Gå til innhald

Uro og otte

oktober 16, 2013

uvershimmel Ribe

Då eg fekk innkallinga til mammografiundersøking, velkomen til femtiåra, var det ei liste over fem moglege ulemper ved det å driva screening: Ulempe nummer fem er som fylgjande: Mange kan oppleva uro og otte si samband med mammografiundesøkinga, både i tida fram til svaret ligg føre, og ved innkalling til tilleggsundesøking…

Nå skal eg stå fram med ei av mine skikkeleg svake sider, og gjer det for å gje smånevrotikarane blant oss ein stemme. For det må vel vera fleire enn meg…  Det stod i innkallinga at av tusen undersøkte ville 5-6 få diagnostisert brystkreft, og 30-40 ville bli innkalla til ei tilleggsundersøkjing. I mitt litt halvsjuke hovud såg eg for meg ein eller annan laga eit lotteri der tusen personar blir uttrekte til å vera med. Seks av tusen lodd er svarte på innsida. Kven som helst kan bli ståande att med Svarteper… Det mest bekvemme hadde vore å takka nei til loddet, men då er ein automatisk med i eit anna lotteri der både ein sjølv og familien for evig ville klandra ein for å ha takka nei til det første dersom ein vinn taparloddet i denne omgangen. Alle må gå med loddet sitt i lomma i tre veker før dei får lov til å opna det, og ein blir anbefalt å ikkje tenkja over at det ligg der…

Nå må dei som les ha det klart for seg at dette er følelsesvarianten av spelet. Fornuftsvarianten er heilt annleis, men det hjelper ikkje dersom ein har fått utdelt fantasi og følelsar. Dei vil nesten alltid vinna. Eg har med andre ord prøvd å ikkje vera så oppteken av loddet eg har hatt i lomma, men så lenge det ligg der, er det ikkje så lett. Eg har spurt meg sjølv mange gonger korfor eg blir så heilt meiningslaust nervøs i slike situasjonar, eg har funne ei lang liste med svar, men ingen av dei er vel eigentleg gode nok. Det er vel same typen svar som eg manglar når eg helst vil sleppa å bruka fly og nektar å kjøra bil på motorvegar. Kanskje fordi eg veit litt for godt at det å leva er ein risikosport og at me ikkje har garanti for meir enn det som til ei kvar tid er nåtid.

I Danmark som i Norge er oktober månaden med ekstra fokus på brystkreft og bra er sikkert det. Det er bare det at når ordet brystkreft er det einaste ordet ein absolutt ikkje vil tenkja i løpet av desse tre vekene, så er det litt forstyrrande at alle aviser skriv om det, folk står fram med brystkreft på framsida av alle vekeblad, det er hemmelege signal ein blir oppfordra til å bruka på facebook og alle gårr rundt med desse små rosa sløyfene du helst ikkje vil sjå. Eg veit at eg reagerte omtrent likt på alle kampanjar vedrørande krybbedød då eg hadde nyfødde barn, og akkurat på den tida eg hadde det, var det eit enormt fokus på dette, som heldigvis førde noko veldig bra med seg.

Då me kom heim frå ferien vår, torde eg nesten ikkje å opna postkassa, og i dagane etterpå, venta eg med frykt og beven på postmannen. I går kom brevet. Eg var forsåvidt glad for å sleppa å venta lenger på å få det, men grua forferdeleg for å opna det. Etter ti minutt våga eg, laga ei lita opning i konvolutten og kikka forsiktig ned i han. Heldigvis hadde dei hatt vett til å skriva første setningen med krigstypar: Mammografibileta viste ingen teikn til brystkreft. Utan overdriving så følte eg at eg hadde fått livet i gave, alle scenario hadde vore innom fantasien min dei siste vekene, og eg kjende at alle musklar slappa av. Frå nå av skal eg bli eit godt menneske som er takknemlig for livet, tenkte eg…

Eg veit at dette høyrest heilt sjukt ut, og det er det sikkert og, men sannsynlegvis er det fleire enn meg som kjenner att litt av denne galskapen. Eg innser at mammografiscreening sikkert er godt og fint og klokt, og at det ville vera alt for dyrt å la alle snakka med ein lege etterpå i staden for å venta i to-tre veker. Eg hadde høyrt rykte om at viss dei fann noko verkeleg stygt, så kunne ein få beskjed veldig fort, så eigentleg var eg engsteleg for postmannen allereie etter fire dagar, sjølv om det stod to til tre veker i innkallinga… Og i dag hadde eg eit snev av tilbakefall då eg opna postkassa, såg for meg eit lite brev frå same avsender som innleia med setningen: «Me beklagar så mykje å ha send deg feil svar: …» Då snakka eg til meg sjølv med min strengaste indre stemme og bodskapen var krystallklar: «Skjerp deg Heidi!!!!» Og brevet låg der heldigvis bare i fantasien min.

Sjølvsagt har eg tenkt på at dette innlegget kan vera stein til børa for andre nevrotikarar som har vore på mammografi og går og ventar på prøvesvar. Eg håpar at dette i beste fall kan få dei til å le litt av seg sjølv og trøysta seg med at i akkurat denne forteljinga gjekk det godt til slutt. Eg har lova meg sjølv at neste gong skal eg ikkje bruka eit sekund på å la fantasiane skremma vitet av meg… Og så trøystar eg meg med at i ein del tilfelle så er fantasien ein ressurs. Det er mange ting eg trur eg kan skildra med ei viss innleving fordi eg har opplevd dei på tankeplanet. Kanskje det kan bli ei novelle av dette ein gong…

Er det nokon eg beundrar så er det alle desse som tek livet og sjukdomane på strak arm, og som står der med rak rygg og varmt blikk medan dei blir ramma av både det eine og det andre. Alle desse som tenkjer rasjonelt og ikkje tek sorger på forskot. Slik har eg og tenkt å bli. Minn meg på det når det trengst.

Nå har eg sagt meir enn nok. Eg gir ordet til Hilde Domin, som i fylgje føreordet i boka eg sit med, truleg er den mest lesne poeten i Tyskland i nyare tid. Ho døydde i 2006, nittisju år gammal.

Ord

Ord er modne granateple
de faller til jorden
og åpner seg.
Alt det indre vendes ut,frukten blottstiller sin hemmelighet
legger sine kjerner for dagen,
en ny hemmelighet.

Hilde Domin

*

Ikke bli trett

Ikke bli trett,
men holde hånden
ut mot underet
varsomt
som mot en fugl

Hilde Domin

Dette er då utruleg vakre ord. Ta godt i mot livet, ordet og underet, folkens

Heidi

2 kommentarar
  1. Solveig permalink

    Så godt å lesa dette Heidi- eg kunne godt å skrive det sjøl… Men er ikkje så flink med ord som du er.

  2. Så trygt å vita at det er fleire av oss, Solveig :-).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: