Skip to content

Fjøre sjø

oktober 18, 2013

fjøre sjø ved Rømø

Fjøre sjø på Rømø. Det såg nesten ut som ein kunne vassa til lands. Slik er det i livet og. Nokre gonger bryt brenningane i stormkast, andre gonger er det speilblankt, og i blant er det fjøre sjø og så langgrunt at mest ingenting kjennest ut som det kan stoppa oss. Sidan eg akkurat er friskmeld frå det som i fantasien min kjendest ut som snikande aggressiv brystkreft med spredning etter ei rutinescreening, nei eg er ikkje stolt over å fortelja det, har eg nå fått livets gave og føler at det meste er mogleg. Fordelen med å ha hypokondartendenser er at ein truleg opplever kjensla av å få livet tilbake oftare enn dei med strengt rasjonelle hjernar som ikkje liknar min.

Det er ein vakker oktoberføremiddag. Himmelen er høg og blå, og for eit velsigna ver me har hatt denne hausten. Eg er i ferd med å nyta forfattardagen min og har svigermor sin brune engelske tekopp full av kaffi ved sida av meg. Eg starta dagen med å lesa ut boka med Anna Anchers brev, hovudsakleg stila til kusina Martha, men og med eit og anna brev til andre personar i livet hennar. Det har vore fascinerande å lesa brev ho har skrive heilt sidan ho var ung jente og møtte Michael Ancher som kom til Skagen for å mala. Sidan ho sjølv var flink til å teikna og mala, fekk dei ein spesiell kontakt, det ende med at ho, dottera på Brøndum hotell på Skagen, vart gift med Michael Ancher. Ho fekk og studera kunst ein kort periode, og livet seinare på Skagen arbeidde dei begge som kunstnarar, og kvar sommar var dei det fastbuande tyngdepunktet for den nordiske kunstnarkolonien med Søren Krøyer i sentrum, som samla seg på Skagen kvar sommar for å mala. Gjennom breva hennar fekk lesaren innblikk i eit kvinneliv gjennom mange år, og om korleis ho levde både som ein del av dei gamle fastbuande skagensbebuarane og som ein del av kunstnarmiljøet. Det virka som om ho balanserte dette på ein elegant måte og med stor klokskap.

image

Her er huset der ho og Michael budde og arbeidde. Det er nå museum. Eg tok dette biletet for nøyaktig ei veke sidan. Me var for seint ute til å sleppa inn, det var allereie stengt for dagen, men eg har vore inne minst to gonger før. På ein måte er Skagen litt samanliktbart med Jæren, det er det same lyset, den same høge himmelen og det same store havet. Kanskje det gjer at det er endå lettare å identifisera seg med Anna Ancher, sjølv om ho levde i ei anna tid. Bakerst i boka er det skriven ein kort liten biografi, delvis skriven i samtida hennar, der ho blir heidra som kanskje «den fremste kvindelege kunstner». Om det på den tida var slik at «den fremste kvindelege kunstner» framleis vart vurderte til å liggja langt bak dei «fremste manlige kunstnere», kan ein bare lura på mellom linjene.

Noko som vekte mi interesse var at forfattaren framstilda Anna som harmoniserande. Anna var eit menneske som aldri var uvenn med nokon, ikkje snakka stygt om andre, og alltid ville harmonisera. I striden mellom Krøyer og nokre av vennene hennar, fordi Søren Krøyer hadde svikta ei kvinne på Skagen og gifta seg med Marie Krøyer, prøvde ho seg som diplomat, men så lenge partane var uforsonlege omgjekkes ho begge partar utan å villa velgja side. Ho var og den einaste som framleis behandla Marie Krøyer som ei nær venninne etter at ho hadde svikta den psykisk sjuke Søren og gifta seg med komponisten Hugo Alfven. Forfattaren av biografien meiner at ho låg for lågt i terrenget og ikkje våga dra fram sterke kjensler og skarpe meiningar. Eg las mellom linjene at han meinte ho kanskje ville vore ein større kunstnar om ho ikkje hadde levd heile livet i ei «boble af lykke». Eg stiller spørsmålsteikn ved den tankemåten, i breva skriv ho om å mista gode venner i ulukker og sjukdom. Det som er rett er at bortsett frå i breva frå heilt unge år klagar ho aldri, og trekk alltid fram det lyse og gode når ho skriv brev. Likevel lurer eg på om ein kan dra slutninga at ho «levde i ei boble av lykke og ikkje torde å møta det som var vanskeleg.»  Er det slik at dei som graver seg ned i vanskelege problem og verkeleg må brytast med vonde hendingar og vonde kjensler blir større kunstnarar? Eg stiller bare spørsmålet…  Kan det ikkje vera at nokon kunstnarar har ei oppgåve i å bera fram det stille lyset og det som er fint? Er det slik at det er meir kunstnarisk og autentisk å leva på grensa til galskap på grunn  av indre spenningar, slik mange nok har gjort? I denne samanhangen kan det jo passa å bruka Edvard Munch og Søren Krøyer som eksempel på det siste. Nå skal eg sjå om det let seg gjera å leggja ut eit bilete av Anna Ancher her nedanfor. Dei er verkeleg fine.

Anna_Ancher1

Her er dottera, Helga, i stova heime på Skagen.

Helga ber aftenbønn. Anna Ancher

Her er Helga som ber aftenbøn framfor senga si. Grunnen til at ho kneler på golvet er at ho hadde sett eit bilete eller høyrt ei historie om barn som pleidde å gjera akkurat det, og så ville ho prøva sjølv og.

78108-BILLED-1019

Her er Michael som sit i stova og lurer på om dei nye jaktstøvlane han har kjøpt likevel er for kostbare og dyre, og om ikkje dei gamle kunne ha dugd ei stund til.

anna ancher, mor och barn, olja pa duk, 40 x 32 cm

Og her matar ei fiskarkone barnet sitt. Anna hadde aldri problem med å få folk til å sitja modell sidan dei såg på henne som ei dei hadde kjend frå ho var lita, og ei som høyrde til hos dei.

Sorg Anna Ancher

Dette biletet er spesielt, til Anna Ancher å vera. Den eldste av dei to knelande kvinnene er Ane Ancher, Anna si høgt elska mor, som i alle år dreiv Brøndum hotell. Mora var ei svært from kvinne, og ein del av indremisjonsmiljøet som stod sterkt på Skagen etter fleire vekkelsar. Dei to kvinnene kneler ved ei grav på kyrkjegarden, men er ikkje malt i samband med eit dødsfall i familien. Ein lurer på om kvinna utan klede symboliserer Anna Ancher sjølv, og om biletet handlar om tru. Den gamle kvinna, er i bøn til Gud, har eit opplyst og avklara ansikt og trygge trekk, den yngste er fortvila og finn ingen trøyst i korset. Anna, som var oppdregen av ei sterkt truande mor, levde mellom «moderne kunstnarar» og mange av dei hadde avskaffa alle gudsbegrep, og hadde ein livsførsel som var fjernt frå det som var foreskrive i dansk indremisjon ved forrige århundreskifte. Ein har lurt på om biletet symboliserer ein indre kamp i Anna og det å føla seg naken og ubeskytta utan den sterke himmelske visjonen mora bar med seg. Så vidt eg forstod har ikkje Anna Ancher sjølv kome med ei tolking av biletet, men det skil seg ut frå dei naturrealistiske kvardagsbileta ho vanlegvis malte. Det er eit sterkt bilete i alle fall.

Då eg begynte å skriva i dag, visste eg ikkje at eg skulle leika kunsthistorieforelesar… Som oftast veit eg ikkje heilt kor det ber hen når eg begynner å skriva… Det eg eigentleg hadde tenkt å fokusera på, var eit par dikt av Terje Dragseth, så dei får koma nå, heilt på tampen før eg går vidare med å redigera mi eiga diktsamling. Linken mellom  han og Anna Ancher får vera at han er ein norsk lyrikar som har busett seg i Danmark. Terje Dragseth er fødd i Kristiansand i 1955, og han blir kalt ein moderne kjærleikspoet. Dikta er henta frå samlinga «Du», som er ei samling dikt i utval frå ulike samlingar.

Morgenlyset la seg stille på karmen.
Vokste inn i værelset.
Tingene lukket seg.

Slik blomstene lukker seg i skumringen.

Jeg lå stille.
Mens frykt forlot meg.
Mens dag kom sterkt, påtrengende.

Inntil jeg igjen kunne puste.

Terje Dragseth

*


er en setning
forvandler dagen.

Nå er alt jeg ser
Nå er alt jeg er.


er hjulethimmelen
inne og ute
vannrett
loddrett


er senter
for alt som flyter og finnes.


er umulig
som tilstand og metthet
nå er umulig.


er dette
og ikke mer.

Terje Dragseth

*

Og heilt til slutt eit sommardikt. Med litt velvilje kan me kanskje avslutta sommaren sånn ca i dag?

Ta ditt sommerbrune barn
og din slanke hals med
jeg kommer.

Det er spurv og svaner og manna
i den tunge luften.

Ta ditt barn med
og den
runde ringen
vi danser i
.

Sitt med med din solbrente hals
la meg kysse ditt barn
og din smilende munn
mens det ennå er sommer.

Terje Dragseth

 

image

Eg grip meg i å lengta litt etter at det skal vera sommar, og lengta litt tilbake til den fantastiske haustferien i Danmark saman med Leif. Men nå er hausten, nå er oktober, og sola skin så fint på dei gule blada som framleis heng fast på bjørketreet utanfor vindauget.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: