Gå til innhald

Befaring i Casa Caotica

august 30, 2013

katt og hund

Av forskjellige grunnar vart det bestemt at me skulle ta ein takst på huset vårt. Dette inneber at eg fekk vita for to døgn sidan at det i løpet av føremiddagen i dag, mellom klokka ti og eitt, for å vera nøyaktig skulle koma ein person og sjå på huset vårt. Då vaknar ein del av desse «burde-måtte-skulle-for-å-vera-ein-anstendig-samfunnsborgar-tankane» ein stad langt bak i tankane. Det dukkar opp scenarier frå diverse årgangar av «Bonytt» og «Bonytts slekt og venner». Det er nå eg skal avslørast. Her er det fulle korger med skittentøy, diverse uplasserte maleri, støv i krokane, kassar med ringpermar frå loftet, inne på arbeidsromet og ei korg med klede på veg frå tørkesnora til skapet i tillegg til ei overfylt aviskorg, ei nymalt loftstrapp med aviser under, og såg eg ikkje eit spindelvev nede ved inngangsdøra? Den fornuftige, flinke og praktiske lesar vil seia at «Då er det jo bare å gjera noko med det…» «Det er like lett som å fjerna øksa frå veggen i eventyret om dei tre dumrianane. Den øksa som fekk ein heil familie til å sitja apatiske å gråta fordi dottera i huset kunne koma til å få ein son, som skulle ned i kjelleren og henta noko, og så kunne få øksa i hovudet og bli drept…» Det eventyret har opna seg med mykje visdom som eg ikkje hadde forstand på då eg las det i «Alle barns eventyr,» då eg var lita…

Då vil eg apologetisk innvenda: Ja, men det er ikkje alltid ein har tid og stunder til denslags. Dei som trur at det er venstrehandsarbeid å starta opp med første klasse og kulturskule, veit nok ikkje heilt kva dei snakkar om. Heldigvis er ein lukkeleg nyforelska i ein gjeng fantastiske ungar, men det er mange system som skal gå seg til der og. På onsdag kom eg heim med noko som likna faretruande på eit migreneanfall og måtte sånn omtrent rett i seng, og i går var det den store «tømma-dødsboet-dagen» i huset til onkelen min. Nå vil oppvakte og observante lesarar kanskje sjå på meg med lett løfta augnebryn og seia: «Og då du kom heim, var det då du skreiv innlegg på bloggen din om desse koppane til bestmor di.» Eg ser skuldbetynga opp og nikkar. Det var akkurat det eg gjorde…

Eg gambla rett og slett på ei god ryddeøkt på føremiddagen, for denne befaringa kom sikkert ikkje til å starta klokka ti. Første gongen det ringde på dørklokka var klokka halv ti, då var det Oscar som kom, han skal vera her fordi det skulle vera fotografering heime hos han til salgsprospektet for leilegheita. Når ein får så fint besøk må det jo kosast og klappast litt, og så var klokka ti og det ringde på døra. Eg gjekk inn med det eg håpa var eit vennleg og husmoderleg smil, og lukka opp for ei ung søt jente som skulle sjå på huset. Eg klarte ikkje å la vera å koma med ei lita liste med gode grunnar til at det var rotete her, og så slapp eg henne inn i ein kaotisk vaskekjellar og eit kjøkken med oppvask ved vasken og bestemorskoppar på benken, men det var då kaffi på traktaren, hageblomar på bordet og ein dekorativ mops i sofaen…

Og nå, når eg har stått der og smilt vekk husmor-skammen etter beste evne, lukka døra bak henne og ønska henne ei god dag vidare, kjenner eg ei god kjensle av fridom… Nå kan eg setja meg ned og skriva, eg slapp å bruka heile forfattardagen min på husopprydning… For det er jo derfor eg har ordna meg frifredagar, for å leika produktiv forfattar… Og er bloggskriving ein del av forfattarskapet? Ja, visst… Det er trimming av skrivemusklar, og trening treng me alle. Dessutan er det formidling av livsoverskot, det høyrdest vel ganske fint ut… Eg har i sommar filosofert mykje av den uendelege livsvisdomen i «Pål sine høner»: «Kjeften og motet har hjulpe så mange…»

Det er interessant kva me skammar oss over. Eg skal ikkje påstå at eg skammar meg så forferdeleg mykje, men eg kjenner at det i vår kultur er skambelagte område som heiter «Ikkje ha ein slank og veltrent kropp», og «ikkje ha eit reint og ryddig hus». Eg klorer meg fast og prøver å halda ryggen rett, det gjer eg som oftast, men eg seier «nei takk» til kritiske blikk i krokar og blomsterbed, og har lova meg sjølv at den dagen det står ei personvekt på flyplass-gaten for å finna ut kven som har rett til å ha med bagasje og ikkje, og eventuelt betala for personleg overvekt, den dagen har flyskrekkbefengte vesle meg teke sin siste flytur.

Eg legg merke til at nokre menneske elskar å pussa opp hus, pusla i hagen og lesa boligkatalogar. Eg skulle ynskja at eg var slik, men innser at då ville eg ikkje få tid til å vera resten av meg. Eg vil så utruleg mykje heller vera saman med andre menneske, sitja på toget og sjå ut vinduet eller sitja ved macen min å skriva enn å bretta klede og klippa hekk. Når nokon kjem innom er eg i stand til å dekkja bord med lys og duk og blomar og finna ein eller annan plass i huset det er mogleg å setja seg ned.

Og kanskje har eg kompleks likevel, sidan eg faktisk sit her og bloggar om desse tinga… Korfor i all verda gjer eg det? Ein av grunnane er kanskje at eg i går las noko om å våga å vedkjenna seg det som kjennest svakt og sårt. Andre kan ha bruk for det. Eller tankane rundt det. Men den eigentlege grunnen er sjølvsagt at dette er mykje kjekkare enn å rydda hus, og jo då, eg skal nok gjera det… Sånn etterkvart.

Nå kom Ingrid for å henta den firbeinte, så nå går eg inn til henne.

Heidi

oppussing av loftet

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: