Skip to content

Haust på Jylland

oktober 8, 2013

image

Eg trur aldri før eg har vore i Danmark på denne årstida. Eg har vore i København eit par gonger vinterstid, men på Jylland har eg viss bare vore om sommaren. Likevel er det alltid litt som å koma heim når eg kjem til Danmark, eg trur eit hjørne av sjela mi må vera dansk statsborgar. Me hadde bestemt oss for å bruka dagen og vegen som det fall oss inn, og etter ein god frokost på danskebåten klokka seks, hadde me verkeleg ganske mykje dag å ta av då me kjørde i land. Fargene i naturen var heilt fantastiske, endå sterkare og finare enn heime på Jæren.

image

Me bestemde oss for å kjøra ytterste vestkysten av Jylland, så langt ut mot havet me kunne koma. Me fann ein veg som delvis gjekk heilt ute i havgapet, og på grunn av litt snirklete fjordar kjørde me nokre strekningar med hav på begge sider av oss. Vegen gjekk delvis gjennom eit våtmarksområde med veldig mykje sjøfugl. For hundre år sidan prøvde dei å drenera dette området for å kunna dyrka jorda, men heldigvis gjekk det ikkje, for her hekkar det mange sjeldne fuglar akkurat som på Jæren. Me såg masse fuglar og. Fuglane er tydelegvis i ferd med å flokka seg for å «ta te vett og flyg mot sør,» som det står i songen. Eg såg og fleire store flokkar av det som må ha vore grågås i plogformasjon over himmelen, me såg mange svaner, og store mengdar av ein svart fugl som eg trur må ha vore skarv, men eg kom ikkje nær nok til å sjå det skikkeleg.

image

Landskapet er omtrent like forblåst som det er heime, noko som viser på ein ganske sjarmerande måte på trea.

image

Me fann ein stad ytterst mot havet som heitte Harboeør eller Harboøre, eg såg begge stavemåtane, dit måtte me sjølvsagt dra… Me fekk oss ein fergetur med ei lita dansk ferge der bilane stod på midten og det var «fergely» på begge sider for folk som ville sjå utover sjøen, men ikkje frysa i vinden. Det eine var framleis for røykjarar, så dei har nok litt betre kår her enn heime i Norge.

Langs vegen var det mange småbyar, som nok er veldig sommarplassar for badeturistar. Den eine staden me stansa for å kjøpa oss lunsj var alle butikkar, restaurantar og butikkar stengde. Det einaste som haldt ope var den lokale «Brugsen». Me var dei einaste kundane der, og vareutvalet var heller beskjedent. Dagens tilbod var at det i inngangspartiet stod store korger med julepynt til halv pris… Men me fekk kjøpt ferske rundstykke, ost og «Kurvand med brus og citron», så me var godt fornøgde.

Det var ein verkeleg vakker biltur me hadde, men då ettermiddagen nærma seg fann me ut at me ville litt inn i landet att. Me bestemte oss for å kjøra til Ribe, som me har vore innom før, og som me hugsa som ein veldig fin by. Me er nå innlosjerte på eit veldig gammalt og veldig koseleg hotell midt i sentrum, hotell Dagmar. Hotellet er oppkalt etter dronning Dagmar som døde i Ribe på 1200-talet. Huset ser ut som det er nesten like gammalt. Golva i alle etasjane er skikkeleg skeive, men romma er koselege.

image

Utsikten frå vindauget er og fin:

Og byen er veldig triveleg. Me har vore på ei lita byvandring og ete buffet på ein kinarestaurant. Nå har me landa på romet med dei skeive golva og slik ein av og til gjer etter ei natt på båt og litt lite søvn, sit eg her og føler at eg er i sjøgang. Danskebåten som gjekk frå Stavanger til Hirtshals var stor og fin, og livet på danskebåten er alltid eit studie verd. I timen før midnatt var me på «dansebandkonsert» med fire svenske ungdomar som såg ut til å vera på Sunniva og Halvard sin alder. Den eine gjorde ein Mika-låt så suverent at skeptikaren eg hadde med meg mistenkte dei for bare å mima etter ferdig musikk, men nei då, klart dei song. Ei gruppe menneske med psykisk utviklingshemning var på båten og viste slik danseglede at det var til å bli varm om hjartet av. Eg vart oppbuden to gonger, først av ein utviklingshemma mann og så av ein overstadig berusa eldre mann. Eg kunne vel unna dei begge at nokon svarte ja, men denne gongen feiga eg ut. Eg var ikkje klar for veldig utagerande oppvisningsdans. Det  vart ei relativt kort natt, så det blir nok ein tidleg kveld. I morgon har me tenkt oss til Odense viss det ikkje dukkar opp nye og spontane idear.

image

Helsing Heidi som elskar å leika reisereportar og ikkje alltid kjenner begrensningskunsten.

 

From → haust, Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: