårbar

Osårbar, osårbar
är den som fattar ursprungsordet
:
Det finns inte lycka ock olycka.
Det finnst bara liv och död.

Och när du har lärt det och slutat jaga vinden
Och när du har lärt det och slutat skrämmast av blåsten
så kom tilbaka och lär mig ennu en gång:
Det finnst inte
lycka och olycka.
Det finnst bara liv och död.

Jag började stava, när min vilja föddest,
och slutar stava, när min vilja har upphört.
Ursprungsordens hemlighet
förvarar vi inntil döden
.
Karin Boye

Liv og død har for oss vore ein gjennomgangsmelodi det siste året. Nå trur eg det er lov å ynskja seg eit liv med bare liv.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: