Skip to content

Ribe domkyrkje og bulldogmops framfor bakeri

oktober 9, 2013

image

Me fann ut at me på ingen måte kunne reisa frå Ribe før me hadde vore inne i domkyrkja. Eg er veldig glad for at me tok oss tid til det. Det var ei fantastisk kyrkje. Den einaste fireskipskyrkja i Skandinavia fortalde guiden. Kyrkja var stappfull av historie og veldig gammal. På åttitalet måtte dei grava ut grunnen under kyrkja fordi ho hadde begynt å skli i frå einannan. Dei fjerna då tolv lag med begravde kister, og fylde på med sement, så nå skulle ho stå støtt. Det dei fann av levningar vart begravd på ein kyrkjegard, og messingbeslaga på dei mest fornemme kistene vart hengde opp inne i kyrkja.

Salmediktaren Brorson var biskop der i ein del år, og bispekåpa hans blir framleis brukt i heilt spesielle anledningar. Fram til reformasjonen var det lov å ha med seg hundar til gudsteneste, og ein mann hadde den tenesta under gudstenestene at han gjekk rundt med ein stokk for å få gøyande hundar til å tia stille. Fotografen eg reiser omkring med ville opp i tårnet for å ta oversiktsfoto over Ribe, eg er ikkje heilt komfortabel med lange bratte trapper opp til høge bratte tårn, så eg hekta meg i staden på ei guida gruppe inne i kyrkja. Dei viste seg å vera svenske konservatorar. Om det førde til at guidinga vart ekstra grundig veit eg ikkje, men det er ein fryd å høyra ein skikkeleg flink guide. Han fortalde så bra at eg trur nesten at eg hadde kunne guida ein skuleklasse sjølv etterpå. Eg kunne faktisk tenkt meg å jobba som guide på eit kunstmuseum eller noko slikt. Så lenge det ikkje inneber å finna fram utandørs, så er eg heilt klar.

image

Det litt morsomme var at kunsten i kyrkja varierte frå eldgamle eksempel på treskjeringsarbeid, middelaldermaleri og eit ganske modernistisk formspråk. Framme i koret i hovudallteret var det ein serie moderne bilete av kunstnaren Carl Henning Pedersen, laga i 1987, som danna ei slags moderne altertavle. Motivet over er eit av dei som visar profetien i frå Første Mosebok om at kvinna skal føda barn i smerte, slangen skal hogga henne i hælen, men ho skal knusa hovudet hans under foten sin.

image

Messehaglane, som hang utstilde i kyrkja var og overraskande moderne utforma til bruk i ei kyrkje som vart bygd i mellomalderen. Her er den grøne.

image

Og her er den raude. Dei er laga etter motiv i Brorson sine salmer. Den raude symboliserer ei rose.

Etter domkyrkja leita me oss fram til bakeriet Jane hadde anbefalt og kjøpte med oss lunsj. Eg har sjeldan sett så mange ulike typar lekre kaker, men me var fornuftige og haldt oss til ciabattabrød og flutes med egg og reker. Eg lurer på korleis dei klarer å berekna kor mange kaker dei skal selgja kvar dag, sidan utvalet er så enormt. Får håpa overskotet havnar på ein gamleheim eller i fryseboksen til dei ansatte og ikkje i ein stor søppelkontainar. Utanfor bakeriet møtte eg tre franske bulldoggar. Den eine såg ut akkurat som ein mops, men med øyrer som ein fransk bulldog, eg spurde eigaren om det var ein blanding av desse rasane, men han sa at det var ein reinrasa bulldog. Er det blitt noko litt gale med oss når me nesten spring etter hundeeigarar på gata? Litt seinare på dagen såg me to tyske mopsar bli løfta inn i bagasjeromet på ein bil, og me kunne ikkje dy oss frå å gå bort og helsa på dei og eigarane…

Eg hadde tenkt å laga eit lengre innlegg, men eg ser at det blir vanskeleg å behandla så lange tekstar med foto innimellom, så eg skriv heller ein tekst til. Fortsetjing fylgjer…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: